Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

forum_1386_miljøvernkonsulenterforum_1386_miljøvernkonsulenterhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8416Vi prøver å gjere opp for oss på̊ staden. Når grunneigaren kan utbetre skaden sjølv, skriv vi ein kontrakt, seier Erik Gilmore. Her er han saman med Otto Engebakken (t.v.)./forum-media/PubImages/_DSC9786.jpgVi prøver å gjere opp for oss på̊ staden. Når grunneigaren kan utbetre skaden sjølv, skriv vi ein kontrakt, seier Erik Gilmore. Her er han saman med Otto Engebakken (t.v.).

Forsvaret gjør opp for skader fra Trident Juncture

Miljøvernkonsulent Erik Gilmore skal jobbe til neste haust med skadesaker etter Nato-øvinga.

– Han som eig hytta, kjem nok til å få sjokk når han ser dette. Ettersom han bur i Sverige, trur eg ikkje at han har fått melding om skadane på tomta etter militærøvinga.

Kveldssola sender nokre siste varmande strålar gjennom trea. Arve Trøan viser rundt på ei hyttetomt som grensar mot garden hans som ligg i fjellbygda Vingelen.

Under støvlane er det djupe furer etter beltekøyretøy i den svarte jorda som nå er frosen steinhard.

– Soldatane kom køyrande med stridsvogner og slo leir i området. Eg oppdaga dette ved ein slump da eg skulle sjå om det var skadar på mitt eige område, fortel Trøan.

forum_1386_miljøvernkonsulenterforum_1386_miljøvernkonsulenterhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8417– Han som eig hytta, veit nok ikkje om skadane på tomta. Han kjem til å få sjokk, seier bonde Arve Trøan (t.h.)./forum-media/PubImages/_DSC9998.jpg– Han som eig hytta, veit nok ikkje om skadane på tomta. Han kjem til å få sjokk, seier bonde Arve Trøan (t.h.).
forum_1386_miljøvernkonsulenterforum_1386_miljøvernkonsulenterhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8421Det er ikkje småpengar i omløp når Forsvaret skal gjere opp for seg. Vederlagssummane varierer frå rundt ein halv million til nokre tusen, seier skadeoffiser Erik Gilmore (t.h.)/forum-media/PubImages/_DSC9909.jpgDet er ikkje småpengar i omløp når Forsvaret skal gjere opp for seg. Vederlagssummane varierer frå rundt ein halv million til nokre tusen, seier skadeoffiser (t.h.)

Øydelagt

– Denne skaden er ikkje registrert i systemet vårt ennå. Det er ein av grunnane til at vi reiser rundt for å sjå områda med eigne auge, seier Erik Gilmore og sparkar i den frosne jorda.

Han er skadeoffiser i Forsvaret. Vanlegvis har han kontorjobb på Sessvollmoen. Nå har han reist rundt i Østerdalen for å gjere opp etter Nato-øvinga i haust.

I samband med Trident Juncture har Forsvaret over 800 hendingar totalt. Akkurat nå har han køyrt eit stykke opp frå Tolga for å møte Arve Trøan. Han tok kontakt med Forsvaret etter at han fann ei metallgrind som var blitt øydelagd.

– Her er det ingen tvil om kven syndaren er. Beltespora går heilt fram til grinda, fortel han til Gilmore og viser spora i bakken.

– Grei sak, dette. Vi gjer litt papirarbeid, svarar skadeoffiseren.

Tolga

I bilen finn han fram skjemaet «Avtale om erstatning for skade på sivil eiendom». Etter ein gjennomgang og ein signatur er saka ute av verda. Bonden får pengar til ny grind, og Gilmore kan stryke nok ei skadesak frå lista si.

– Dersom ei utanlandsk avdeling har valda skadane, dekkjer dei 75 prosent av summen, mens Forsvaret tar resten, forklarar han.

Gilmore skildrar området rundt Tolga som ein «hotspot» for skadesaker etter øvinga. Berre denne dagen har han vore på synfaring fire stader.

