Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2515_prisenforåholdeusainforum_2515_prisenforåholdeusainhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10166Forsikring: Norske bidrag i utlandet som ei billeg forsikring. Å gjere Noreg til ei truverdig militærmakt heime vil koste mykje meir, skriv vår meldar Asgeir Ueland (Illustrasjonsfoto: Forsvaret). /forum-media/PubImages/PATMedexMedevac_fotoStephenOlsen-0250.jpgForsikring: Norske bidrag i utlandet som ei billeg forsikring. Å gjere Noreg til ei truverdig militærmakt heime vil koste mykje meir, skriv vår meldar Asgeir Ueland (Illustrasjonsfoto: Forsvaret).

Prisen for å holde USA inne

Det einaste truverdige svaret på problema som Heier skisserer er ei massiv opprusting. Og det er det førebels ingen stor politisk vilje til, skriv vår bokmeldar Asgeir Ueland.
Bokomslag

Anmeldelse

"Det einaste truverdige svaret på problema som Heier skisserer er ei massiv opprusting. "

Kjettarar er sjeldan populære i samtida, om ein ser vekk frå eigne fylgjarar. Tormod Heier har dei siste åra stått fram i kronikkfrom mot den noverande forsvarspolitiske linja. Det har han fått gehør for utanfor dei forsvarspolitiske sirklar, og mellom anna fått pris for. Samstundes ser ein at dei som har trykka meiningane hans til brystet stort sett høyrer heime frå sentrum-venstre i Arbeidarpartiet og vidare utover venstreaksa. Noko ein sjølvsagt kan lesa som at Heier stadfester meiningar som er populære på den norske venstresida. Dette er verdt å ha in mente. Kritikarar kan lett nytte dette som eit argument for at Heier har skrive ei bok som syng til dei som alt er frelste. Men vonleg kan ein la dette fara og i staden ta opp hansken til vidare debatt, som diverre er naudsynt.

Jamvel om eg er usamd i delar av denne boka, som eg kjem attende til, er det særs viktig at organisasjonar generelt og Forsvaret spesielt har rom for kjettarar som Heier. Han talar mot det beståande dogme, eller truvedkjenninga, som har sett seg frå slutten av 1990-talet og fram til i dag. Ein god organisasjon må vere open for djevelens advokatar, raude lag og kva det enn heiter i organisasjonsteoribøkene.

Viktig debatt

Denne boka er i hovudsak tenkt til å vere ei innføring for allmugen i dei kompliserte forsvarspolitiske vegvala som har vorte tekne dei to siste tiåra. Men lekmenn skal vere åtvara om at det nokre gonger er skrive i ein sjargong som berre dei på innsida skriv i. Eg fryktar at boka til Heier fort berre vert lesen av dei som driv med forsvarspolitikk, nokre politikarar og folk som er tilsette i Forsvaret. Oberstløytnant Tormod Heier er forfatter av boka «Et farligere Norge?». Om denne spådommen skulle gå inn er det synd, nettopp av di denne boka tar opp spørsmål som omhandlar oss alle. Den kan skapa ein sårt tiltrengt debatt om den forsvarspoliske linja generelt og framtida til Forsvaret spesielt. 

Tesen til Heier er grovt sett sånn: Den sjølvstendige nasjonale forsvarsevna vart avvikla i starten på 2000-talet, slik at midlar kunne fristillast til militære styrkar som var relevante for USA. Dette har svekka evna til å gjere sjølvstendige nasjonale val mot Russland. For å halde USA om bord har ein måtta gå inn i operasjonar utanlands. Med comebacket til Russland på scena har ein måtta ty til auka amerikansk nærvær i Noreg, som igjen verkar provoserande på naboen i nordaust. Noreg har dei siste åra gått frå den tradisjonelle posisjonen som eit land som var både med i Nato, men samstundes hadde ein sjølvstendig Sovjet-politikk til å verta talsmann for ei meir offensiv linje i tråd med synet til USA. Dimed er den norske sjølvstendige linja, som vaks fram etter Den andre verdskrig stort sett vekke i dag.

Tesen til Heier er grovt sett sånn: Den sjølvstendige nasjonale forsvarsevna vart avvikla i starten på 2000-talet...

Dette er hovudtesen til Heier, men han kjem òg med ein ganske ramsalt kritikk av internasjonale operasjonar og ikkje minst har han eit interessant kapittel om openheit i dei store forsvarspolitiske spørsmåla, han meiner stort sett er fråverande i den offentlege debatten. Det siste er i stor grad rett. Det er meg kjent ingen leiande politikarar som har våga å gå på bana og sei rett ut at det norske styrker gjer i utlandet de facto handlar om ein ting: Å halde amerikanarane om bord om ei krise skulle oppstå på norsk jord. Slike spørsmål burde det vere debatt om, men Heier svarar ikkje noko særleg på det openberre spørsmålet om kva alternativet til dagens linje er. Så langt er det få som eg har lese som har skissert noko banebrytande alternativ til den noverande modellen i Nato. 

