Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2541_påvekksprengtemålforum_2541_påvekksprengtemålhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10220Rettssak: Motstandsmann Per Røed sitter her til venstre under rettssaken mot Vidkun Quisling der sistnevnte ble dømt til døden og henrettet (Foto: NTB Scanpix). /forum-media/PubImages/Per Røed Quislind i rettsak.jpgRettsak: Motstandsmann Per Røed sitter her til venstre under rettssaken mot Vidkun Quisling der sistnevnte ble dømt til døden og henrettet (Foto: NTB Scanpix).

På vekksprengte mål

Denne boka er grei skuring for folk som vil lesa om kva som skjedde rundt Oslo under krigen.
Bokomslag

Anmeldelse

"Generelt er denne boka ein grei introduksjon på kva som gjekk føre seg i Oslo dei to åra, jamvel om fagfolk vil kjenne igjen ein del frå andre verk."

Torstein Bjaaland er svigerson til Per Røed, og gjer greitt greie for det i innleiinga. Han er litt redd for at han ikkje skal ha nok distanse, men slapp av Bjaaland, dette har du løyst på ein god måte. Boka har etter mitt syn tre lag i innhald og tre lag i typen bok. Innhaldsmessig følger ein Per Røed frå kampane i Gudbrandsdalen i 1940, via den gryande motstandsmannen til sabotøren. Siste delen utgjer den lengste og største delen av boka.

Kart og terreng

I typen er det ei blanding av biografi om Røed, ei om Milorg D13 (Stor-Oslo) og til sist ei bok som har lokalhistorias oppløysing. For folk med kjennskap til Oslo og områda rundt er det ikkje vanskeleg å fylje Per Røeds rørsler, men for dei som les i resten av landet kunne forlaget godt spandert på seg eit kart og to. Foto: Gyldendal Det ville gjort ting betre med tanke på at Oslo i dag er eit heilt anna syn no enn det var den gong.

Forteljinga til Bjaaland er ganske rett fram og kronologisk, men med ei høg oppløysing på kva som gjekk føre seg i D13 generelt og aksjonsgruppa Aks 13000 spesielt. Gruppa gjennomførte fleire titals sabotasjeaksjonar i 1944-45, og Per Røed leia 25 av dei, ikkje alle var vellukka, noko som kjem godt fram i forteljinga. Generelt er denne boka ein grei introduksjon på kva som gjekk føre seg i Oslo dei to åra, jamvel om fagfolk vil kjenne igjen ein del frå andre verk.

Mjøsas kjelder

Styrken til Bjaaland er at han har kunne dra nytte av krigsarkivet til Per Røed som fyrstehandskjelde, men det som drar litt ned er at resten av kjeldene stort sett er sekundærlitteratur. Det er nok av opne arkiv på begge sider av Nordsjøen som kunne dratt fram fleire ting. Det mest klåre eksempelet er kampane i Gudbrandsdalen kor forfattaren seier at han ikkje har lukkas å finne britiske kjelder. Desse har vore opne lenge i Det britiske nasjonalarkivet og det er jamvel ein del på nettet. Og då vil ein vite at to territoriale bataljonar frå The Sherwood Forresters og The Leicesters kjempa på kvar si bredde av Mjøsa i aprildagane. Ein vil òg vita at dei Røed såg og kritiserte var karane frå Leicester, som enda i tysk fangenskap. Og territoriale styrker er ikkje det same som Heimevernet som Bjaaland skriv. Home Guard var noko anna. 

På tråkk

Men me skal la dette fara. I det heile er denne boka ei grei skuring for folk som vil lesa om kva som skjedde rundt Oslo under krigen. Utan at det er Bjaaland sin feil er dette nok ei krigsbok som vert presentert som «historia om den gløymde». Det har kome nok av bøker gjennom åra om Oslo under krigen til at dei som er interesserte veit nokolunde kva som skjedde i hovudstaden. Hovudstaden var omtrent den einaste arenaen det vart ført urban krig i Noreg, i så måte tek Bjaaland oss med rundt hjørne, gater og tråkk med Per Røed i spissen. Grei tidtrøyte, trur eg me seier. 

Publisert 6. september 2019 10:22..