Det er ikkje småpengar i omløp når Forsvaret skal gjere opp for seg. Vederlagssummane varierer frå rundt ein halv million til nokre tusenlappar.

– Tidlegare i dag fekk ein bonde eit vederlag på over 200 000 kroner. Vi er fem skadeoffiserar som reiser rundt samstundes. Vi prøver å ha ein rask og ryddig prosess rundt dette. Det handlar om omdømmet til Forsvaret. Ryktet spreier seg snøgt dersom ein grunneigar kjenner seg dårleg handsama.

forum_1386_miljøvernkonsulenterforum_1386_miljøvernkonsulenterhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8418Arve Trøan vart sams med Erik Gilmore om oppgjeret etter skaden på eigedomen hans./forum-media/PubImages/_DSC0047.jpgArve Trøan vart sams med Erik Gilmore om oppgjeret etter skaden på eigedomen hans.
forum_1386_miljøvernkonsulenterforum_1386_miljøvernkonsulenterhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8419Arve Trøan vart sams med Erik Gilmore om oppgjeret etter skaden på eigedomen hans./forum-media/PubImages/_DSC0032.jpgArve Trøan vart sams med Erik Gilmore om oppgjeret etter skaden på eigedomen hans.

OPPGJER

Han set seg i bilen for å køyre ut på nok eit oppdrag. På eit jorde utanfor Tolga slo svenske soldatar seg til under øvinga. Det ber området preg av framleis.

– Eg var innom ein tur for å sjå korleis det sto til. Da stod militære køyretøy og telt over heile området. Det hadde nok ikkje monna om det var frost i bakken. Eit køyretøy på mange tonn set spor etter seg same kva, seier Otto Engebakken (65).

Han trakkar over jordet han forpaktar på Tolga. I november ringde han til skadetele- fonen som Forsvaret hadde oppretta for Trident Juncture. På Røros sat ein skadeoffiser og noterte kva saka galdt. Nå har oppgjerets time kome.

– Kva dyrkar du her, og kor stort er området, spør Erik Gilmore.

– Det er seks mål med grasjorde. Stridsvognene har rive opp bakken ganske godt. På grunn av beltespora må nok heile jordet pløyast på nytt.

– Tenkjer du gjere arbeidet sjølv?

– Ja, det er nok det lettaste. Eg har utstyret som trengst for å gjere jobben, svarar Engebakken.

– Da har eg eit skjema vi skal fylle ut, seier Gilmore og går mot bilen.

forum_1386_miljøvernkonsulenterforum_1386_miljøvernkonsulenterhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8431Skadeoffiser Erik Gilmore (t.h.) saman med Otto Engebakken på jordet han forpaktar./forum-media/PubImages/_DSC9716.jpgSkadeoffiser Erik Gilmore (t.h.) saman med Otto Engebakken på jordet han forpaktar.

forum_1386_miljøvernkonsulenterDette er øvelsen Trident Juncture 2018
​Rundt 50 000 soldater fra 31 land skal øve på å forsvare Norge.

Det er den største Nato-øvelsen siden Den kalde krigen.

Trident Juncture 2018 vil skje i tre hoveddeler:

En deployeringsfase fra august til oktober

En feltøvelse fra 25. oktober til 7. november

Og til slutt en kommandoplassøvelse fra 13. til 24. november.

Soldater, utstyr og militærmateriell fraktes fra de ulike deltakernasjonene og til 27 ulike ankomststeder i Norge.

Materiellet og personellet fraktes til Norge med cirka 180 flytransporter og 60 skipstransporter.

Fra de ulike ankomststedene fraktes utstyret deretter videre til øvingsområdene med tog og lastebiler.

Det skal etableres og bygges rundt 50 leirer i forbindelse med øvelsen. Halvparten av leirene vil huse over 500 personer, og den største bygges for rundt 5 500 mennesker.

