Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_1686_jaktapåpudderforum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8925Jakta på pudderForsvarskollegaer fann sams interesse i toppturar og pudder./forum-media/PubImages/Bilde 01.02.2019, 19 31 40.jpg

Har du tenestestad på Setermoen i Indre Troms, så har du samstundes tilgang til rå natur rett utanfor ytterdøra.

Veldig mange som jobbar i Forsvaret, har ofte over gjennomsnittleg interesse for å bruke denne naturen for det han er verd. Det tyder blant anna toppturar og frikøyring i mengder av snø ned fjellet igjen.

Møttest på Face

For å finne ut kor stor interessa eigentleg var på Setermoen for desse aktivitetane blei Facebook-gruppa Setermoen Straightliners oppretta 13. november 2015 av forsvarsfolk, og nå lever ho i beste velgåande – nesten berre av folk tilsette i Forsvaret. Men dei slår fast at kven som helst kan bli medlem.

Vi var ein vennegjeng som gjekk på mange toppturar saman, og vi oppdaga etter kvart at mange av kollegaene våre på Setermoen hadde dei same interessene

– Vi var ein vennegjeng som gjekk på mange toppturar saman, og vi oppdaga etter kvart at mange av kollegaene våre på Setermoen hadde dei same interessene. Så kvifor ikkje organisere oss, seier Martin Marker, som saman med blant andre Stian Larsen starta Facebook-gruppa.

 

 

forum_1686_jaktapåpudderforum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8926/forum-media/PubImages/Bilde 01.02.2019, 19 31 18 (1).jpg
forum_1686_jaktapåpudderforum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8927/forum-media/PubImages/Bilde 01.02.2019, 19 31 21.jpg
forum_1686_jaktapåpudderforum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8928/forum-media/PubImages/Bilde 14.05.2017, 20 02 16.jpg


Mange er med

Sidan da har sida berre blitt større og større, og nå er det rundt 430 medlemmer.

– Vi ønskte i starten å samle interessa på Setermoen og rundt leiren med dei vi kjende. Det skal ikkje vere noko stort opplegg, men talet på medlemmer har vakse utan at vi har promotert gruppa noko særleg. Det er meint å vere eit non-profit opplegg der vi samlar personar med same interesse, seier Marker, som inntil nyleg jobba som lagførar på Setermoen.

Nå er han kadett på krigsskolen i Oslo, men seier han vil attende til Setermoen etter utdanninga.

Vi brukar Facebook-sida til å promotere turar, dele bilete, videoar og til å gi skredvarsel

– Vi brukar Facebook-sida til å promotere turar, dele bilete, videoar og til å gi skredvarsel. Dessutan kan vitjande som kjem til Setermoen, ta kontakt med oss der dersom de ønskjer tips til turar eller vil vite om det er snøskredfare.

Berga alpinanlegg

Så langt er det blitt mange heftige turar i fjella i Nord-Noreg da spesielt i Lyngsalpane og på Senja. Men dei har også vore på utanlandstur til Canada.

Men kanskje viktigast av alt er at dei var med på å berge Steilia alpinanlegg i Bardu da bakken sto i fare for å bli stengd.

Det er ein unik kombinasjon at vi kan bruke skiheis for så å køyre ned igjen på puddersnø

– Steilia alpinanlegg er ei gøymd perle der vi har store moglegheiter til å køyre utanfor løyper på supre snøforhold. Det er ein unik kombinasjon at vi kan bruke skiheis for så å køyre ned igjen på puddersnø. For å sikre dette tilbodet har vi drive med mykje dugnad, og medlemmar jobbar frivillig som skipatruljar i bakken under opningstidene.

 

 

forum_1686_jaktapåpudderforum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8929/forum-media/PubImages/Bilde 01.02.2019, 19 31 06.jpg
forum_1686_jaktapåpudderforum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8930/forum-media/PubImages/Bilde 01.02.2019, 19 31 14 (1).jpg


Skredekspertar

Marker fortel at dei er ein hard kjerne på 20-30 personar som er veldig aktive i gruppa. Sidan fleire av dei har forsvarsbakgrunn og dermed kan mykje om å ferdast trygt i fjella, så sit dei på mykje kunnskap om til dømes snøskredfare.

Vi er veldig opptekne av dette med trygg ferdsel i fjellet. Det skal vere ein låg terskel å spørje ekspertane våre på Facebook-gruppa

– Vi er veldig opptekne av dette med trygg ferdsel i fjellet. Det skal vere ein låg terskel å spørje ekspertane våre på Facebook-gruppa, og vi har faktisk avlyst turar der vi har vore uvisse på kor trygt det er.

På mindre plassar som Setermoen legg ikkje Marker skjul på at gruppa er blitt eit viktig velferdstilbod for dei som jobbar og bur der.

– Det er kjempeviktig at vi brukar den fantastiske naturen vi har i bakgarden vår. Eg er sikker på at Setermoen Straightliners har vore med på å senke terskelen for mange til å kome seg ut på tur, slår han fast.

Publisert 6. mars 2019 13:59.. Sist oppdatert 7. mars 2019 09:53.

 

 

forum_1686_jaktapåpudderforum_400_debattmeningsfullfri/debatt-meningsfull-fritid/forum-media/PubImages/Vernepliktige_jenter_10.jpgMeningsfull tjeneste og fritidSoldatene inne til førstegangstjeneste avtjener en plikt for sitt fedreland, men hvordan ivaretas de egentlig?forum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=5137
forum_1686_jaktapåpudderforum_905_behovforoppvask/behov-for-oppvask/forum-media/PubImages/wj20180115_FOFO_Setermoen_126.jpgBehov for oppvaskSetermoen mistar toppkarakteren for plasseringa av oppvasken i messa.forum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=5138
forum_1686_jaktapåpudderforum_339_reportasjescootertur/reportasje-scootertur/forum-media/PubImages/inarisjøen%20mektig.jpgGutteturen29 år etter at de dro til Libanon, legger de ut på en strabasiøs scootertur. Det blir en reise med nordlys, reinsdyr - og mange omveier. forum_1686_jaktapåpudderhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=5139