Fra prøvene på teaterstykket "Andre verdskrigen -Natt i verda" på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg Instruktør er Erik UlfsbyFra prøvene på teaterstykket "Andre verdskrigen -Natt i verda" på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg Instruktør er Erik Ulfsbyhttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/teater 4 3116.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=343

Krigstrøytt

«Natt i verda» blir eit utmattande og historisk krigsskodespel.

​​– No lit eg på dykkar gode instinkt som «skådisar» – så gå for det de kjenner for!

Erik Ulfsby gir klarsignal til to skodespelarar omgjevne av store sandsekker. Under bakken på Det norske teateret har Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg olivengrøne uniformer på og framfører nasjonalistisk, litterær propaganda – Joseph Goebbels' «Der Wanderer». 

 – Og der ligg verda no i skodde av alt som nedrig er, seier Haga.

– Eg vil stige ned i alt det nedrige. Ned til slaveri og armod. Vekk trua no i folket ditt, gi det vidare i kamp til liv som oppstår heilt på ny, held Tindberg fram, mens Haga søkk ned på kne og bryt ut:

– Min herre, meister!

 

 

Fra prøvene på teaterstykket "Andre verdskrigen -Natt i verda" på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg Instruktør er Erik UlfsbyFra prøvene på teaterstykket "Andre verdskrigen -Natt i verda" på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg Instruktør er Erik Ulfsbyhttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/teater 8 3120.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=341INSTRUKTØR: – Som teater ønskjer vi å vere ein arena for deg store samtalene, sieier Erik Ulfsby.
Fra prøvene på teaterstykket "Andre verdskrigen -Natt i verda" på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg Instruktør er Erik UlfsbyFra prøvene på teaterstykket "Andre verdskrigen -Natt i verda" på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg Instruktør er Erik Ulfsbyhttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/teater 10 3122.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=344FRA PRØVENE: på teaterstykket «Andre verdskrigen -Natt i verda» på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg. Instruktør er Erik Ulfsby.

​​

 Krigsmaraton. Éin av aktene er over. Ulfsby, Tindberg og Haga set seg ned for å fortelje om skodespelet.

– Eg ana ikkje at Goebbels skreiv før eg las dette stykket, seier Tindberg og viser til nazisten og propagandaministeren sin bakgrunn som diktar og dramatikar.

– Når eg ser at han henta mykje inspirasjon frå Bibelen i dette stykket, blir eg jo litt kvalm, særleg når eg veit kva for følgjer krigen fekk. 

 «Andre verdskrigen – Natt i verda» blir ei åtte timar lang reise i krigshistoria som skal engasjere, skape debatt og truleg trøytte ut skodespelarar og publikum. Framsyninga skal helst gå om natta og ha tre pausar.

– Som teater ønskjer vi å vere ein arena for dei store samtalene. Andre verdskrigen er ikkje i nærleiken av å bli ferdig fortald. Vi kjem ikkje til å fortelje heile historia om krigen, berre fragment. I motsetnad til TV-dokumentarar eller film har vi føremonen av at vi formidlar med levande menneske til eit levande publikum, seier Erik Ulfsby, teatersjef og regissør for framsyninga som har premiere i slutten av februar.  

 Like aktuelt. Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg er to av tolv skodespelarar i «Andre verdskrigen ­– Natt i verda». Dei skildrar skodespelet som ei «filosofisk reise» i krigshistoria. Ein av grunnane til at andre verdskrigen framleis vekkjer stor interesse er at mange har eit forhold til krigen, meiner Tindberg.

– Som så mange andre kjem eg frå ein delt familie, dei som blei kalla landssvikarar, og dei som vart heltar etter krigen. 

​​​–Eg har vakse opp både med skrytet og forteiinga rundt andre verdskrigen, seier Tindberg.​​

 

 

Fra prøvene på teaterstykket "Andre verdskrigen -Natt i verda" på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg Instruktør er Erik UlfsbyFra prøvene på teaterstykket "Andre verdskrigen -Natt i verda" på Det Norske Teateret med blant annet Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg Instruktør er Erik Ulfsbyhttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/teater 5 3117.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=342LANG FRAMSYNING: Svein Tindberg og Paul- Ottar Haga (bakfra) bærer fleire av rollane i skodespelet «Andre verdskrigen- natt i verda», som hadde premiere 27.februar 2016.


 Stort manus. For å gi eit mangesidig bilete av krigen har manusforfattarar frå Noreg, Sveits, Skottland og Russland medverka til skodespelet. Handlinga går ikkje berre føre seg i krigsåra,  men også før utbrotet. Det set også søkjeljoset på korleis krigen har prega vår eiga samtid, fortel Erik Ulfsby.

– Den verda som vi kjenner i dag, er på mange måtar eit resultat av andre verdskrigen, seier Ulfsby og peiker blant anna på skipinga av FN og seinare det som utvikla seg til å bli EU i etterkant av andre verdskrigen. Ulfsby fortel vidare at dei ønskjer å gjere skodespelet aktuelt gjennom ulike verkemiddel.

– Vi har knytt til oss korrespondentar som er stasjonerte i ulike delar av verda, og som forklarar korleis krigen har påverka landa dei er stasjonerte i.  Det blir ikkje skyting og skyttargraver på scenen, men vi får likevel sterke forteljingar. 

Publisert 15. desember 2016 14:11.. Sist oppdatert 9. januar 2017 14:32.