Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2278_sogerfråeitspesialstforum_2278_sogerfråeitspesialsthttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9895Admiralen. Pensjonert admiral William McRaven er aktuell med boken «Sea Stories: My Life In Special Operations» (Foto: Reuters via NTB Scanpix)/forum-media/PubImages/Willam McRaven pensjonert admiral USA.jpgAdmiralen. Pensjonert admiral William McRaven er aktuell med boken «Sea Stories: My Life In Special Operations» (Foto: Reuters via NTB Scanpix)

Soger frå eit spesialstyrkeliv

Den nye boka til admiral William McRaven har visse litterære kvalitetar og er interessant, men samstundes dukkar han unna dei store spørsmåla.
Bokomslag

Anmeldelse

"Den nye boka til Admiral McRaven har visse litterære kvalitetar og er interessant, men samstundes dukkar han unna dei store spørsmåla. "

Det finst nokre glitrande militærmemorarar der ute. Fleire er skrivne av folk med lågare offisersgrad, medan andre er skrivne av generalar. Robert Graves «Good-Bye to All That» og «Intet nytt frå Vestfronten» av Remarque er to klassikarar frå fyrste verdskrigen. George MacDonald Fraser skreiv ei glitrande bok om Burma i 2. verdskrig, og det gjorde òg general Bill Slim. Boka til General Ulysses Grant frå den amerikanske borgarkrigen er framleis ei av dei beste militære memoarar.

I våre dagar har dei fleste bøkene om Den lange krigen, eller verda etter 11. september, som er verdt å lesa stort sett blitt skrivne av journalistar. Eit unnatak i vår tid er boka til general Stanley McChrystal – «My Share of the Task», som er overraskande open og informativ. Noko av «driven» hans har nok å gjere med at det er eit forsvarsskrift, men den gjer likevel innsikt og går lengre enn mange andre bøker på feltet. I Noreg er det få memoarar om krig som kjem høgt opp på lista. Jamvel om det med åra er ein heil del folk frå Kompani Linge som skreiv memoarar, er det ingen av dei som står opp som litterære meisterverk. Så langt har det heller ikkje kome nokre gode soger frå Afghanistan heller. 

Det siste kan ha noko med tid å gjere. Ein treng oftast eit 15-20 års filter før ein kan sjå klart kva ein var med på. Utanom det treng ein eit visst litterært talent. Og det er ikkje gitt at ein god SOF-ar er ein god poet.

Litterært talent

Admiral McRaven, som tilsynelatande har skrive denne boka sjølv, viser i memoarane «Sea Stories» eit visst litterært talent innanfor novellesjangeren. Boka har 18 kapittel som står på eigne bein og kan lesast uavhengig av kvarandre. Sea Stories. A Life in Special Operations er utgitt av Grand Central Publishing er 338 sider (Foto: Grand Central Publishing). Tittelen speglar maritime soger som vert fortald på sjøen, med skilnaden om at brorparten av boka handlar om livet hans i Navy Seals og som leiar for spesialstyrkane. Det er ikkje overraskande at den beste soga kjem til slutt – Operasjon Neptune's Spear som var operasjonen som førte til at bin Laden blei tatt.

Dei beste sogene er ikkje dei som omhandlar tida etter 11. september, men dei som handlar om tida før. Reint litterært er dei særs gode stubbar som er godt skrivne og som har eit overraskande poeng. Mange av dei er òg ukjende, men det er nok av tragediar, spaning og overraskande avsluttingar til at det vert god lesing. Denne meldaren vart litt imponert av nett det. Den andre bolken som er nærare kjende ting er mindre god. Delvis av di mykje er kjend, og delvis av di det er soger som endar med suksess. Her er McRaven meir atterhalden, og mister samstundes litt av det littære talentet som han har i starten. Men om ein ikkje har hatt radaren skrudd på i det som har skjedd frå Abbottabad til kysten av Somalia dei siste tiåra er det nok ein del ting som vil vere nytt for ein. For dei som har det, er det kanskje ikkje så mykje nytt å hente i denne boka sin siste del.

