Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

Kystvakten, KV Senja.Kystvakten, KV Senja.http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Kystvakta redning narvik.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=590Foto: Taral Jansen/Forsvaret

Vaktarane

Ny kystvaktbok inneheld dramatiske redningsaksjonar, uærlege fiskarar og kjemisk avfallshandsaming.

Januar 2014: Det er storm med orkan i kasta og elleve meter bølgjehøgd i Nordsjøen. Frakte- båten Tove får maskinproblem og blir liggjande og drive mot oljeplattformer. Da ein sivil slepe- båt har gitt opp, kjem kystvaktfartøyet Bergen til hjelp.

I halvtanna døgn slepar dei den drivande havaristen og sørgjer for at både båt og mannskap kjem trygt til land. Medalje for redningsdåd til sjøs blei tildelt skipssjefen og mannskapet på KV Bergen for den svært krevjande aksjonen.

Med om bord. Dette er ei av mange historier frå kvardagen til den norske kystvakta​Arild Inge Skram har skrevet bok om Kystvakten. som nå skal samlast mellom to permar.

– Eg har i stor grad lagt vekt på det som skjer til havs, og ønskjer å ta lesaren med om bord, vise korleis oppgåvene vert løyste til dagleg, fortel Arild Inge Skram (biletet).

Han har sjølv jobba i Kyst​vakta i mesteparten av yrkeslivet sitt. Han var øvste sjef i totalt åtte år. ​

Han har sjølv jobba i Kystvakta i mesteparten av yrkeslivet sitt. Han var øvste sjef i totalt åtte år.

Kystvaktloven. Førre boka om Kystvakta, «Havets voktere» – skriven av Jan P. Jansen og Per Christian. Blichfeldt, kom ut i 1998.

Mykje har skjedd i Kystvakta dei siste 20 åra.

– Det mest sentrale er at kystvaktloven kom, han regulerer myndigheit og oppgåver. Loven dannar grunnlaget for aktiviteten.

Boka tar hovudsakleg for seg den rolla Kystvakta speler nasjonalt. Men forfattaren viser også korleis vaktarane av kysten gjer ein uvurderleg innsats på internasjonalt nivå.

– I kvardagen samarbeider Noreg og Russland tett om fiskeriforvaltning, det vil seie ei av hovudoppgåvene for Kystvakta. I tillegg har Noreg blant anna medverka internasjonalt med innspel til ein kystvaktmodell for land på Balkan.

Syria-hjelp. Oppdraget med å frakte kjemisk avfall frå Syria er eit av dei mest spesielle opp- draga norsk kystvakt har vore med på. Kystvakta bidrar også til forsking i Arktis.

– Målgruppa er først og fremst «meinigheita», det vil seie personellet internt i Forsvaret. Men det er fint om eg også ​kan nå ei større lesargruppe, fremje litt folkeopplysning om Kystvakta.

Boka «Alltid til stede» er planlagd lansert på Sortland 4. april i år. ​

Skram gjekk av med pensjon i 2013. Nå jobbar han fulltid med å skrive bok etter at han fekk førespurnaden i slutten av 2014.

– Det er enormt mykje stoff å ta utgangspunkt i. Først og fremst har eg samla informasjon gjen nom nærmare 50 samtaler. Målet er å få fram essensen i historia og verksemda. 

Publisert 15. februar 2017 15:46..