Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_3202_nårkrigeneroverforum_3202_nårkrigeneroverhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=11135Etter krigen: Krigens arvinger er ei bok om å vere etterkomar etter dei som merka krigen på kroppen, skriv Asgeir Ueland. Her ser vi Max Manus sammen med kronpris Olav (Foto: NTB arkivfoto/SCANPIX). /forum-media/PubImages/Max manus livvakt med kong Olav.jpgEtter krigen: Krigens arvinger er ei bok om å vere etterkomar etter dei som merka krigen på kroppen, skriv Asgeir Ueland. Her ser vi Max Manus sammen med kronpris Olav (Foto: NTB arkivfoto/SCANPIX).

Når krigen er over

Krigens arvinger er ei god bok om å vere etterkomar etter dei som merka krigen på kroppen. Og den gjer innsikter som dagens nye veteranar kan lære av, skriv Asgeir Ueland.
Bokomslag

Anmeldelse

"Krigens arvinger er ei god bok om å vere etterkomar etter dei som merka krigen på kroppen. "

«Slekt skal følge slekters gang», syng me i Deilig er jorden. Isolert sett handlar den setninga om den store stafetten mellom generasjonane, medan overbygget er det same. Røysta frå himmelen skal høyrast i eva. For me som vert gåande attende her på jorda er stoda ein annan, røystene frå ein generasjon er i ferd med å stilna. Tiåret me no går i møte vil ta med seg siste rest av dei som var aktive under Den andre verdskrigen. No på 2020-talet vil forteljingane frå krigen bli fortald av etterkommarar og historikarar, i den grad det i heile vil verte fortald.

I så måte tjuvstartar denne boka ei ny tid. Og i den nye tida dukkar det opp ein del nye spørsmål. Det er tretten ulike bidragsytarar i boka, seks kvinner og sju menn. Dei fleste er born av menn som deltok og merka krigen på ulikt sett, medan to er barnebarn. Bidraga kan grovt sett delast i tre – dei psykologiske effektane av å vere born av krigsheltar og krigsfangar. Leiting etter fars krig og nokre polemiske innlegg om urett handsaming av fars innsats. Eg skriv far, av di alle utanom Elisabeth Vislie skriv om fedrane.

Opnar for ny forsking

For eigen del er det dei to fyrste sjangrane som gjer mest attende, og som lyfter opp dei mest interessante spørsmåla. Dei viktigaste bidraga kjem frå dei som er søner og døtrer av folk som sat i konsentrasjonsleirar, ikkje minst dei såkalla natt og tåke leirane kor intensjonen var at dei innsette skulle forsvinna frå jordas overflate umerka, redusert til menneskelege skjelett kor eins einaste identitet var eit fangenummer.  Krigens Arvinger. Motstandsheltenes etterkommere forteller om krigens pris, er gitt ut på Gloria Forlag 2019. 

Kunstnaren Marianne Bratteli set tonen for dei såkalla NN-fangane sine born gjennom sitt essay om faren, Trygve, den seinare statsministaren. Trygve Bratteli har sjølv skildra sine opplevingar av konsentrasjonsleirane i Fange i natt og tåke, men til no har innverknaden på andre generasjon av NN-fangar vore lite omtalt, i alle høve utanfor den psykologiske litteraturen. Marianne Bratteli bryt med dette, og er open om eiga behandling og koss det å vere dotter til ein NN-fange har forma ho. Jamvel om det med åra har kome ein del litteratur om såkalla andre generasjons holocaust overlevande, er ikkje feltet like godt omtalt og forska på om born av dei politiske fangane. Og på mange måtar opnar Bratteli her for eit felt som det bør forskast meir på i åra som kjem.

Men det er ikkje berre hos born av fangar at krigen sette spor. Kari Evang skriv òg godt om påkjenningane ho merka i livet, jamvel om hennar foreldre var deltakarar i den kommunistiske Osvald-gruppa. Det er òg nære og interessante bidrag frå Kristin Skogen Lund og Mette Manus. Begge deira fedrar var polar i motstandskampen, Olav Skogen i Milorg på Rjukan og Max Manus i Kompani Linge. Skogen vart grovt torturert fleire gonger før og etter tungtvassaksjonen, men han røpa aldri noko. Skogen kom tilsynelatande godt ut av det etter krigen, men då han vart dement kom krigen fram att. For Manus fungerte òg livet godt til han vart eldre, og dottera skriv ærleg om utfordringar han hadde med alkohol og medisin i seinare år.

Ukjent soldat

Det er desse sogene som gjer boka god, men samstundes er òg jakta på kva far gjorde og kven han var eit gjennomgangstema hos fleire. Det som slår ein er kor lite etterkommarane veit om fedrane sin innsats under krigen. Det er sjølvsagt unntak – Bratteli, Skogen og Manus skreiv alle bøker, og Leif Tronstad jr. (som meldaren kjenner) er så heldig å ha ei fyldig dagbok og fleire brev etter faren. Tronstad har dei siste åra kome fram frå gløymselen med biografien til Olav Njølstad og ikkje minst gjennom serien om tungtvassaksjonen, men likevel gjer Tronstad jr. ei ærleg og god skildring av å vekse opp i skuggen av ein namngjeten professor og krigshelt, og dei store forventingane han opplevde frå professorane då han byrja på NTH. Leif Tronstad jr. var fire då han såg faren for siste gong.

Andre skildrar korleis fedrane kom gjennom påkjenningane gjennom det militære etter krigen, medan nokre altså skriv temmeleg polemiske innlegg. Dei siste er i eit mindretal, men eg veit ikkje i kor stor grad det er ein naudsynt del av ei bok. Kontroversielle hendingar frå krigen krev fagleg diskusjon og ettergåing av kjelder. Å ta opp gamle vendettaar som til dømes Trym Staal Eggen gjer vert litt på sida av bokas tematikk, etter mitt syn, jamvel om eg ikkje veit nok om den konkrete saka rundt faren om ei kontrovers hending rundt utsmuglinga av ein jødisk familie i Telemark og eit tilsynelatande nei frå det lokale Milorg til å felle nokon dom. Eit anna minus er kanskje at boka i hovudsak berre har stemmer frå Austlandet. Det hadde vore interessant med ei litt større geografisk spreiing.

Viktige lærdomar

Men dei polemiske innlegga til trass, i det store og heile er dette ei viktig bok, som opnar opp for nye forskingsområde om effekten av krigen på etterkommarane. Sidan fleire av bidragsytarane peiker på at det vart snakka lite om krigen heime er det nokre interessante lærdommar for den nye generasjonen av veteranar. Vil dei som krigsgenerasjonen halde tett om kva dei opplevde, eller vil ein få ein annan inngang til problema og utfordringane? Er den store tagnaden ein generasjonsting, eller er det noko som òg gjeld i dag? 

For ei tid sidan las eg ei skildring av ei gravferd til ein mann frå krigsgenerasjonen. Det var rett nok i utlandet, men etter å ha lest Krigens Arvingar vart eg minna på den. Forfattaren skildrar gravferda til den gamle helten slik: Hos dei unge trilla tårene, medan dei gamle beit tennene saman. Det er ein del tårer i denne boka over tagnaden til dei som beit tennene saman. No som me har fått ein ny generasjon med krigsveteranar vert deler av denne boka viktig som ein lærdom om korleis tagnad ikkje alltid er gull over kjøkkenbordet med den oppveksande slekt. 

Erfaringa frå krigens arvingar syner at lyden av slaga ikkje stilnar med kanonanes tagnad.

Publisert 2. januar 2020 13:10.. Sist oppdatert 2. januar 2020 13:44.