Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2558_redningsmannenottoruforum_2558_redningsmannenottoruhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10253Redningsmann: Otto Ruge (til h.), her saman med stortingspresident Carl Joachim Hambro, berga den nasjonale sjølvkjensla i 1940, skriv vår meldar Asgeir Ueland (Arkivfoto: NTB Scanpix). /forum-media/PubImages/Hambro og Ruge nett.jpgRedningsmann: Otto Ruge (til h.), her saman med stortingspresident Carl Joachim Hambro, berga den nasjonale sjølvkjensla i 1940, skriv vår meldar Asgeir Ueland (Arkivfoto: NTB Scanpix).

Redningsmannen Otto Ruge

General Otto Ruge har endeleg fått sin biografi. Tom Kristiansen kan vere nøgd med arbeidet han har levert.
Bokomslag

Anmeldelse

"Om folk tar seg tid til å lese denne boka vil dei sitte att med eit grundig og godt bilete av mannen og samtida hans. "

9. april 1940 var dåverande oberst Otto Ruge, generalinspektør for Hæren, på toget frå Sverige. Jamvel om han var halvt svensk var det ikkje nokon sein vinterferie han kom frå, men ein lengre inspeksjon av styrkane i Nord-Noreg. Den finske vinterkrigen var nett over, og Norden var tilsynelatande ein fredsæl stad att nokre veker. Då Ruge kom inn frå Sverige var alt det over, og Noreg var i sin fyrste krig sidan Napoleon erobra heile Europa. To dagar seinare, etter ein kort tur heimom i Oslo, var obersten blitt kommanderande general, og nokre månadar etter landet sin fyrste forsvarssjef. Han hadde òg blitt det store nasjonale symbolet på den norske motstanden under felttoget. No har Otto Ruge endeleg fått sin biografi.

Historikar Tom Kristiansen byrjar boka si med togturen og drar oss med gjennom dei dramatiske månadane fram til konge og regjering drog i eksil til England. Det var mykje som hende i denne tida som me skal kome attende til, men denne fyrste delen vil nok vere den som fenger mest for lekmannslesaren. Kristiansen gjer altså som kua, og tek det beste fyrst. Del to handlar om det omtrent fem år lange fangenskapet som Ruge friviljug gjekk i, samstundes som det skisserer opp livet og karrieren til generalen fram til krigen. Den siste delen handlar om Ruge etter krigen, den korte tida som forsvarssjef, pensjonisttilværet, hans skepsis til endringar etter krigen, og tida som friviljug korporal i det nyoppretta Heimevernet ( i det no nedlagte Luft-Heimevernet).

Standardverk

Dette vil utvilsamt verte ståande som standardverket om Ruge. Kristiansen har snudd det meste av papir i inn og utland for å finne ut mest mogleg om helten frå 1940. Det som må ha vore litt frustrerande er at Ruge ikkje var av typen som samla på alt. I nokre periodar av livet hans må forfattaren berre innsjå at spora vert kalde og gå vidare. Det er spesielt med tanke på dei formative åra. Ruge var etter eige utsegn radikal i ungdommen, men me er ikkje sikre på kva det tyder. Ein får ikkje heilt tak i kor han stod politisk, jamvel om han vart skulda for å ha «marxistiske sympatier». Ruge var òg ein kristen mann, jamvel om han var glad i ein dram. Men om ein skal tippa var han kanskje litt i skjeringspunktet mellom det gamle Venstre og Arbeidarpartiet på 1930-talet. «Hærføreren» av Tom Kristiansen ble utgitt i 2019 og er på 428 sider (Foto: Aschehoug).  Der stod han i kontrast med nokre av dei andre generalane i generalstaben, kor han jobba til 1938. 


«Ruge var mannen som berga den nasjonale sjølvkjensla i 1940».

