Russisk atomubåt lek radioaktivitet i Norskehavet

Den russiske atomdrivne ubåten Komsomolets lek framleis radioaktivitet, 30 år etter at han sokk i Norskehavet, viser ein fersk rapport.

Havforskingsinstituttet undersøkte i sommar havaristen saman med russiske kollegaer og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA). Dei brukte ein fjernstyrt miniubåt som tok prøvar ved vraket på nesten 1.700 meters djupn, skriv NRK

Konklusjonen frå toktet viser at det framleis lek radioaktivitet frå ubåten. Prøvar som vart tatt frå botnen, frå sjøvatn og frå små vekstar på vraket av atomubåten, viser at det lek radioaktivt cesium.

Brann i styrehuset

Toktleiar Hilde Elise Heldal seier til NRK at funna ikkje er alarmerande. 

– Det vi har funne på toktet, har sannsynlegvis svært lite å seie for norsk fisk og sjømat. Nivåa i Norskehavet er generelt svært låge, og ureininga frå Komsomolets blir fortynnt raskt, så djupt som vraket ligg, forklarer toktleiaren.

Den russiske atomubåten Komsomolets sokk i Norskehavet 7. april 1989 etter at det braut ut brann i styrehuset. Ubåten sokk sørvest for Bjørnøya i Norskehavet. 42 av mannskapet på 69 omkom, medan resten vart berga av fiskebåtar.

Radioaktive utslepp 

Atomubåten har ein kjernefysisk reaktor og to torpedoar med atomstridshovud om bord der han ligg på 1.700 meters djupn. 

Russiske undersøkingar har vist at det har vore radioaktive utslepp frå reaktoren, og at ubåten har store skadar, særleg i frontdelen.