Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_1859_foreinneveeuroforum_1859_foreinneveeurohttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9173Rettsak. Advokat Ilja Novikov omringa av norsk presse i det han avslutter dagen i byretten i Moskva. Les hva vår meldar meiner om to av bøkane om Frode Berg (Foto: Tore Meek/NTB Scanpix)./forum-media/PubImages/FRODE BERG RETTSAK.jpgRettsak. Advokat Ilja Novikov omringa av norsk presse i det han avslutter dagen i byretten i Moskva. Les hva vår meldar meiner om to av bøkane om Frode Berg (Foto: Tore Meek/NTB Scanpix).

Spion for ein neve Euro

Saka kring Frode Berg vert ulikt handsama i to nye bøker, men både konkluderer med at etterretningstenesta gjorde ei svær tabbe med å sende han til Russland.
Bokomslag

Anmeldelse

"TV2 sin mann har betre kontroll på det store bilete, meiner vår meldar Asgeir Ueland om «En uvanlig spion» og Trine Hamrans «En god nordmann». "

I etterretningas grå verd er ikkje etterretningssvikt noko uvanleg.

Det kan skje på mange felt frå analyse, til system og konseptsvikt og fram til det det som vert medieoppslag – ein mislykka operasjon kor det endar med arrestasjonar. 
Fram til Frode Berg la ut sitt siste bilete på facebook og vart arrestert i Moskva i desember 2017 hadde Norge, så vidt me veit, vore skåna for nordmenn som vart arresterte på oppdrag på den andre sida av jarnteppet. Då den godt likte pensjonisten frå grensekommissariatet vart arrestert av russerana var det mange opne spørsmål, men gradvis vart det etablert at han hadde vore på kureroppdrag for Etterretningstenesta. I høve dei to forfattarane, minst fire gonger før han vart tatt av FSB.

Det store spørsmålet dei to vil koma til botn i er korleis ein mann som var godt kjent på både sider av grensa i aust kunne ta på seg slike oppdrag. Spørsmålet vart ståande utan svar, dels grunna at e-tenesta ikkje utalar seg som prinsipp og dels grunna at ein ikkje har direkte tilgang til Berg utan om nokre soundbites frå rettssalen.  Når to forfattarar skriv om same saka vert det naudsynt ein del overlapp. Hamran er lokaljournalisten som Berg fortalte om kurerturane til. Dei kjende kvarandre godt. Bogen, den garva utanriksjournalisten,  kjende òg Berg frå lengre tilbake då han tolka for grensekommisjonen.  Versjonen til Hamran er lågmælt, kritisk til e-tenesta, positiv til lokalsamfunnet i Aust-Finnmark og delvis positiv til naboen i aust. Ho rapporterer frå Noreg og skriv nært om utfordringar og problem Berg og ho hadde. Bogen let det russiske regime få passet påskrive i boka og er kritisk til e-tenesta, kritisk til manglande openheit og rapporterer frå Russland. Dimed vert hans skildringar naturleg nok meir levande. Han skriv òg ein del om gamle operasjonar inn mot Sovjet, som er kjend for dei som har lese boka til Riste og Moland, og prøver å teikne opp ein mønster med hasardspel med sivilistar.

Feminin og maskulin

Både meiner, basert på tiltalen, at målet handla om nye ubåtar som vart utvikla i Russland. Som lesar får ein ei god gjennomgang av saka frå ulike vinklar, og om ein skal generalisera er desse to bøkene ein feminin (Hamran) og ein maskulin (Bogen) versjon av saka. Reint forteljarteknisk er boka til Bogen best, medan skildringa av lokalsamfunnet i Kirkenes er best hos Hamran. Den for dei fleste ukjende dynamikken mellom sivilfolkesetnaden på både sider av den russisk-norske grensa, er ein fin undertekst til forteljinga om Berg. Til sjuande og sist vert dei to bøkene likevel eit slags pausereferat frå ein kamp som ikkje er ferdig. Det er fleire ukjende og opne spørsmål attende etter at bøkene, er lukka. Trine Hamrans bok får 3/5 stjerner av vår meldar Asgeir Ueland (Foto: Gyldendal). 

I det heile kan ein ikkje lesa desse bøkene utan at ein frå utsida sit attende med eit bilete om at e-tenesta har tatt ein for stor risiko i denne saka. 

Les ein desse to bøkene saman vil ein få eit ganske godt bilete av mannen Frode Berg og det samfunnet trøndaren slo seg ned i, Kirkenes. Skildringa til Hamran av området har ein del ekko av den klassiske dokumentarserien Finnmark mellom Øst og Vest som Knut Erik Jensen laga på 1980-talet. (Den ligg på NRK for dei som vil sjå). Hamran teiknar eit bilete av eit samfunn som framleis ser mot aust og har eit godt naboforhold til Russland. Jamvel om det har gått opp og ned i forholdet mellom Noreg og Russland, verkar det framleis som takken for frigjeringa i 1944 heng fast lokalt. Det er ikkje naudsynt slik at ein ser med same auge mot aust som e-tenesta gjer det. Sidan ein del av e-tenestas auge og øyre mot aust ligg nett her, er det òg ein slags skilnad med dei som jobbar for e-tenesta og dei lokale. For min del er denne dynamikken omtrent like spanande som sjølve saka, og fin folkeopplysning om stoda i ein stad som ligg like langt aust som Istanbul.

