Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2458_messetestpåjørstadmoforum_2458_messetestpåjørstadmohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10074Se hvordan de har det i messa på Jørstadmoen og hør vår dom.https://youtu.be/lnMNSrlET9QSe hvordan de har det i messa på Jørstadmoen og hør vår dom.

Sosialt på Jørstadmoen

På Jørstadmoen er messa eit sosialt samlingspunkt.

Velferda, idretten, vaktbua, kantina, TV-stovene og treningsrommet er spreidde over heile leiren. Derfor sit gjerne soldatane
att i etemessa, over ein kopp kaffi, dessertane annankvar dag eller berre for praten i Altona
– messebygget på Jørstadmoen. Her kan dei treffast på tvers både av tenesta og eventuelle andre gjeremål.

 

 

Veggmåleri

Med det gigantiske veggmåleriet av kunstnaren Ole Mæhle (1904-1990) i bakgrunnen har soldatane all grunn til å vere nøgde når dei legg i seg maten. For trivnaden i messa er høg, og det er det all grunn til, sjølv om bygget er frå 1952 og har nokre gamle detaljar i seg, blant anna veggmåleriet frå opningsåret.
Lunsjen er som han skal vere. Akkurat denne dagen er det heile fire varmrettar å velje mellom. Det er stort sett restar frå tidlegare middagar, men du store min kva for val det gir ein svolten vaktstyrke. Her er det hamburgarar, Stroganoff-gryte, dampa laks og pølser. I tillegg til dei vanlege pålegga kan soldatane boltre seg i ein velfylt salatbar som har det aller meste ein treng. Store krutongar gjer salaten til ei enda betre oppleving. Du skal med andre ord ha dårleg smak om du går svolten ut av dørene her!

 

 

forum_2458_messetestpåjørstadmoforum_2458_messetestpåjørstadmohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10066GODT NØGDE: Soldatane (frå venstre) Andreas Berntsen, Rebecca Ruud, Andrea Richardsen, Marthe Dahlby, Torstein Sanden og Erlen Vangsnes møtest ofte i messa på Jørstadmoen. /forum-media/PubImages/wj201905027_FOFO_Messetest_Jorstadmoen_063.jpgGODT NØGDE: Soldatane (frå venstre) Andreas Berntsen, Rebecca Ruud, Andrea Richardsen, Marthe Dahlby, Torstein Sanden og Erlen Vangsnes møtest ofte i messa på Jørstadmoen.
forum_2458_messetestpåjørstadmoforum_2458_messetestpåjørstadmohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10067Pasta med ostesaus, salat og nysteikte bagettar. /forum-media/PubImages/Messetest-5-F3.jpgPasta med ostesaus, salat og nysteikte bagettar.
forum_2458_messetestpåjørstadmoforum_2458_messetestpåjørstadmohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10068Nils Harsjøen er (19) hovudtillitsvald på Jørstadmoen. Han er nøgd med maten./forum-media/PubImages/Messetest-4-F3.jpgNils Harsjøen er (19) hovudtillitsvald på Jørstadmoen. Han er nøgd med maten.

Perfekt Al dente

Middagen må vi få skryte av sjølv om soldatane var overraskande lunkne og likesæle til resultatet som hamna på tallerkenane denne dagen i slutten av mai.
Med basis i ein kvit bechamelsaus blei ostesausen laga til med tre ulike typar ost: gulost, parmesan og seks–sju tubar med baconost. I tillegg blei han tilsett både paprika, purre og nokre kilo baconterningar før det heile blei smaka til med peppar.
Når pastaen i tillegg var perfekt «al dente», ja, da blei dette eit måltid som kan måle seg med dei aller beste. Tilbehøyret var riven parmesan, salat og dressing i tillegg til nysteikte bagettar i både grov og fin utgåve.
Vaktstyrken klagar andsynes oss over at maten dei får levert i vaktbua, ikkje held god nok temperatur, at han blir ståande framme og  etter kvart blir lite delikat når ein endeleg får tid til å ete.
Løyser Jørstadmoen denne utfordringa, så kan det vanke toppkarakter totalt sett.
Vi landar på fire tallerkenar.

 

 

forum_2458_messetestpåjørstadmoforum_2458_messetestpåjørstadmohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10069Christoffer Brathlie tykjer maten er heilt ok./forum-media/PubImages/Messetest-F3.jpgChristoffer Brathlie tykjer maten er heilt ok.
forum_2458_messetestpåjørstadmoforum_2458_messetestpåjørstadmohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10070Hovudtillitsvald Nils Harsjøen er nøgd./forum-media/PubImages/Messetest-3-F3.jpgHovudtillitsvald Nils Harsjøen er nøgd.
forum_2458_messetestpåjørstadmoforum_2458_messetestpåjørstadmohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10071Idrettssoldat Marthe Dahlby meiner lunsjen er eit høgdepunkt./forum-media/PubImages/Messetest-2-F3.jpgIdrettssoldat Marthe Dahlby meiner lunsjen er eit høgdepunkt.

JØRSTADMOEN

TIL BORDS: 150–200. Gode bord og stolar. Nesten ikkje støy. 
KØ: Ikkje noko stort problem, men dei som skal levere oppvask, må gå gjennom matkøen. 
ORDEN: Flinke til å halde orden, kjøk- kenpersonalet tørkar av søl og held det reint undervegs.  
LUNSJ: Fire (!) varmrettar. Tradisjonelt pålegg og fyldig salatbar.
MIDDAG: Pasta med ostesaus, salat og nysteikte bagettar. Rislunsj til dessert.

Kjøkkensjefen

For kjøkkensjef Knut Arne Bjerkelien er det viktig med gode råvarer, godt arbeidsmiljø og flinke kokkar.
– Kollegaene mine
har høg arbeidskapasitet, dei er lojale og pliktoppfyllande. Det som kjenneteiknar dei tilsette på kjøk- kenet på Jørstadmoen, er den positive
og løysingsorienterte innstillinga, seier Bjerkelien.

 

 

Han trur humor har mykje å seie, at det skapar godt arbeidsmiljø og trivsel.
Det aukar igjen arbeidsmoralen som gir eit godt sluttresultat for dei som et her. Eg blir ekstra glad når personalet har det bra på jobben, understrekar kjøkkensjefen.
Han ser få utfordringar for messa på Jørstadmoen, men meiner sanitæranlegget har for dårleg kapasitet.
– I matsalen vurderer vi å bytte ut buf- feane (kaldtborda) og gjere litt om på dei. Den vesle salen bør pussast opp slik at han vert meir brukande, meiner han.
Kjøkkensjefen seier soldattillitsvalde er velkomne til ein prat når som helst, om mat, messa og anna som opptar dei.
– Døra mi er open. Hovudtillitsvald er den eg har mest kontakt med. Han kjem innom med forslag frå dei andre. Vi har diskutert korleis vi kan løyse dette med vaktmat. Fasilitetane i vaktlokalet tillèt ikkje ferdigprodusert varmmat levert frå kjøkkenet, derfor undersøker vi alternativ som soldatane sjølve kan varme. Inntil dette er på plass, må soldatane ete middag på kjøkkenet innanfor opningstidene for kjøkkenet.

 

 

 


Publisert 21. august 2019 07:29.. Sist oppdatert 25. august 2019 23:44.