Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

F-Forsvarets forum nr 2-2016F-Forsvarets forum nr 2-2016http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/cathrine sandnes 19 3299.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=272

– Eit fly vi ikke har råd til

Cathrine Sandnes fryktar manglande forsvarsinteresse og nye kampfly vil knekke ryggen på Forsvaret.

​– Tidlegare kjende alle ein som hadde vore i militæret, men no er det jo færre som avtener verneplikt. Likevel har eg lenge lurt på kvifor interessa for Forsvaret, som ein viktig del av velferdsstaten, har vorte mindre hos folk flest, seier leiaren for tankesmia Manifest.

– Sjølv ser eg på Forsvaret som den ytre ramma rundt fellesskapet vårt, som ein pre- miss og sikkerheit. Men eg meiner vi lenge har hatt ei utvikling der samtalene om Forsvaret førast av spesielt interesserte, og då er det fare for å miste den demokratiske forankringa i samfunnet.

Sandnes meiner Noreg skal ha eit sterkt invasjonsforsvar, men at prioritering av kampfly vil føre til svært uheldige kutt for resten av Forsvaret.

I boka «Angrep eller forsvar» har Cathrine Sandnes og medforfattar Ingeborg Eliassen sett på korleis kampflykjøpet vil påverke Forsvaret. Dei meiner auka utgifter for bygging av ny kampflybase, uforutsigelige driftsutgifter ved eit heilt nytt fly og ein skiftande dollarkurs vil skape store vanskar for Forsvaret si evne til å løyse oppgåvene i framtida – på toppen av ein forsvarsøkonomi med svekka kjøpekraft og stort etterslep.

– Både Hæren og Sjøforsvaret vil kome til å lide sterkt som følgje av at nye fly skal prioriterast. 

Konklusjonen vår er at dette kan knekke ryggen på Forsvaret.

Ho understrekar at boka verken diskuterer Noreg sitt Nato-medlemskap eller valet av F-35 framfor dei andre flyalternativa som vart vurdert.

– Dette handlar ikkje om å vere for eller i mot valet av eit fly frå USA. Hovudpoenget vårt er at F-35 er eit fly vi ikkje har råd til.

Ho meiner kjøpet av F-35 føyer seg inn i rekkja av uheldige gigantprosjekt i offentleg regi.

– Vi ser det også til dømes ved bygging av vegar, at det er ein lei tendens til å underbudsjettere driftskostnadene. Til drifta av dei nye kampflya ser eg rett og slett ikkje kor midlane skal takast frå – sjølv om vi akkurat no har den, på papiret, mest forsvarsvenlege regjeringa på lange tider.

Sandnes meiner Forsvaret er til for å forsvare Noreg, på norsk jord, om naudsynt.

– Oppgåva vår er ikkje å kjempe stormaktene sine krigar på framand territorium, seier ho.
– Støtta til Nato er meint å sikre vår eigen tryggleik. Men eg har vore kritisk til Noreg si deltaking i Afghanistan, Irak og Libya, statar som no er heilt øydelagde, der terroristane har fått fotfeste, medan folket flyktar. Desse krigane har ikkje gjort verda tryggare.

Sandnes meiner Noreg kan yte støtte til Nato på andre måtar enn med kampfly. Ho er svært positiv til nye ubåtar for å erstatte Ula-klassen.

– Ut frå den geografiske plasseringa vi har, med ei lang kystlinje, ser eg ikkje noko alternativ, vi må ha ubåtar.

– Ein av konklusjonane vi sit att med etter å ha skrive denne boka, er at gapet mellom dei uttalte ambisjonane og den reelle forsvarsevna er større enn vi trudde.

Sandnes seier ho ikkje har planer om fleire bokprosjekt med det første. Ho fortel at det var krevjande å skrive bok samstundes som ho var sysselsett på fulltid i jobben som leiar av Manifest, men at ho kjende det var naudsynt.

 

.

– For folk utanfor Forsvaret er det ikkje lett å forstå korleis Noreg kan bruke mellom 40 og 50 milliardar kroner i året på forsvar og likevel få høyre at vi knapt har forsvarsevne. Eller at vi allereie brukar meir pengar på forsvar per innbyggjar enn noko anna Nato-land, men må bruke meir.

– Vi må skape forståing for den norske geografien. Vi har lang kystline og grensar til Russland. Vi treng eit anna forsvar enn til dømes Danmark. I tillegg trekkjer det norske lønnsnivået opp kostnadane. Og moderne teknologi er kostbart. 


bildetekst

Publisert 15. desember 2016 13:39.. Sist oppdatert 22. desember 2016 12:16.

 

 

La de som etterforsker ulykken gi svarene først<img alt="" src="/forum-media/PubImages/20181114JØ_1090.jpg" style="BORDER:0px solid;" />La de som etterforsker ulykken gi svarene førstNivået på debatten viser tydelige tegn på at sjøfartsnasjonen Norge er i ferd med å miste forankringen i samfunnet, skriver kommandørkaptein Daniel Thomassen. http://forsvaretsforum.no/la-de-som-etterforsker-ulykken-gi-svarene-først
En krigsslutt til ettertanke <img alt="" src="/forum-media/PubImages/WW1.4.jpg" style="BORDER:0px solid;" />En krigsslutt til ettertanke 11. november er det 100 år siden krigen tok slutt. – Hvis vi glemmer historien kan erfaringene fra første verdenskrig bli svært viktige igjen, skriver Harald Høiback. http://forsvaretsforum.no/en-krigsslutt-til-en-ettertanke
– Feil medisin for Norge<img alt="" src="/forum-media/PubImages/td43f3af.jpg" style="BORDER:0px solid;" />– Feil medisin for NorgeTrident Juncture er feil medisin, og Norge blir bare en brikke i det storpolitiske spillet, skriver Geir Hem i protestgruppe mot Nato-øvelsen.http://forsvaretsforum.no/feil-medisin-for-norge