Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

FotoikonerFotoikonerhttp://forsvaretsforum.no/Fotoikoner
Kosovokrigen<img alt="" src="/forum-media/PubImages/sp232d2e.jpg" style="BORDER:0px solid;" />KosovokrigenEi seksbarnsmor vert trøysta i gravferda til ektemannen hennar. http://forsvaretsforum.no/fotoikoner-dayna-smith
Snikskyttarane<img alt="" src="/forum-media/PubImages/sz2b7f98.jpg" style="BORDER:0px solid;" />SnikskyttaraneSnikskyttarar frå Den frie syrikse arméen i Aleppo i Syria.http://forsvaretsforum.no/fotoikoner-javier-manzano
«Bloody Saturday»<img alt="" src="/forum-media/PubImages/bloody%20saturday.jpg" style="BORDER:0px solid;" />«Bloody Saturday»Det mest publiserte biletet i Vesten frå den andre japansk-kinesiske krigen. http://forsvaretsforum.no/fotoikoner-bloody-saturday
London-bombinga<img alt="" src="/forum-media/PubImages/szc156e8.jpg" style="BORDER:0px solid;" />London-bombingaDå han kom heim, var både mora, faren og broren drepne.http://forsvaretsforum.no/fotoikoner-toni-frisell
Åtaket<img alt="" src="/forum-media/PubImages/USS_West_Virgina_(BB-48)_burning_at_Pearl_Harbor_1941.jpg" style="BORDER:0px solid;" />ÅtaketSlagskipet USS West Virginia i brann etter åtaket på Pearl Harbor.http://forsvaretsforum.no/fotoikoner-uss-west-virginia
I Hitlers badekar<img alt="" src="/forum-media/PubImages/lee%20miller%20i%20hitlers%20badekar.jpg" style="BORDER:0px solid;" />I Hitlers badekarEtter å ha fotografert frigjeringa av fangeleiren Dachau overnatta fotografene David Scherman og Lee Miller i leiligheita til Hitler. http://forsvaretsforum.no/fotoikoner-david-scherman

 

 

Åtakethttp://forsvaretsforum.no/fotoikoner-uss-west-virginia<img alt="" src="/forum-media/PubImages/USS_West_Virgina_(BB-48)_burning_at_Pearl_Harbor_1941.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Åtaket<img alt="" src="/forum-media/PubImages/USS_West_Virgina_(BB-48)_burning_at_Pearl_Harbor_1941.jpg" style="BORDER: 0px solid; "><img alt="" src="/forum-media/PubImages/USS_West_Virgina_(BB-48)_burning_at_Pearl_Harbor_1941.jpg" style="BORDER: 0px solid; ">Foto: US Navy

I BRANN: På bilete ser du slagskipet USS West Virginia i brann etter åtaket på Pearl Harbor.

​​​​Japan gjekk til åtak på USAs Stillehavsflåte primært for å setje slagskipa ut av spel.

Inga anna hending har hatt større innverknad på verdas gang i det 20. hundreåret.

Etter dette åtaket snudde opinionen i USA, og landet deltok med full styrke for å stoppe den fælslege krigføringa til aksemaktene og fascismen i Europa og Asia.

Utan deltaking frå USA kunne utfallet av 2. verdskrigen blitt eit ganske anna.


Harald Oleson vitjar mormora si i Oslo i 1937 ved eit amerikansk flåtebesøk i Skandinavia. Foto: privat. Norskætta offiser. For amerikanarane kom åtaket fullstendig overraskande. Elendig etterretning og dårleg kommunikasjon gjorde dei japanske jagarflya totalt overlegne med det resultatet at USAs stillehavsflåte vart utsletta mens han låg til kai.

Ein av soldatane om bord på slagskipet USS Oklahoma var den norskætta Harald Oleson med røter frå Jørstadmoen. Oleson var underoffiser på kanontårn nr. 4. og om bord da åtaket kom. Kanontårnet fekk ordre om bemanning, men ikkje evakueringsvarsel da fartøyet blei råka og var på veg til å søkke. Ansvarleg offiser hadde gitt beset- ninga ordre om å bemanne kanontårnet , men unnlét å gi evakueringsvarsel da fartøyet krenga over 90 grader. Sjølv hoppa offiseren over bord da han kom opp på dekk. Oleson tok ansvar og gav medsoldatane sine ordre om å kome seg ut. Han hjelpte tre skadde kameratar opp frå nivåa nedover i kanontårnet. Til slutt hoppa han sjølv over bord, utan at han eigentleg kunne symje, men som han fortalde: «eg fekk brått lære meg å symje».

Mista beina. I boka «The story of World War II» skriv forfattaren at takka vere ukjende heltar som Harald Oleson blei tapet på Oklahoma berre 448, ein tredel av besetninga på skipet.

Oleson tenestegjorde vidare på kryssaren Bir- mingham og var i kamp ved slaget om Leyte på Filippinane i juli 1944. Dette var det største sjøsla- get under den andre verdskrigen. USS Birming- ham la til hangarskipet Princeton som var bomba og sett i brann av japanske fly. I staden for å bli på sin post deltok Oleson i brannslokkingsarbeidet på hangarskipet. Ein kraftig eksplosjon råka han med full styrke og slo av begge beina. Oleson var liten av vekst og hadde alltid spøkt med at han stod på tærne for å kome inn i marinen. Nå spøkte han med sanitetsfolka mens han fekk ein kopp kaffi og sa at når han nå fekk nye bein, ville han syte for at dei blei lange nok til at han kunne nå fram til gass- pedalen på Cadillacen han skulle kjøpe.

Han døydde like etter eksplosjonen på hangardekket til USS Princeton. 

Publisert 9. desember 2016 11:00.. Sist oppdatert 9. desember 2016 14:36.