Simsalabim!

Store matmesser kan faktisk trylle med mat.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Rena leir har ifølgje Hæren den største matmessa i Noreg. Her kan så mange som 4000-6000 ete sine tre måltid kvar dag, vel å merke når det er storøvingar. Til dagleg ligg besøket på 300 til 800, avhengig av aktiviteten.


Bra innhald. Når Messetoppen er innom, tryllar kjøkenet med matretten Kylling Tikka Masala. For det handlar ikkje berre om tilhøyr, reinhald, trivsel og lunsjtilbodet. Det handlar også om maten faktisk smakar godt. Og det gjer han på Rena. 

Kylling Tikka Masala får vi håpe er inne på den nivekers rullande menyen i matmessa, for den sat som eit skott. Forutan trylling og smakssetjing med kvitlauk, chilli, hakka tomat og kokosmjølk (!) var det rikeleg med lauk og paprika som gjorde dette måltidet til ein innertiar – eller i målestokken til Messetoppen – til toppscore og fem tallerkenar. 

Tilhøyr som ris, nan-brød og god salat var naturlege følgjesvener til retten. Hovudretten fekk vi avslutta med opptint kake, sitronsorbé eller med ispinne.

Er til stades. Da vi tidlegare på dagen har kost oss med innhald frå den fantastiske salatbaren i messa med 16 (!) forskjellige tilhøyr, sett at reinhaldet undervegs er ei prioritert oppgåve og snakka med ein herleg gjeng kokkar og lærlingar, skjønner vi at kjøkenet på Rena faktisk klarer å trylle med det dei ressursane dei har. 

Noko Rena også scorar på, er at kjøkenpersonalet prioriterer å vere til stades mellom matbakkane og borda når maten vert servert og eten. Det gjer at tilbakemeldingane kjem beinveges, dialogen mellom gjesten og kjøkenet blir direkte og open, og ein får eit forhold til dei som kvar dag står på for deg og maten din. Slikt kan ikkje verte anna enn bra.

PS: Kaffemaskinen i sjølve matmessa bør skrotast. Den smakte asfaltsyre!



Kjøkkensjefen: 

Laila Synnøve Gottenborg (58) er fungerande kjøkkensjef og stortrivst i jobben. Med bakgrunn frå restaurant- og kokkefaget, barar og serveringsstader i Midtausten og snart 20 år i Forsvaret, fortel ho at ho trivst på Rena.

– Vi får til mykje bra på Rena. Det som skuffar meg, er standarden nokre andre stader i Forsvaret. Eg har ete på andre messer rundt om, og det er veldig variabelt kva dei ulike messene presterer. Fleire er ikkje er i nærleiken av det vi får til, seier Gottenborg.

Sjølv skryter ho av Renas eigen heimelaga fiskegrateng som dei etande faktisk etterlyser innimellom.

– Løyndomen vår er den kvite sausen, smaken, konsistensen og gratineringa av brødrasp. Og fisken i gratengen er ikkje berre most opp, det er skikkelge fiskestykke, fortel ho.

Det er 19 tilsette og fem lærlingar på kjøkenet på Rena. Gottenborg vedgår at dei gjerne skulle laga enda meir mat frå botnen av, men dei freistar så godt dei kan likevel. Blant anna ligg dei gjerne i forkant ein dag eller to med dagens matrett.

– Er vi i forkant, får vi litt meir pusterom til å gjere noko ekstra. Det gjer at maten blir betre, meiner ho.

Dei har konsentrert seg om å servere mykje lyst kjøt til hovudretten og at salatbaren skal vere langt over hotellstandard. Og så har dei nokre fastpunkt:

– Blant anna held vi sterkt på eggerøre, bacon og bønner på onsdagsfrukosten. Det er veldig populært, seier Gottenborg.



Powered by Labrador CMS