Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_1013_soldatanevilhaølileiforum_1013_soldatanevilhaølileihttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=6541Soldatanes landskonferanse vert berre arrangert annakvart år. Bildet er frå landskonferansen på Kjevik i 2014. /forum-media/PubImages/lk 2014 1.jpg

Soldatane vil prøve øl i leir

På soldatanes landskonferanse i Kirkenes blir ølservering igjen eit tema.

120 soldattillitsvalde og representantar for administrasjonen skal den første veka i juni vedta arbeidsprogram for to nye år for Tillitsvalgtordninga (TVO). No er det landskonferanse berre annakvart år, og dermed skal kursen settast for to år framover. Når formøte og besøk på ein grensestasjon er unnagjort, gyv landskonferansen laus på det nye vernepliktsprogrammet som det nye landsstyret skal styre etter.

Korta ned. Landstillitsvalde vert valde til Vernepliktsrådet på vårparten. Rådet består av soldatar som er meir eller mindre ferdige med verneplikta og vert lønte som verva for å vere talsmenn for soldatane i inntil tre år. Dei fungerer som sekretariat for det noko større landsstyret som består av vernepliktige og administrasjon, og som møtest fire gongar i året.

Ein tredel av landskonferansen består av administrativt valt personell frå avdelingane, altså forsvarstilsette. Dei fungerer nærast som ein sparringpartnar for å sjå kva som kan vere realistisk av dei forslaga dei vernepliktige kjem med.

– Konferansen er i år korta ned med ein dag – etter ynskje frå landsstyret. Statssekretær Tone Skogen opnar konferansen tysdag morgon 5. juni på velferdsbygget på GSV, og så rundast han av på torsdag ved lunsjtider. Det kjem fleire gjestar, som sjefen for Luftforsvaret, sjef for Forsvarsstaben og nokre nordiske gjestar, seier Knut Ringen som er sjef for TVO.

Fleire saker. TVO har laga eit arbeidsprogram med tittelen «Soldaten tilbake i sentrum». Her vert det peika på at forholda for dei vernepliktige er sette under press, og no vil TVO ta opp tydinga av ein meiningsfylt kvardag, rettferdig forvaltning og eit trygt arbeidsmiljø. Stikkord frå vernepliktsprogrammet er auka kostøre, livssynsopne seremonirom i kvar leir, minst to timar fysisk trening i veka, styrkt velferd, grunnleggjande soldatutdanning med god repetisjon også for dei i støttefunksjonar, fleire tilleggspoeng for gjennomført førstegongsteneste og betre sivile utdanningstilbod og karriererettleiing.

TVO tar også til orde for standardisering av stillingsbeskrivingar og elektronisk forvaltningssystem, slik at arbeidstida kan registrerast. Førstegongsteneste ut over tolv månader må vere friviljug.

Øl. Ei gamal sak kjem igjen på kartet, nemleg ønsket om servering av øl:

– Vi ser for oss ei prøveordning med sal av øl i leir. Denne saka har vore diskutert ein del i landsstyret, og det er nok fleire syn på spørsmålet, men dei seinare åra har fleire av soldatane blitt samde i innstillinga om å tillate servering som ei prøveordning. Vi meiner ei avgrensa og kontrollert servering er noko tida no er moden for å forsøke, seier landstillitsvald Jens Kristian Øvstebø.

Vi meiner ei avgrensa og kontrollert servering er noko tida no er moden for å forsøke

Kasernestandard, rabatt på buss og tog og betre internett er elles blant sakene TVO jobbar med, og dei ynskjer Forsvaret vekk frå å vere ein rekrutteringsarena for snusbruk. Dei held fram med jobbinga mot seksuelle krenkingar, og TVO meiner kjønnsblanda rom må bli standard i alle avdelingar. Og dei vil ha betre sesjonsrutinar for å unngå unødvendig dimittering.

Publisert 1. juni 2018 13:38.. Sist oppdatert 1. juni 2018 14:10.