 

 

forum_2515_prisenforåholdeusainforum_2515_prisenforåholdeusainhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10167Forfattar: Tormod Heier er forfattar av boka «Et farligere Norge?» (Foto: Christian Nørstebø/Forsvarets forum). /forum-media/PubImages/_DSC0883.jpgForfattar: Tormod Heier er forfattar av boka «Et farligere Norge?» (Foto: Christian Nørstebø/Forsvarets forum).

Ein kan jamvel spekulere i eit scenario kor president Trump vinn ein ny periode og vel avvikling av Nato i sin noverande form. Er et då eit truverdig alternativ til ein bilateral avtale med USA? Grunna sin geografiske posisjon i nord sit Noreg ennå på nokre gode forhandlingskort, men ein kan ikkje vere sikker på at delt etterretning er nok til at amerikanarane vil stille opp i ei krise.

Alternativ?

Jamvel ei tilbakevending til den gamle kaldkrigsmodellen som Heier kjem med hint om som ei slags løysing er kanskje ikkje heilt truverdig i dag. Jamvel om den offisielle linja var at Noreg var ein slags oppmann mellom stormaktene i Nord var realiteten på bakken ein annan. Frå opne kjelder er det mest kjende dømet U2-basen i Bodø. Samstundes har me, etter kva eg har fått med meg, få russiske studiar om korleis Noreg og den norske linja vart oppfatta i Moskva. Det som frå norsk hald var sett på som ei eiga linje, kan på den andre sida har blitt lest som ein veikskap og ikkje naudsynt ein styrke. Uansett har Heier sjølvsagt rett i at ein med 500.000 mann i bakhand stilte sterkare enn kva ein gjer i dag.

I dagens situasjon er sjansane for eit nøytralt Noreg, ein allianse med Russland, eller endringar i forholdet mellom USA og Kina, kor ein i etterkant kan invitera Kina inn på nordkalotten, for å ha press mot Russland på to sider, heller ikkje sannsynlege. Den nordiske forsvarsalliansen, som hadde ei kort levetid som alternativ på slutten av 1940-talet, har med dagens svake skandinaviske militær heller ikkje så mykje truverd. Men ingen av desse spørsmåla tar Heier opp i boka.  

Kart og terreng

Det er ein av forteljingane i boka til Heier eg har litt problem med å vere samd i reint teknisk. Han innrømmer sjølv at han les ting i etterpåklokskapens ljos. Det er ting i den soga han setter opp som manglar. Ein viktig ting han ikkje har med er spørsmålet rundt dei amerikanske førehandslagra som blomstra opp i 2003. Hadde dei røke den gong, som Marinekorpset tok til orde for, hadde stoda i dag vore særs mykje alvorlegare.

Luftforsvaret sin innsats og «fallouten» i Libya er ei anna sak. Eg skreiv sjølv då krigen starta at det heile ville ende opp som ein vedvarande stammefeide. Men eit anna element som bør med er at Spesialstyrkane den gong var på heimebeite på Rena og i Bergen. Noreg hadde sagt nei til å sende styrker til Helmand i Afghanistan. Dimed stod nok den norske kursen i Washington ikkje særleg høgt på den tida. Den hadde òg vore svak tidlegare på 00-talet. Ein stad skriv Heier at «Stoltenberg-II regjeringen ønsket å skape en tydeligere avstand til Bush-administrasjonens kontroversielle «krig mot terror». Med andre ord, det var Noreg som stod opp mot USA i denne perioden. Det er klart at norske kjelder vil ha ein interesse å selje inn denne forteljinga frå ein periode kor Ap og SV var i regjering. Men ut frå ting eg høyrde frå vestlege diplomatiske kjelder på den tida stod den norske politiske leiinga nærast og klora på døra i Washington, men fekk nei til møte med presidenten. Kva som er rett, får historikarane ta seg av, men om ein ser på grepa som vart gjort for å blidgjere amerikanarane trur eg det er noko i det eg vart fortald den gong.

Samstundes er eg òg samd med delar av kritikken som vert retta mot oppdraget mot IS. Det var klårt for meg frå starten at dei som vart sende til Irak og ikkje jobba med kurdarane i nord de facto kom til å trene opp sjiamuslimske militsar ein truleg ikkje hadde nok kunnskap om. I teorien kan ein altså ha trena opp sjiamuslimar som de facto stod på same sida som Iran, eller glei over der.