Sjefen den gong, Kommanderande General Kristian Laake var ein klassisk Venstre-mann. Noko med det gode med denne boka er at Kristiansen, om enn kort, setter spørsmålsteikn med den noko einsidige kritikken som har kome mot Laake i ettertid. Mentoren til Ruge hadde «jobba som ein turk» for å betre stoda i Hæren, og gitt hans åtvaringar er det ikkje så rart at han meinte det var nyttelaust å ta opp kampen, i alle høve reint psykologisk.

Ein ting som det verkar som Kristiansen har hatt problem med å finne kjelder på er Ruge si oppfatning av situasjonen i 1905. Den gong var han ein ung offiser, og ein potensiell helt i den store norske fridomskrigen som aldri kom. Som svensk på morssida var Ruge tilhengar av unionen med Sverige, og kunne fort hamna i den svenske hæren som ung. Men på mange måtar gjorde dette synet han til ein outsider i høve mange av sine kollegaer. Men Ruge hadde som mange andre i embetsverket på den tida røter på kontinentet. Slektsforskinga hans gjekk attende til Rostock på 1600-talet, og sjølv om namnet kanskje kan høyrast ut som ein kar frå eit torp ein stad på Austlandet var det langt frå høvet. Han mista mora tidleg, faren var ein slags bohem, og hans solide forankring i barndommen var ein ungkarsonkel som var oberstløytnant og budde på Lillehammer. Ein stad han for forbi under felttoget.

Fyll og inkompetanse

For dei som har sett seg inn i kampane på Austlandet i 1940 er det ikkje all verda av nyhende i denne boka. Ruge hadde von om at engelskmennene ville berga situasjonen, men då to bataljonar med deltidssoldatar, såkalla «territorials», kom i fyrste bølgje vart røyndommen plutseleg ein annan. Dei proffe kom ikkje før det var for seint, etter å ha blitt overført frå Frankrike. Det beste med denne biten er at Kristiansen tek eit oppgjer med alle slags rykte som virrar rundt på nettet om at landet ikkje var i krig med Tyskland. Det er diverre ein ting som treng å gjerast i ei tid kor faktaundersøkingar vert meir og meir viktige. Kristiansen feiar vekk alle konspirasjonar med ein grundig og godt kjeldebelagt argumentasjon.

Noko anna som får relativt stort rom er forholdet til dei britiske kollegaene både i Sør- og Nord-Noreg. Det var ikkje alltid det beste, og det er liten tvil om at det enkelte stader var «B-laget» til britane som kom. I alle høve før det vart frigitt styrker frå Frankrike i form av britar, franskmenn og polakkar. Kristiansen sparar ikkje på karakteristikkar av norske offiserar som hadde NS-sympatiar eller var medlemmer av partiet, men jamvel om han skriv om bråket med den britiske generalen Mackesy, kunne han fint lagt til at han vart kalla ein fyllik og ein tryggleiksrisiko av den legendariske generalen Allen Brooke, som frå 1941 til krigens slutt leida Den britiske hæren.

Fleischer og dei

Men det var ikkje berre britiske generalar som gjorde slett innsats desse månadane. Av dei norske divisjonsgeneralane var det berre Steffens, Hvinden Haug og Fleischer som kom frå det med ei slags ære i behald. Jamvel om Hvinden Haug var saman med Ruge i sør, høyrer med lite om ham, men me høyrer mykje og godt om usemja mellom Ruge og Fleischer. Forholdet mellom dei to generalane har dukka opp fleire gonger, men Kristiansen gjer eit ryddig og godt innblikk i kvar dei to skilte seg ut og korleis debatten har gått. Eg skal ikkje gje dykk fasit på nett den delen. Uansett er den fyrste delen av boka særs god.

«Kristiansen sparar ikkje på karakteristikkar av norske offiserar som hadde NS-sympatiar eller var medlemmer av partiet...»

