Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_1585_tyrkiassterkemann–reforum_1585_tyrkiassterkemann–rehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8640Leiaren: Boka til VG-journalist Nils Johnsen om Tyrkias leiar er godt handverk, skriv vår bokmeldar Asgeir Ueland (Foto: Umit Bektas/Scanpix). /forum-media/PubImages/ERDOGAN NETT.jpgLeiaren: Boka til VG-journalist Nils Johnsen om Tyrkias leiar er godt handverk, skriv vår bokmeldar Asgeir Ueland (Foto: Umit Bektas/Scanpix).

Tyrkias sterke mann – Recep Tayyip Erdogan

Den tidlegare Midtusten-korrespondenten til VG har gjort ein god jobb med å skildre korleis Erdogan kom til makta og har styrka den, skriv vår bokmeldar.
Bokomslag

Anmeldelse

"Til Nilas Johnsen, vel heime i Noreg, kan ein berre seie godt gjort på den måten ein gjer i byen kor ein vel mellom Europa og Asia - çok iyi (Godt jobbet)! "

​Istanbul er ein utfordrande by. Den gjer deg to alternativ: Anten er det slutten på Europa eller byrjinga på Asia. Men så lenge du held deg der er du ikkje tvungen til å ta eit val. Det er fyrst i Anatolias høgland du har valt vegen vidare. I byen med dei to andlet er du framleis på trygg grunn. Du går i skuggen av tapte imperium. Ser runer rissa inn i marmoren. Minnes det heimslege namnet Miklagard frå Snorre. Det er ein by det er lett å slite sko i. Ein av ei få stader i verda kor laushundane går med halen bokstaveleg tala mellom beina. Om ein har opphalde seg her ei tid, og sett dresskledde mannfolk drikka raki og synga folkesongar frå Anatolia så tårene triller på bakgatekaféar attom Istiklal Caddesi (Sjølvstendegata), så er du på mange måtar brennmerka for livet. 

Det ligg eit hint heilt på slutten av boka til den tidlegare Midtausten-korrespondenten til VG, Nilas Johnsen, om at han òg vart merka av opplevingane i dette området kor han budde. Diverre måtte han la det fara av di boka har eit anna mål – å teikne eit bilete av Erdogan og hans Tyrkia. Men boka og nokre av namna i den mana fram nokre gamle minne, og i fare for å verte eten opp av nostalgi, må ein få dei ut av systemet før ein kan gå til verket med brillene på nasen.

Naudsynt bok

Det ligg ikkje nokon naturleg spaningskurve i å slå fast at dette er ei god bok. Samstundes er det ei naudsynt bok. Tar ein eit kjapt søk på «Tyrkia» i bokhylla.no dukkar det opp nokre falma guidebøker og nokre andre med framsider så grå at ein knapt vågar å opne dei. Det mangla ei bok om Tyrkia for allmugen på norsk, men det er ikkje lengre tilfellet. Alle som vil vita noko om utviklinga i landet dei siste tjue åra har no ein stad å byrja, og det skal både Johnsen og Aschehoug ha takk for.Boka av VG-journalist Nilas Johnsen er på 399 sider, og ble ugitt i 2019 (Foto: Aschehoug). 

Boka sin raude tråd er eit portrett av korleis Tyrkias president kom til makta, og har klart å stadig karre til seg meir makt. Samstundes er det òg eit litt større lerret som handlar om utviklinga i landet, deira forhold til nabolanda, regionen, Europa og EU. Johnsen klarar på ein god måte å tikka av dei fleste boksane som har vore av betydning dei siste tjue åra. Fleire gonger tok eg meg sjølv i å tenke at her manglar det og hint, for så å finna det som mangla i eit seinare kapittel.  

Noko gjer han gjennom ei delvis resirkulering av gamle reportasjar (i høve notane bak), medan han i andre høve dreg inn naudsynt støttelitteratur, rapportar og andre oppslag i media. Stilen er stødig avisnorsk, utan særlege språklege eksperiment, jamvel om det av og til hadde vore rom for det. Men forma, som i røynda er ein lang-lang reportasje, fungerer ganske godt.


Vegopnaren

I rapporteringa i boka tykkjer eg Johnsen har gjort eit godt arbeid og handverk. Han har stort sett fanga opp det viktigaste av ting som har vore med å føre Erdogan dit han er i dag. Ein av få ting eg saknar i den delen er Turgut Özal, tidlegare statsminister og president, som på mange måtar brøyta vegen for islam i eit land om vart oppfatta som det sekulære unnataket blant dei sunnimuslimske landa i Midtausten. Dette unnataket var fruktene av eit topp-ned arbeid sett i gang av landsfaderen Mustafa Kemal, som vart kjend som Atatürk. 

Johnsen har landa på at Erdogan er ein nasjonalistisk populist. Ikkje ulikt Putin eller Trump. 