Den grå kritikar

Jamvel om både talar russisk, Bogen truleg best, så merkar ein at TV2 sin mann har betre kontroll på det store bilete. Han skriv om cyber og om spionar frå Den kalde krigen, og gjer nokre omvegar i jakta på kva, kor og kvifor. Ein kan ikkje seie at dei to maktar å løyse Berg-gåta, men dei underbygger sin kritikk av e-tenesta med å nytte den gamle leiaren for E-14, altså det som den gong var avdelinga frå menneskeleg etterretning, Ola Kaldager som kritikktsar. Frå hans ståstad verkar operasjonen amatøraktig og særs risikabel.

At ein skal nytte metodar frå 1900 og den gong i eit land kor sensuren av post rår og folk et av lasset er rart. 

I det heile kan ein ikkje lesa desse bøkene utan at ein frå utsida sit attende med eit bilete om at e-tenesta har tatt ein for stor risiko i denne saka. Når det er sagt er det ein del me manglar i bildet. Me veit ikkje kva som var målet utanom det russarane seier – altså ubåtar. Bogen peikar på at ingen er arresterte utanom Berg i saka, og at det dimed kan har vore eit plott for å lure den norske e-tenesta og med det audmjuke den. Ein vil som mostandar forsøke å score mest mogleg i ly av slike skandalar, og dimed vert saka aktivt nytta av russarane til å skape eit bilete av ei inkompetent norsk e-teneste. Om ein følger litt med vil ein sjå at britane gjorde det same med russarane då dei blåste identiteten til dei to agentane bak åtaket på den russiske avhopparen Skripal. Frå russisk side er det dimed formålstenleg å lekke mest mogleg kring saka.

Ansvarsfordeling

At det er slike intensjonar på den andre sida tyder ikkje naudsynt på at Berg-saka er noko anna enn ein gigantisk etterretningssvikt. Spørsmåla er om det var ein medviten operasjon frå Russland om å legge ut åte frå starten eller om det at ingen er tatt tyder på at den gamaldagse postmetoden har hatt ein annan misjon enn det det ser ut som. At ein skal nytte metodar frå 1900 og den gong i eit land kor sensuren av post rår og folk et av lasset er rart. Samstundes er det til sjuande og sist styresmaktene som er oppdragsgjevar for etterretninga. Det største spørsmålet er i kva grad regjeringa var informert og kor mykje soloinitiativ dette var frå mannen som verva Berg. 

Øystein Bogens bok får 4/5 stjernar av vår meldar Asgeir Ueland (Foto: Kagge forlag). 

Det kjem klårt fram at identiteten til sistnemnte er kjend, utan at namnet vert publisert i bøkene. 

Til sjuande og sist vert dei to bøkene likevel eit slags pausereferat frå ein kamp som ikkje er ferdig.

Ein let derimot spørsmålet mellom regjering og e-teneste ligge. Burde ein slik mislykka operasjon medføre avgang i e-teneste og i så fall på kva nivå. Det er ikkje uvanleg at leiarar for e-tenester i andre land går av i ly av mislykka operasjonar, og det skjedde jamvel med leiaren av e-tenesta og POT i skuggen av Lygren-saka. Begge dei norske etterretningsleiarane gjekk av på den i 1966.

Andre akt av tragedien til Frode Berg er venta med dommen han får i Russland. Så vert det spørsmål og tid og forhandlingar før han eventuelt vert utlevert gjennom ein slags avtale med nabolandet. Det fulle bilete rundt Forde Berg og kva motiv han hadde for å ta postoppdraget kan berre han sjølv gje. Kva som var målet for operasjonen retta mot Russland av e-tenesta vil me truleg ikkje få vite før om mange tiår. Mellombels er det mogleg å spinna eit bilete av e-tenesta som ein gjeng med amatørar frå russisk side. Det kan føre til demoralisering på den eine sida, men òg jaging mot revansj på den andre. I gråsona som etterretning er og alltid har vore er det andre reglar enn i vår trygge kvardag. Til slutt sit ein attende med spørsmålet om det som var målet for operasjonen var så strategisk viktig for Noreg og dei allierte at Frode Berg kunne leggast på offeralteret. Både Hamran og Bogen ser ut til å svara nei, men som Donald Rumsfeld sa: Det er kjende ukjende og det er ukjende ukjente. Til sjuande og sist vert spørsmålet: Kven ga ordren?

Publisert 9. april 2019 11:17.. Sist oppdatert 11. april 2019 10:03.