Eitt spørsmål vert då, kva med resten av boka? Ein kan umogleg skrive opp fem års fangeleir minutt for minutt. I staden vel Kristiansen Ruge la tankane gå attende til tida frå han var ung fram til krigen. Her får me vite mykje om norsk forsvarspolitikk og kva Ruge tenkte rundt sentrale spørsmål i samtida. Det er ikkje sikkert at alle lesarar vil finne dette like spanande, men for min del anar eg ein viss undertekst i delar av denne delen. Kristiansen har kome fram til «Ruges metode». Otto Ruge satt fem år i tysk fangenskap (Arkivfoto: NTB Scanpix). I denne delen finn ein ein del som minner om dagens debatt rundt Forsvaret. For Ruge … «var det innlysende at Forsvaret måtte utformes i skjæringspunket mellom stategiske utfordringer, statens økonomiske bæreevne og den militærteknologiske og operative utviklingen.» (s. 172) Og vidare vil Ruge: «i stillehet lyve mig fram til 100 000 kroner som vi får, enn å legge frem dødfødte millionforslag og få ros i Aftenposten.» (s. 176). Heile dette korte kapittelet verkar på meg til å ha ein undertekst som peiker på at Ruge ville vore på linje med det som departementet kjem med i dag, og det er ei glitrande historisk øving Kristiansen gjer her, same om ein får ros i Aftenposten i dag eller ikkje. Ruge var fyrst og fremst lojal til dei som styrde politisk og det var ingen sjølvsagt ting i den ideologiske kampen på 1920 og 30-talet.

Den siste venstremann?

I den siste delen seier ein motviljug Ruge ja til å verte Forsvarssjef etter heimkomsten frå fangenskapet. Og jamvel om han er kritisk til ein del av utforminga av Forsvaret er det fyrst og fremst to ulike verdar som kolliderer. Ein har konflikten med den unge forsvarsministeren Jens Christian Hauge, ein har uvissa om allianse framåt, Norden eller Storbritannia eller den Atlantiske alliansen. Alt dette verkar fjernt i dag etter Nato, men den gong var det alvorlege spørsmål som til dels vart ordna med Nato og litt etter Marshall-hjelpa. Då var alt Ruge pensjonist, jamvel om det kom folk til heimen på Høytorp og spurde om råd. Ein ting som kanskje slår ein med etterkrigs-Ruge er at han høyrde til i ei anna verd og ei anna tid. Eg sat i alle høve att med spørsmålet om Ruge kanskje var den siste store Venstre-mann, eit slags siste minne om den mektige rørsla som varte frå rundt 1880 til krigen. Etter krigen tok «ungtyrkarane» i Arbeidarpartiet over og forma landet i sitt bilete.

«Om folk tar seg tid til å lese denne boka vil dei sitte att med eit grundig og godt bilete av mannen og samtida hans.» 

Då Ruge døydde i 1961 var dei store etterkrigskulla i ferd med å verte tenåringar. Elvis hadde slept sitt sjette album, Noreg var ein velferdsstat, og Forsvaret var relativt greitt utrusta. Ein annan generasjon hadde tatt over. Men namnet Ruge klang framleis godt i øyrene til folk. Det haldt det fram med å gjere i fleire år. Men etter nokre generasjonar vert det kollektive minnet endra. 

Ein krigshelt

Eg veit ikkje kor mange av dei som er rundt tjue i dag som veit kven han er. Tom Kristiansen trur at minnet om han er i ferd med å verte viska vekk, basert på ei nyleg bok om norske krigsheltar kor Ruge ikkje er nemnd. Ruge var mannen som berga den nasjonale sjølvkjensla i 1940. Han sa ja til å kjempe då det gjaldt som mest. Om folk tar seg tid til å lese denne boka vil dei sitte att med eit grundig og godt bilete av mannen og samtida hans. Og for dei som er mindre interesserte kan ein i alle fall slå fast at toga var nokolunde i rute jamvel 9. april 1940. Den gong tok Ruge ansvar for noko som såg vonlaust ut, og som gjorde at nordmenn kunne rette seg litt opp i ryggen og ta i eit tak for landet og for kvarandre. Og Otto Ruge er mannen me kan takke for det.  

Publisert 10. september 2019 12:23.. Sist oppdatert 10. september 2019 22:14.