Ros til veteranar

Det leier til spørsmålet om kven denne boka er mynta på. Med stilen som McRaven har lagt opp tenker eg at dette er ei bok for lekfolket. Dei som ikkje har linjene i det som har skjedd dei siste tjue åra. Samt dei som liker soger om spesialstyrkar. Det at boka kom rett før sommaren, gjer nok at ein tenker at forlaget ser det som ei lett feriebok, som kan lesast på stranda. At boka alt er inne på bestseljarlista til New York Times vitnar òg om ein viss appell.

For ein Seal er det ikkje gjeve at ein talar varmt om Green Berets, men det manglar ikkje ros av dei grøne hos admiralen.


Skal ein framheve noko interessant er det nok det som kjem i delar av kapitla om Den lange krigen. At SOF-arar søker krig og action og ber med seg ein tradisjon som går attende til det gamle Hellas. «Tøffe menn som måtte utøve vald for å betre verda», som han skriv. McRaven reflekterer rundt spørsmålet om offervilje for nasjonen, som ikkje er sjølvsagt i sjølvrealiseringas era. Tankane rundt dette er mogleg fjernt for ein norsk lesar. Kor ein lenge prøvde å dyssa ned relativt banale ting som at spesialstyrkane fekk ein orden av president Bush for Operasjon Anaconda. Men det er nett i desse små innhogga at McRaven skriv noko om alvoret dei siste tiåra. Alvoret kjem òg fram i kapitla om veteranar som har fått store skadar i den pågåande konflikten. Han syner omsut, og generelt verkar det som han framsnakkar sine menn og set dei i positivt lys. For ein «Seal» er det ikkje gjeve at ein talar varmt om Green Berets, men det manglar ikkje ros av dei grøne hos admiralen.

Karavanen rullar vidare

Det eg saknar mest i denne boka er noko om kor me står i dag samanlikna med 2001. Har spesialstyrkane lukkast i å redusere nærværet av radikal islam? Korleis ser han framtida i Afghanistan? Kva med arbeidet med spesialstyrkenettverk han har vore så kjend for? Koss ser han muteringa av al-Qaida til andre område og kva med Iran? Korleis har politikarane styrt dei siste åra? Alt dette blir McRaven taus om. Ein mann som sat i fleire år som leiar av spesialstyrkane og som nyleg har vorte urettvist kritisert av Trump, er ganske tilbakehalden på mange felt. McCrystal var mykje meir på ballen i dei store spørsmåla, mens McRaven tonar ned. Kanskje er det av di admiralen ikkje har nokre einsidige svar på kvar me er på veg? Kor lenge denne lange krigen kjem til å vara.

Den var grei nok der og då, men ein lærer ikkje så mykje nytt i sommarværet 2019.

Sjøsogene er greie nok. Men dei er ikkje meir enn sjøsoger, kanskje sett vekk frå ein ting i at han namngjev Rob O'Niell som han som skaut bin Laden. O'Niell har hausta mykje kritikk frå sine eigne av di han gjekk ut med soga si, men det verkar som at McRaven tilgir han for det.  Ein les boka. Lukker den att. Den var grei nok der og då, men ein lærer ikkje så mykje nytt i sommarværet 2019.

Soger rundt leirbålet

Og medan ein lukker att boka så tenker ein på at verda framleis brenn frå fjella i Marokko til den kinesiske grensa. Og at konflikten som byrja for snart 20 år sidan framleis ikkje har nokon ende i sikte.  Mellombels fortel gamle admiralar og generalar soger rundt leirbålet. Dei gamle klassiske militærmemoarane hadde fordelen med at dei skreiv om konfliktar som var over. McRaven si bok er ikkje anna enn ein milepåle langs ruta. Ruta kor karavanen rullar vidare medan hundane gøyr i mørkna.  

Publisert 5. juli 2019 13:13.. Sist oppdatert 5. juli 2019 13:35.