Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

Nordmenn blei sende i dødenNordmenn blei sende i dødenhttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/sp09e3b2(1).jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=113Mange norske motstandsfolk blei sende i døden av det svenske tryggingspolitiet.

– Et svik

Mange norske motstandsfolk blei sende i døden av det svenske tryggingspolitiet.

​– Det mest overraskande er omfanget av samarbeidet med tyskarane. Av dei fleire tusen nordmenn som flykta til Sverige under 2. verdskrigen, blei mange arresterte, avhøyrde og sende tilbake til Noreg og nye avhøyr hos Gestapo. Ferda gjekk i fleirfaldige tilfelle vidare til avrettingar eller konsentrasjonsleirar, seier Eirik Veum (41). Han fortel at det er vanskeleg å gjette nøyaktig kor mange nordmenn dette gjeld​.


Forfatter Eirik Veum er aktuell med boka «Svenskesviket»– Dei fleste blei avviste ved grensestasjonane og aldri registrerte. Det som er klart, er at tysk og norsk grensepoliti og Gestapo fleire steder stod på den andre sida av grensa og venta på dei. Dei som derimot blei utviste etter ei rettsleg handsaming, er enklare å spore. Der snakkar vi om fleire titals som blei arresterte etter at dei kom tilbake til Noreg. Mange av dei blei sende til tyske konsentrasjonsleirar eller tukthus. Av dei døydde fleire i tysk fangenskap eller blei dømde til døden og avretta.

«Under andre verdenskrig mottok Norge en uvurderlig håndsrekning fra vår nærmeste nabo. I 1944 ble det delt ut over én million suppeporsjoner på 900 steder over hele landet. Sverige mottok ca. 60 000 flyktninger. 15 000 av disse fikk militær trening i de såkalte Polititroppene. Disse var med på frigjøringen i 1945.»

Slik vert svenskehjelpa omtalt på heimesida til Voksenåsen konferansesenter. Staden blei gjeven som nasjonalgåve til Sverige ti år etter at freden kom for å fremje norsk-svensk samarbeid.

Det er nettopp på Voksenåsen vi møter NRK-journalist og forfattar Eirik Veum, aktuell med boka «Svenskesviket».

– Du tør kome hit?

– Ja, dei kjenner meg nok ikkje så godt, seier Veum og kikkar seg over skuldra.

Blei utlevert. Veum tar i boka for seg korleis grannane våre i aust svikta Noreg, spesielt under dei første krigsåra. Han utfordrar uttalte sanningar som at Noreg berre fekk hjelp av svenskane, og at svenskane tok imot alle flyktningar og hjelpte den norske motstandsrørsla.

– Det var ikkje berre sånn at nordmenn fekk hjelp. Det var mange gonger heilt motsett.

Veum meiner å ha avdekt eit omfattande og systematisk svensk-tysk samarbeid der konsekvensane var ekstreme for den norske motstandsrørsla.

– Sjølv svenske forskarar er overraska over det eg har funne ut. At nordmenn blei skulda for spionasje i Sverige og sende ut, er ikkje noko nytt. Det nye er kva som skjedde med dei som blei sende attende til Noreg. Konsekvensane var store, oftast dødelege for den enkelte. Veum har blant anna kryssjekka straffedømde i Sverige med norsk statsborgarskap opp mot norsk og tysk strafferegister.

– Kva fann du?

– Eit klart mønster. Gestapo fekk kontinuerleg informasjon om nordmenn som vert arresterte eller utviste frå Sverige. Tilbake i Noreg hadde dei oftast ikkje ein sjanse. Eg har dokumentert at fleire blei utleverte, dømde til døden og seinare avretta.

Tente seg rike. Veum skriv om korleis svenskane frakta jernmalm gjennom Sverige for levering til den tyske krigsmaskinen og om frakt av soldatar nordover til fronten. Og om korleis svenskane etter kvart snur i oppfatninga si når dei oppdagar at krigslykka snur for tyskarane.

– Men samarbeidet med tyskarane held fram. Dei siste malmtransportane skjer heilt fram til 1945. Svenskane tente seg rike på krigen.

– Kva slags alternativ hadde Sverige, dei hadde jo valt å vere nøytrale?

– Svenskane seier i dag at dei ikkje hadde noko val, og at Noreg hadde tatt det same valet som dei. Men Noreg fekk jo eit val 9. april. Svaret var nei, landet valde motstand og kamp. Sverige valde samarbeid, somme kallar det å vere medløpar. Dei tente seg rike på det og gjorde generelt som Tyskland sa, seier Veum.

– Tyskarane brukte to månader på å ta Noreg, éin dag på å ta Danmark og knapt ein telefon på å ta Sverige.

Forsoning. Ved fredsdagane i 1945 var det mange som hadde lagt Sverige for hat.

– Men så ettergir Sverige eit lån til Noreg.

Pengane var brukte til å byggje opp polititroppane. Den pengegåva gjer at stridsøksa blir graven ned, seier Veum.

– Kva tenkjer du om Sverige og Nato-diskusjonane?

– Svenskane ønskjer å stå utanfor. For Sverige har strategien fungert fram til nå. Dei var eit krigarfolk før, men er det ikkje lenger.

– Har du nokre svenske vener? Korleis reagerer dei på boka di?

– He, he. Eg har fått nokre ymtar frå Sverige om at eg fyrar opp under svenskehatet i Noreg.

– Bør eg gi boka i julegåve til min svenske svigerfar?

– He, he. Han kan jo kanskje finne noko han ikkje visste om krigen og som utfordrar synet hans på eige lands krigshistorie. ​

Publisert 8. desember 2016 17:04.. Sist oppdatert 18. januar 2017 16:39.