Nyheter:

Hans Petter Karlsen (57) frå Fredrikstad leiar Renovasjonsetaten i Oslo. Han er tidlegare offiser i Hæren.

Ryddeguten

Leiarutdanninga i Forsvaret kjem godt med når Hans Petter Karlsen skal rydde i renovasjonsetaten i Oslo.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

57-åringen brettar opp ermene og vedgår at leiarutdanninga frå Forsvaret er noko han har stor nytte av.

– Vi har utan tvil eit potensial for betring og må freiste å verte meir robuste og meir brukarvenlege i tenesta vi leverer. Samstundes som vi driftar, må vi også utvikle organisasjonen. Oslo er i utvikling, og da må Renovasjonsetaten også henge med.

Omdømejobb. Kvar veke vert det utført rundt 112 000 tømmingar i Oslo hos 600 000 privatpersonar og i tillegg nokre næringsdrivande. Renovasjonsetaten i Oslo møtte mykje motbør for rundt eit år sidan da firmaet Veireno hadde ansvaret for avfallshenting og ikkje gjorde jobben fullnøyande. I februar i fjor tok Renovasjonsetaten over ansvaret for søppeltømminga i Oslo etter at Veireno gjekk konkurs.

– Vi er ikkje lenger i ei krise, men vi har framleis ein omdømejobb å gjere. Men vi arva eit driftskonsept som ikkje fungerte heilt, og det er vi i gang med å endre.

Samfunnskritisk. Han byrja formelt i jobben i desember og rakk akkurat å måtte møte utfordringane frå julehøgtida, ei tid der det ikkje akkurat er mindre søppel å hente – samtidig som dei tilsette i etaten i likskap med folk flest skal ta ut fridagar. Det blei ein del klagar.

Renovasjon vert definert som eit samfunnskritisk område.

– Ein merkar det raskt når søppelhentinga sviktar i storbyar, det fekk jo Oslo-bebuarane ein smakebit av da det ikkje fungerte for vel eit år sidan.

– Dessutan er ombruk blitt viktig i den nye sirkulære økonomien.

Vinn-vinn. Den tidlegare hæroffiseren var i Forsvaret i 20 år og slutta i 2000. Dei siste to åra leia han Krigsskoleutdannede offiserers landsforening (KOL). Da han valde å henge frå seg uniforma for godt, var det ein konsekvens av omstillinga og eige ønske om å sleppe å flytte frå heimtraktene for å ta nye militære stillingar.

– Eg var i ein fase da skolebakgrunnen min og tenesteerfaringa tilsa at eg kunne satsa på ein militær karriere både i inn- og utland. Men eg ville ikkje pendle og såg avgrensingane i å prøve å klore meg fast berre i stillingar på Austlandet.

– At eg slutta, var rett og slett ein føremon både for meg og Forsvaret. 

Leiarutdanninga. Karlsen har nå lang erfaring frå leiarstillingar i privat og offentleg sektor, blant anna som rådmann i fleire kommunar. Han har også jobba som renovasjons- og brannsjef i heimkommunen Fredrikstad.

– Ein er jo ein sum av alt ein har gjort gjennom ein karriere, og nå har eg ein del røynsle. Leiarutdanninga i Forsvaret er veldig god og strukturert, det skal godt gjerast ikkje å få utbyte av ho.

– Stabsskolen er gjerne den utdanninga eg har hatt mest nytte av for å kunne greie ut saker og lage tilrådingar.

Umusikalsk. Som tidlegare sjef for Luftvernartilleriet i Fredrikstad har Karlsen gjort seg nokre refleksjonar om selektering, ikkje minst av kvinner.

– Mens eg sat i opptaksrådet, blei eg utfordra på kva vi burde leggje mest vekt på, og eg innsåg at ein har ein tendens til å rekruttere personar som liknar ein sjølv. Det er vidare lett å ta fram stoppeklokka og berre måle ut frå armhevingar framfor å vurdere litt breiare og sjå på heile mennesket, kva for personar vi ønskjer totalt sett som offiserar. Da spelar andre sider ved kandidatane også ei viktig rolle, slike som evne til vurdering, motivasjon og kor modne dei er.

Karlsen har fått med seg at det har vore ein debatt om krava til fysisk styrke hos kvinner.

– For meg blir utspel om at kvinner svekker stridsevna, heilt umusikalsk i dag. 

OFFISERSBAKGRUNN: – Stabsskolen er gjerne den utdanninga eg har hatt mest nytte av for å kunne greie ut saker og lage tilrådingar.
OMDØMME: – Vi er ikkje lenger i ei krise, men vi har framleis ein omdømejobb å gjere, meiner Karlsen.
GAV SEG: Hans Petter Karlsen ville ikkje pendle eller klore seg fast i stillingar i Forsvaret, så han gav seg. Nå er han renovasjonssjef i Oslo kommune.
Powered by Labrador CMS