Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_1702_milliardflykanbliståforum_1702_milliardflykanbliståhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8954PILOTMANGEL: Forsvaret har i dag ni kampfly av typen F35 og vil dei kommande åra komme opp i 52 totalt. Foto: Jonny Karlsen/forum-media/PubImages/_DSC1749.jpgPILOTMANGEL: Forsvaret har i dag ni kampfly av typen F35 og vil dei kommande åra komme opp i 52 totalt. Foto: Jonny Karlsen

Milliardfly kan bli ståande på bakken på grunn av pilotmangel

Snart vil Noreg ha 52 kampfly av typen F35, med ein gjennomsnittspris på 1,4 milliardar. Men med potensiell pilotmangel kan mange fly bli ståande på bakken.

I dag har det norske luftforsvaret ni fly av typen F35, med ytterlegare sju i USA til opplæring, skriv  Aftenposten.

Totalt skal luftforsvaret kjøpe 52 slike fly, men no veks det fram ei bekymring over manglande pilotar til å drifte flya. 

– I 2025 kjem vi til å ha eitt av det meste moderne luftforsvara i verda. Den store bekymringa mi er om vi får nok pengar til å bruke det, seier generalmajor Tonje Skinnarland i Luftforsvaret.

Ho seier at det i dag er eit sprik mellom den mengda pilotar som er tilrådd, og det faktiske talet som blir utdanna årleg. I tillegg til pilotmangel, er òg mangel på flyteknikarar, i tillegg til skyhøge flytimeprisar og kostbar utdanningar, medverkande årsaker til at dei kostbare flya risikerer å bli ståande på bakken. Skinnarland legg også til at svært mange av pilotane og teknikarane i dag nærmar seg pensjonsalder.

Brigader Øyvind K. Strandman hadde tidlegare ansvaret for all utdanning i Luftforsvaret, og han deler Skinnarlands bekymring.

– Situasjonen er at vi skaffar eit kostbar våpensystem, men ikkje har økonomi til å kunne operere det fullt ut på grunn av manglande kompetanse, seier Strandman.

Flytimeprisen ligg på om lag 110.000 kroner, medan det kostar omkring 60 millionar kroner å utdanne ein pilot.

Publisert 7. mars 2019 11:17..