Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2095_veteranarheldpustenfforum_2095_veteranarheldpustenfhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9633PÅ BESØK: USAs president Donald Trump besøker Storbritannia frå måndag til onsdag og Frankrike på torsdag. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix/forum-media/PubImages/tdc3a64e.jpgPÅ BESØK: USAs president Donald Trump besøker Storbritannia frå måndag til onsdag og Frankrike på torsdag. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix

Veteranar held pusten før minnemarkering med Trump

Dei høgtidelege markeringane av 75-årsdagen for D-dagen kan bli ei ubehageleg påminning om kor anstrengt forholdet til USA har vorte under Donald Trump.

Den amerikanske presidenten deltar denne veka på minnemarkeringar både i Portsmouth på den engelske sørkysten og i Normandie i Frankrike. 

D-dagen var eit avgjerande vendepunkt under andre verdskrigen, og meir enn 9.000 amerikanarar ofra livet i operasjonen. 

Minneseremoniane etter D-dagen er derfor vanlegvis eit høve til å markere dei sterke og varige vennskapsbanda mellom Europa og USA. 

Men i dag har Trump sett dette vennskapet under press.

 

 

forum_2095_veteranarheldpustenfforum_2095_veteranarheldpustenfhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9634KORS: Kvite kors på den amerikanske gravplassen i Colleville-sur-Mer i Normandie i Frankrike. Foto: David Vincent / AP / NTB scanpix/forum-media/PubImages/tdc3bba8.jpgKORS: Kvite kors på den amerikanske gravplassen i Colleville-sur-Mer i Normandie i Frankrike. Foto: David Vincent / AP / NTB scanpix

Bekymring 

Det skaper bekymring blant veteranar, som fryktar at dei politiske spenningane mellom Trump og europeiske leiarar skal overskygge 75-årsdagen.

– Det er uheldig at vi i det heile må bekymre oss for at denne historiske minnemarkeringa kan bli i overkant politisert. Men slik er klimaet han har skapt, seier Paul Rieckhoff, grunnleggar av den amerikanske gruppa Iraq and Afghanistan Veterans of America. 

– Ein sender den presidenten ein har, konstaterer han. 

– Og dette er presidenten vi har. Så vi held med rette pusten før ei hending som denne, seier Rieckhoff. 

Solberg deltar

Markeringane byrjar i Portsmouth på den engelske sørkysten onsdag 5. juni.

Der vil fleire hundre veteranar vere til stades saman med dronning Elizabeth og stats- og regjeringssjefar frå eit tital land for å vere til stades ved kanonsalutt og overflygingar.

Også statsminister Erna Solberg (H) skal delta.

Dagen etter, på sjølve D-dagen, held markeringane fram i Normandie. Der vil forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) vere til stades. 

Fire dagar 

Trump kjem til Storbritannia allereie måndag og blir i landet tre dagar til ende på offisielt statsbesøk.

Under besøket blir det mellom anna arrangert statsbankett på Buckingham Palace til ære for gjesten, og Trump vil òg halde eit møte i 10 Downing Street med avtroppande statsminister Theresa May.

Så kryssar han kanalen for å møte Frankrikes president Emmanuel Macron og delta på markeringane i Normandie, der dei to mellom anna skal besøkje den amerikanske gravplassen saman.

Konfliktsaker 

Under besøket har Trump ei rekke konfliktar å diskutere med europearane.

Presidenten har skapt alvorleg bekymring med utsegnene sine om Nato, som har sådd tvil om viljen til å komme europeiske allierte til unnsetning.

I tillegg har Trump innført ekstratoll på stål og aluminium, trua med ny toll på europeiske bilar og bildelar, trekt seg frå atomavtalen med Iran og gjort det klart at USA òg vil trekke seg frå klimaavtalen frå Paris.

Samtidig opplever USA solid økonomisk vekst og rekordlåg arbeidsløyse, og europeiske diplomatar og politikarar har allereie byrja å stålsetje seg for at Trump kan bli gjenvald til fire nye år.

Publisert 3. juni 2019 08:48.. Sist oppdatert 3. juni 2019 14:54.