Det springane spørsmålet som kjem fram av kritikken til Heier av Intops er: Har ein nok lokal kunnskap? Og i kva grad bryr styresmaktene seg om dei lokale labyrintane så lenge USA er nøgde. Det fyrste kan ein gjere noko med, i alle høve om ein har lang tid. Det andre er viktigare av di det syner kor langt norske politikarar av både fargar er viljuge til å gå for å halde USA om bord, både som garantist og i seinare år på norsk jord. Om dette er målet så må ein sjå norske bidrag i utlandet som ei billeg forsikring. Å gjere Noreg til ei truverdig militærmakt heime vil koste mykje meir.

Fram i ljoset

I stor grad er dette ein debatt som har vorte ført i skjul for den norske allmugen. At regjeringar ikkje har våga å sei kor gale stoda er heime og kvifor ein er med ute til folket er eit demokratisk problem, og det er samstundes eit teikn på at politikarane ikkje trur at folk ser viktigheita av å drive på som dei gjer. At nokre kunstnarar vil hisse seg opp er ikkje grunn nok til å lete slike viktige spørsmål stå skjulte. Det kunne òg kasta ljos på kor galen stoda til Forsvaret er, noko Heier gjer.

Samstundes er det eit vedvarande spørsmål som må med. Kven er det politikarane lyttar til? Er det dei grå eminensane i Forsvarsdepartementet eller er det fagmilitære?  Til sjuande og sist er det dei folkevalde som må seie kva Forsvaret er og skal vere. I dag er ikkje forsvarspolitikk noko som vinn stemmer og sete i Stortinget. Ein kan sjølvsagt dra fram protestvalet på Andøya og seie at folk bryr seg om Forsvaret, men ironisk nok gjorde Senterpartiet i Sauda eit like godt val som på Andøya i eit anna protestval om arbeidsplassar. Og i Sauda har det knapt vore eit sterkt nærvær av Forsvaret sidan Milorg pakka ned i mai 1945. Valet handlar dimed meir om arbeidsplassar enn Forsvaret. 

Heier vågar å utfordre det særnorske konsensusjaget, men han legg seg lageleg til for å ende opp som kjettarar flest. 


Stort sett har ein inntrykk av at debatten som Heier her reiser ikkje fenger politikarar. Ein har òg inntrykk av at regjeringane nyttar den kjernefysiske kvileputa når debattar om Forsvarets minkande styrke kjem opp. Bruken av atomvåpen på norsk jord drukna ein gong på 1950-talet og har sidan vore skyvd under teppet. Jamvel Heier tar ikkje opp dette spørsmålet i boka. Om det er slik at intops er garantien på at kjernefysiske stridsmiddel vil ta ut alt som er aust for den 24 lengdegrad så er det nok ei god kvilepute. Men nasjonar som legg alt i fanget til andre vil ein eller anna gong i soga få eit større problem.

NAV-doktrinen

Det einaste truverdige svaret på problema som Heier skisserer er ei massiv opprusting. Og det er det førebels ingen stor politisk vilje til. Noreg nyttar årleg omtrent 478 milliardar på NAV og Russland 545 milliardar på forsvar. Det syner vel at det ikkje manglar midlar i Noreg. Men to mann som ligg på gangen på eit sjukehus har sterkare signaleffekt i politikken, enn vanskelege scenario som ligg tjue pluss år fram i tid.

Det er heilt klart at den tilnærma opphogginga av Forsvaret i starten av 2000-talet har hatt store konsekvensar. Den gong sa dåverande forsvarssjef general Sigurd Frisvold at tre brigadar var eit minimum. Tjue år etter står avtroppande sjef for Hæren general Odin Johannessen og tryglar om å få ein, altså mindre enn minimum, og ingen politikarar bryr seg tilsynelatande. I staden lener dei seg attende på MAD-doktrinen og let alt fara. Prisen for å ikkje bry seg er at ein heile tida må blidgjere USA. Tormod Heier skal ha ros for å legge dette fram i ope terreng. Denne debatten om kva som er prisen for endringane dei siste tjue åra er det politikarene som bør ta i ope lende. Dei kan ikkje lengre skjule seg bak allmugens manglande tilgang på informasjon. Debatten bør òg gå rundt kaffiborda i departementet, som i praksis utformar politikken. Heier vågar å utfordre det særnorske konsensusjaget, men han legg seg lageleg til for å ende opp som kjettarar flest. For å vri på ein gamal Monty Python sketsj – ingen forventar inkvisisjonen frå FD.  

Publisert 3. september 2019 13:12..