Nyheter:

– Negativ for rekrutteringa

Løytnant Miriam Weierud meiner debatten om at kvinner svekker stridsevna, er eit ikkje-tema. Denne veka arrangeras det årlege seminaret til Nettverk for kvinneleg befal.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Seminaret er lagt til Haakonsvern 25. og 26. januar. I tillegg er det årsmøte. Kommandørkaptein Rino B. Johansen på Forsvarets høgskule har tatt doktorgrad i militær identitet, og han vil på seminaret ta for seg dei fysiske skilnadene mellom kjønna, basert på funn i Forsvarets spesialkommando (FSK) og Skjoldstudien til Forsvarets forskningsinstitutt.

Fleire innlegg. – Det er ikkje forska mykje på identiteten til militære kvinner, men generelt ser eg liten skilnad på damer og menn. Stikkord er profesjon, idealisme og trussel/sjølvsentrering. Røynsler frå befalsskulen er at damene i starten har høgare identitet enn gutane, men dei mister noko undervegs, slik at resultatet blir signifikant, seier Johansen.

Han skal freiste å finne ut kvifor så mange kvinner sluttar i Forsvaret. Noko av grunnen kan vere at når ein er i mindretal, så er det også vanskeleg å etablere ein identitet.

Forutan FFI er det sett av tid i programmet til militærpsykolog Trine Dalen, som vil snakke om identitet i eit psykologisk perspektiv. Også bataljonssjef Karen Sofie Netland i Sanitetsbataljonen og kommandørkaptein Iris Fivelstad, som var første kvinnelege fregattsjef, vil halde innlegg.

Det blir også ein statusrapport frå jegertroppen til FSK.

Miriam Weierud, leiar for Nettverk for kvinneleg befal

– Diskusjonen som kom etter Harald Høiback sitt innlegg i F om at kvinner svekker stridsevna, er eigentleg eit ikkje-tema, seier Weierud.

– Ingen avdelingar skal fire på dei fysiske krava for å rekruttere fleire kvinner, og dei som kjempar i frontlina, har vist i skarpe operasjonar at avdelinga ikkje har lidd. Kjønn har ikkje noko å seie, det er folk i dårleg form som svekker avdelinga. Og eg trur debatten er negativ for rekrutteringa av kvinner til Forsvaret. Jentene sjølv eller mødrene deira vert ikkje motiverte når dei ser ei såpass negativ innstilling til kvinner.

Ingen avdelingar skal fire på dei fysiske krava for å rekruttere fleire kvinner, og dei som kjempar i frontlina, har vist i skarpe operasjonar at avdelinga ikkje har lidd

På fredagen skal redningsmann Lene Pedersen frå 330-skvadronen i Bodø halde innlegg. Det same skal løytnant Silje Willassen Johansen om røynsler frå Litauen og Henriette Bjørge skal fortelje om oppstarten av skiskule for kvinner i Pakistan. Likestillingsprisvinnar Stein Garang vil og få ordet i kinosalen på Haakonsvern. 

Powered by Labrador CMS