Feltøvelsen vil foregå i områdene sør for Trondheim og nord for Rena i Østerdalen. I tillegg blir det sjøaktivitet langs Norskekysten og Nordsjøen samt mindre områder i Østersjøen og Skagerrak.

Det blir også luftaktivitet i luftrommet over Norge, Sverige og Finland

Forsvaret forventer at 130 fly, 70 skipsfartøy og 10 000 kjøretøyer skal delta.

Ifølge Forsvaret har NATO og Forsvaret inngått kontrakter for rundt 1,5 milliarder kroner med norsk næringsliv i forbindelse med øvelsen.

Det skal etableres rundt 35 000 senger, serveres 1,8 millioner måltider og leveres 4,6 millioner flasker med vann. Det skal også vaskes 660 000 kilo med klær under øvelsen.

forum_1386_miljøvernkonsulenter

Detektiv

Skadeoffiseren har nesten berre positive opplevingar i møte med østerdølane. Å bli invitert inn på ein kopp kaffi og smultringar har blitt ein naturleg del av jobben.

– Mykje handlar om personkjemi. Eg må vere litt entreprenør, litt kompis og litt detek- tiv. Eg må vere sikker på at skaden har skjedd under øvinga og finne ut av ein passande vederlagssum.

Han viser fram bunken med skadesaker. Det er alt frå øydelagde krabbeteiner i Møre og Romsdal til attgløymde øvingsminer i Østerdalen. Mange av skadane er frå innmark som er køyrd sund av tunge stridskøyretøy.

– I Tylldalen hadde vi ei trist sak. Eit helikopter flaug rett over ein revefarm. Det førte til at 13–14 dyr døydde eller måtte avlivast på grunn av stress. Vi fekk også ein telefon om ein valp som hadde stukke av da det small rundt husa. Han blei heldigvis funnen att etter kort tid. Men dersom hunden har blitt skotredd, er han ubrukeleg til jakt. I så fall ringer eigaren oss igjen til våren, fortel Gilmore.

– Er det nokre nasjonar som skil seg ut i skadestatistikken?

– Tyskarane har vore ekstremt flinke til å melde inn skadar. Vi fekk melding berre dei sølte nokre desiliter med drivstoff, fortel Gilmore.

Bøtte

Tilbake på garden til Arve Trøan nærmar det seg skumringstimen. Garden ligg 780 meter over havet på ein fredeleg plass i verda. Men da Nato kom på besøk, blei det liv og røre.

– Det er jo ikkje så mykje som skjer her oppe blant fjellgardane. Vi blei spurde av Forsvaret om dei kunne lande med helikopter på jordet vårt. Kronprinsen skulle kome på vitjing og overnatte i telt saman med soldatane, fortel Trøan.

Spent venta han i timevis på luftbore kongeleg besøk. Men på grunn av tåke dukka det ikkje opp noko helikopter. I staden kom kronprinsen køyrande med stridsvogn.

– Vi fekk ikkje eingong eit glimt av han. Det var skuffande, seier Trøan som spøkefullt spekulerer på om det var kronprinsen som køyrde over grinda. Dei utanlandske avdelingane etter- lét seg også ein liten suvenir i uthuset hans.

– Veit du kva dette er, spør han Gilmore og viser fram ei stor, grå bøtte.

– Eg trur kanskje det er ei avføringsbøtte, seier skadeoffiseren.

– Eg lurte på det, ja. Eg torde nesten ikkje sjå oppi. Heldigvis var ho tom.

forum_1386_miljøvernkonsulenterforum_1386_miljøvernkonsulenterhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8420Dei utanlandske soldatane sette att ein liten suvenir på eigedomen til Arve Trøan, ei dobøtte./forum-media/PubImages/_DSC9927.jpgDei utanlandske soldatane sette att ein liten suvenir på eigedomen til Arve Trøan, ei dobøtte.

Publisert 18. desember 2018 11:09.. Sist oppdatert 19. desember 2018 14:48.