Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_1388_stortingspresidenttoforum_1388_stortingspresidenttohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8425MINNES: I ei av trappene på Stortinget blir politikarar og stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen minte om dei mange som har gitt livet sitt for fridom og demokrati./forum-media/PubImages/_DSC9017.jpgMINNES: I ei av trappene på Stortinget blir politikarar og stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen minte om dei mange som har gitt livet sitt for fridom og demokrati.

– Ta aldri demokratiet for gitt

Det er snøgt gjort å gløyme kor sårbar fridomen vår er, meiner stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen.

– 9. april 1940 var mor mi elleve år gamal. Ho gjekk ut døra på Vålerenga i Oslo for å gå til skolen som normalt. På vegen møtte ho storebroren som akkurat hadde kome frå nattevakt ved Oslo Sporveier. Han fortalde henne: «Du kan ikkje gå på skolen i dag. Det er krig», fortel Tone Trøen.

– Eg tenkjer at det er snøgt gjort å gløyme kor sårbar fridomen vår er. Det blir enda viktigare når mange i generasjonen som opplevde krigen, har gått bort. Derfor er det veldig viktig å formidle vidare kor viktig demokrati, sjølstende og fridom er til barn og unge. Det er ei av hjartesakene mine, seier stortingspresidenten.

Kongen

I mars 2018 tok Høgre-politikaren over embetet etter Olemic Thommessen. Med på lasset fekk ho kostnadsoverskridingane i samband med rehabilitering av lokala til Stortinget. Likevel var avgjerda enkel etter at familien hadde blitt rådført.

– Dei gav meg full støtte. Ein av føremonene er jo at familien bur ganske nær på Eidsvoll. Eg har ein son på 18 som framleis bur heime. Og eg sluttar ikkje å smøre matpakkene hans sjølv om eg har blitt stortingspresident, seier ho med eit smil.

Frå det rommelege kontoret på Stortinget ser ho rett over til Slottet øvst i Karl Johans gate. Ut frå den formelle rangeringa av de øvste embeta i Noreg er Trøen nummer to. Det tar ho tilsynelatande med stor ro.

– Mange er opptekne av akkurat dette, særleg barn. Vi har om lag 20 000 barn og ungdom innom Stortinget kvart år. Eg ser på det som ein fin måte å fortelje om det politiske systemet i Noreg på. Eg representerer alle oss 169 folkevalde. Og sidan det ikkje er plass til alle stortingsrepresentantane i éin stol, så blir det eg som sit i han når Stortinget skal være til stade ved offisielle anledninger. 

 

 

forum_1388_stortingspresidenttoforum_1388_stortingspresidenttohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8426PRESIDENT: Tone Trøen tok over som Stortingspresident etter Olemic Thommessen mars 2018./forum-media/PubImages/_DSC9022.jpgPRESIDENT: Tone Trøen tok over som Stortingspresident etter Olemic Thommessen mars 2018.

Forsvarsparti

Ho er fødd i Bærum, men oppvaksen i Nes kommune, Akershus. Som ung var ho aktiv innan idrett. Det vart hennar inngang til politikken.

– Eg utdanna meg til friidrettstrenar og var oppteken av høvet til å drive idrett og andre fritidsaktivitetar. Politikken blei ein naturleg måte å påverke ting i nærmiljøet på. Eg var varamedlem i Nes kommunestyre frå 1987 og berre 21 år gamal da eg blei vald inn, fortel Trøen.

– Var det naturleg for deg å velje partiet Høgre?

– For meg var det eit naturlig val. Men ikkje for alle andre i slekta. Den delen av familien som er frå Vålerenga heller nok meir mot Arbeiderpartiet politisk. Noen familiemedlemmer lurte nok på kva som skjedde, ler ho.

Verneplikt

Ho blei stortingsrepresentant i 2013. Året etter var Trøen med på å endre lova slik
at verneplikta vart kjønnsnøytral. Dermed blei Noreg det første Nato-landet til å kalle inn gutar og jenter til førstegongsteneste.

– Det var ei historisk storhending og ein av dei dagane eg hugsar best som politikar. Nå kan Forsvaret velje mellom dei mest motiverte av begge kjønn, fortel ho.

Sjølv har ho tre søner i alderen 18 til 29 år. Ingen av dei har vore i Forsvaret.

– Men faren min var gardist og var svært stolt av det, legg ho til.

– Det viktigaste er å få inn dei som er mest motiverte. Nå har Forsvaret nesten dobbelt så mange å velje blant kvart år. 

 

 

forum_1388_stortingspresidenttoforum_1388_stortingspresidenttohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8427FORSVARET: Gjennom sitt virke som stortingspresident kjem ho i kontakt med Forsvaret. /forum-media/PubImages/_DSC8978.jpgFORSVARET: Gjennom sitt virke som stortingspresident kjem ho i kontakt med Forsvaret.

Øving

Trøen meiner at den viktigaste oppgåva til staten er å syte for tryggleiken til innbyggarane.

– Eg er utdanna sjukepleiar og veit kor viktig det er å trene på sjølv det utenkjelege. Det er jo øvinga Trident Juncture eit godt døme på. Det er viktig å øve saman med våre nærmaste allierte slik at det fungerer dersom det verst tenkjelege skulle skje, seier Trøen.

Gjennom sitt virke som stortingspresident kjem ho i kontakt med Forsvaret. Under frigjeringsdagen 8. mai heldt Trøen tale og la ned krans ved rettarstaden på Akershus festning. Ho deltok også på Forsvarets minnedag 4. november.

– På desse arrangementa møter eg mange veteranar, både unge og gamle. Eg har stor respekt og er dypt takksam over innsatsen til alle som har tenestegjort eller som jobbar i Forsvaret.

Påminning

I trappa i Stortinget er det ein minnestad for alle som har mista livet under militære oppdrag i teneste for Noreg. Der er også ei bok med namna på alle norske sjøfolk som mista livet under første verdskrigen. Noreg var nøytralt, men hadde ein stor handelsflåte som vart råka.

– Nesten 900 skip blei søkkte, og om lag 2000 norske sjøfolk mista livet. Det er ei sterk påminning å bla i boka. Det viser dei menneskelege kostnadene og offera som er gjort på våre vegner, fortel Trøen.

Utanfor vindauget ser ho rett ut mot den store julemarknaden i Spikersuppa. Litt lenger oppe i gata står ein statue av Gunnar Sønsteby. Der stod han med sykkelen og såg tyskarane marsjere under invasjonen 9. april 1940. Mora til stortingspresidenten reiste inn til Karl Johan i mai 1945 for å ta del i feiringa etter den tyske kapitulasjonen.

– Det gjer meg framleis litt rørt å tenkje på. Ta aldri demokratiet for gitt, seier Trøen. 

Tone Wilhelmsen Trøen (52)
Gift, tre barn.
Frå Haga i Nes kommune, busett på Eidsvoll.
Utdanna sjukepleiar.
Vald inn på Stortinget frå Akershus i 2013.
Tok over som stortingspresident 15. mars 2018. 


Publisert 18. desember 2018 09:53.. Sist oppdatert 19. desember 2018 13:43.