Den store debatten som rår no er om Erdogan no reverserer landet attende til islam, og i kor stor grad islam speler ei rolle i presidentens verdssyn.

Johnsen har landa på at Erdogan er ein nasjonalistisk populist. Ikkje ulikt Putin eller Trump. Her må eg sei meg usamd i analysen av di Erdogans ord og retorikk auser næring frå islam. Han har gjort islam synleg i Tyrkia, og har som Johnsen peikar på strekt ut handa til muslimske land rundt i regionen. At han søker å få ei dominerande rolle i den sunnimuslimske verda verkar klårt, og førebels står kampen mellom han og Saudi-Arabia. Samstundes har han òg lagt føringar i utdanningssystemet etter eit mønster som er velkjend blant andre islamske organisasjonar. Men, og det er viktig, det er framleis statlege institusjonar som til dømes godkjenner giftarmål og ikkje imamar. Hans omfamning av det muslimske brorskapet (som er jaga vekk i den gamle basen i Egypt) er ei interessant utvikling. Personleg trur eg på ei auka islamsk innflyting i åra som kjem, men det er islam med eit tyrkisk andlet og tyrkarar har vore pragmatiske i ganske mange hundre år på det religiøse feltet. Dette handlar sjølvsagt om framtida så verken Johnsen eller eg kan gjere anna enn å spå. Men etter mitt syn har Erdogan lagt føringar som syner langsiktig tenking òg på det religiøse feltet.


Avtalar på bakrommet

Ei anna side som er under utvikling er stoda i Syria og spørsmålet om ei tryggleikssone nord i Syria, som hovudsakleg handlar om å halde kurdarane ute, og gje trygging til dei syriske sunnimuslimane som står att som taparar i borgarkrigen. Det er umogleg å fange opp kva som vert utfallet, men Johnsen gjer ei god oppsummering om utviklinga så langt, så langt kjeldene held, òg om den noko skoddedekte oljehandelen med IS.

Han skriv òg rett om at forholdet til Israel har endra seg under Erdogan, men i Midtausten er det som skjer offentleg ikkje naudsynt det som skjer på bakrommet. Jamvel om skuldingane har hagla mellom Ankara og Jerusalem, har samhandelen auka med omtrent tri gongen i løpet av åra som Erdogan har hatt makta, «business as usual», som dei seier på bokmål.

For lekmannen, som er målgruppa for denne boka, er desse småtinga ikkje så viktige. Me skal glede oss over at det endeleg har kome ei bok som kan gjere oss litt klokare på ein av Midaustens store spelarar i dag. Ein del av desse reportar vender heim bøkene kan vere ei samling klisjéar, men Nilas Johnsen har lagt arbeid i dette og har freista, under sensuren han har jobba under, å få det beste ut av åra i Istanbul. Ein liten ting er saknar er røystene frå dei liberale badebyane i sør, men då står ein i fare for å treffe nordmenn på tur og hamne i Mallorca-modus.  Det hadde òg vore interessant å utvide EU-spørsmålet litt. Nytta Erdogan det som brekkjarn for å få ting inn i si gate?

Orwell-augneblikket

Det er mot slutten av boka ein augneblink der Johnsen får handhelsa på Erdogan, og vert fanga inn av karismaen hans, det kunne vore ein god stad å slutta som ein parallell til Winston Smith i slutten av 1984 til Orwell – kor han elska storebror. Johnsen er ikkje der, men føler at leiaren fører Tyrkia på feil spor. Han gjer mange døme under vegs, og ser retteleg kuppet og dei påfølgande utreinskingane som eit stort vendepunkt. Men spekulasjonar, rykte og årsaker finn ein best ut om ein tar seg tid til å lese boka. Og meiningane om presidenten vil nok verte forma av korleis ein ser utviklinga i regionen. 

Me skal glede oss over at det endeleg har kome ei bok som kan gjere oss litt klokare på ein av Midaustens store spelarar i dag. 

 Frå ein realistisk ståstad er Erdogan, saman med Iran, Israel og Saudi-Arabia dei store lokale spelarane i Midtausten no. Alternativa ser ut til å vere mellom bart og skjegg, kor Erdogan er på bartesida. Når den tyrkiske republikken nærmar seg 100 år (2023) ser det ut som den har snudd nærast 180 grader og søkt attende til tida før, det osmanske imperiet. Hovudsetet den gong var Istanbul, ein by som tydeleg har brennmerka Johnsen. At landet og byen ikkje er det same som før Erdogan kjem tydeleg fram, men vonleg kan ein framleis høyre dei dresskledde mennene synga så tårene trillar om tapt kjærleik i Anatolia i framtida òg. Til Nilas Johnsen, vel heime i Noreg, kan ein berre seie godt gjort på den måten ein gjer i byen kor ein vel mellom Europa og Asia - çok iyi!

Publisert 11. februar 2019 11:02.. Sist oppdatert 11. februar 2019 14:09.