Nyheter:

Jenteroller

Offentlege rollemodellar er viktige for kvinner i Forsvaret.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det meiner likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm. Ho seier ho er stolt av Forsvaret, og at ho vil ha meir av at kvinner som til dømes Iman Meskini, kjend frå NRK-serien «Skam», gir soldatar eit andlet. Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner det er viktig å hugse at samfunnsansvaret til Forsvaret ikkje berre handlar om å behalde norsk suverenitet eller forpliktingar til militære oppdrag.

– Det er ein institusjon som også representer norske verdiar og det norske demokratiet. Og det har også som mål å skape initiativrike, handlekraftige og ansvarsfulle leiarar.

Overraska. Allmenn verneplikt har likestillingsombodet kjempa for i fleire tiår, lenge før Bjurstrøm tiltredde stillinga i 2016.

– At så mange jenter har søkt seg til første-gongsteneste, var faktisk litt overraskande for meg. Men det er kanskje min generasjon, der verneplikta ofte blei sedd på som eit pliktår ein berre måtte ta. I dag er den situasjonen annleis, både fordi Forsvaret er annleis, og fordi nye jenteroller tillèt jenter å dyrke fleire sider av seg sjølv.

Forsvaret er likevel ikkje i mål, meiner ho.
– Av utfordringar veit vi at det framleis er ein jobb å gjere i høve til seksuell trakassering.

Stridsevne. Dei siste vekene har det gått føre seg ein debatt om fleire kvinner svekker stridsevna til Forsvaret. Forskning.no starta debatten der oberstløytnant Harald Høiback ved Forsvarets høgskole sette fram påstanden og etterlyste fleire midlar til forsking på dei fysiske evnene og prestasjonane til kvinner. Det finst ikkje noka militær grunngjeving for allmenn, kvinneleg verneplikt i Noreg, har Høiback slått fast.

– Kva tenkjer du om utspelet til Høiback – har han rett i at behovet for fysisk styrke i Forsvaret må vike for politiske mål om likestilling?

– Slik eg les denne forsvarsfaglege debatten, er han litt teoretisk og sett litt på spissen. I praksis er det vel slik i Forsvaret som elles i samfunnet at ein rekrutterer, vel ut, oppmuntrar og trenar folk inn mot dei posisjonane dei er motiverte for, og som dei kan klare å fylle.


Eksperiment.
Kriteria og grenseverdiane Forsvaret skal ha for ulike posisjonar, vil ikkje Bjurstrøm ha noka meining om.

– Det eg er sikker på, er at breidda i oppgåvene som Forsvaret skal ha, treng ulike folk med ulike eigenskapar. For meg er det da viktig at ingen vert valde bort på grunn av kjønn og fordommar knytte til kjønn.

I vår la FFI-ekspertar fram resultata frå si mangeårige forsking på kva som skal til for å rekruttere fleire kvinner til Forsvaret. Samstundes vart det retta kritikk mot at forskinga på kvinner i Forsvaret vert trappa ned. Bjurstrøm tok del i paneldebatten og uttalte at store kvinnekull i eit tradisjonelt mannsdominert miljø er et kjempestort sosialt eksperiment.

Ho utdjupar:
– Det er jo eit sceneskifte i Forsvaret som vi ikkje har sett tilsvarande til. På relativt kort tid er eit nærmast totalt mannsdominert miljø blitt eit kjønnsblanda miljø

– Eg må jo vedgå at eg ikkje på førehand kunne tenkt meg at til dømes kjønnsblanda rom skulle fungere særleg bra. Så gjennomfører ein det, og så viser det seg at det blir eit langt mindre problem enn vi skeptiske hadde trudd.

Modernisering. – Forsvaret har slite med å rekruttere og halde på kvinner. Kva er det Forsvaret har gjort feil til nå?

– Det er grunn til å tru at dette vil endre seg i og med at så mange kvinner gjennomfører førstegongsteneste. Skal Forsvaret halde på kvinnene, må dei til dømes jobbe medvite med korleis kvinner kan avstemme karriere og familieliv. 

OMBOD: Hanne Bjurstrøm er likestillingsombod og seier dei har kjempa for all- menn verneplikt lenge. FOTO: KIMM SAATVEDT
Powered by Labrador CMS