Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2554_alltidbuddforum_2554_alltidbuddhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10248Treng fleire soldatar– I dag er beredskapen i befolkninga for dårleg fordi færre gjer militærteneste, meiner zoolog Petter Bøckman./forum-media/PubImages/PetterBøckman-19.jpg

​– La oss seie at det skjer noko dramatisk, som ein naturkatastrofe eller ein flystyrt midt i Oslo. Kor bra samfunnet taklar ein slik situasjon, er avhengig av kor bra befolkninga er budd og trent. Klarar ein å opptre disiplinert under stress, slokke brannar og utføre førstehjelp? Eg trur at god sivil beredskap er ein direkte konsekvens av at mange har vore gjennom førstegongstenesta, seier Petter Bøckman.

– Da eg var ung, var dette ei sjølvfølgje. Slik er det ikkje lenger.

Han har lagt bak seg ein travel sommar med spørsmål om ting som stikk og bit i varmen. Når nokon lurar på ting som handlar om dyr og insekt, vert ofte zoologen Bøckman kontakta. På kontoret ved Naturhistorisk museum er hyllene dekte av gamle bøker, hovudskallar, knoklar og andre restar etter dyr. Frå ein plastpose trekk han fram ei gammal beret frå Forsvaret.

– Eg fekk nesten fullt hus på IQ-testen under sesjonen. Dei ville sende meg til Marinen. Helst ville eg bli infanterist. Det var mest naturleg for ein med bakgrunn frå speidaren, seier Bøckman og plasserer bereten på hovudet.

 

 

forum_2554_alltidbuddforum_2554_alltidbuddhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10249PENGAR: – Dersom vi skal ha eit forsvar, må vi også bruke nok pengar på det, seier Petter Bøckman./forum-media/PubImages/PetterBøckman-3.jpgPENGAR: – Dersom vi skal ha eit forsvar, må vi også bruke nok pengar på det, seier Petter Bøckman.


Uklar fiende

I 1987 gjekk turen rett frå russefeiringa i Oslo til Porsangmoen leir. Der blei han innrullert i eit kompani oppretta for at finnmarkingar skulle sleppe å reise sørover på rekruttskole. Bøckman måtte tette eit av hola ettersom dei ikkje fekk fylt opp heile avdelinga med folk frå fylket. På den tida var Sovjetunionen den store frykta. Men ein merka snøgt at forholdet austover var eit litt anna blant finnmarkingane. Under ei skyteøving trente soldatane åtak mot papp-plater som skulle markere fienden.

– Ein sersjant fekk litt overtenning og ropte: «Kom igjen, skyt russaren!» Heile kompaniet stoppa opp som om nokon hadde sett på handbrekket. – Kva var det du sa? Vi skal ikkje skyte nokon russarar. Dei er ikkje fienden vår, det er like sannsynleg at vi må forsvare oss mot amerikanarane, sa finnmarkingane.

Det enda med at heile kompaniet sette seg i ring og diskuterte. Til slutt kom soldatane og sersjanten opp med eit kompromiss.

– Frå nå av skulle «FI» definerast som svenskane, ler Bøckman.

Frå nå av skulle «FI» definerast som svenskane.

Lukta av depot

Denne perioden var også prega av frykta for atomvåpen. Bøckman hadde sjølv vore aktiv i Nei til atomvåpen på vidaregåande skole. Han rekna med at det var 50/50 sjanse for at han kom til å bli vaksen på grunn av trusselen desse utgjorde.

– I Forsvaret skulle vi bygge stillingar. Dagen før hadde vi sett filmen «The day after» på Velferden. Han handlar om etterverknadene etter ein fullskala atomkrig. Da kjendest det fullstendig meiningslaust å grave infanteristillingar som likna på dei frå første verdskrigen.

På nytt stikk han handa ned i plastposen. Opp kjem ein dimmekalender, sikringsplinten frå den første handgranaten han kasta, og ein feltlue.

– Ein kan framleis kjenne depotlukta, seier han og held hovudplagget opp mot nesa.

Det er eit gammalt ordtak som seier at «ein god soldat kvilar når han kan». Det levde Bøckman etter. Men befalet såg også potensialet i den gamle speidaren. Han blei send på kurs på Evjemoen der han lærte å leie eit lag utstyrt med 84 mm rekylfri kanon.

– Carl Gustav-en, ja, seier han og blir nesten blank i auga.

– Han slo som ei slegge i magen når han blei fyrt av. Som liten fekk eg ikkje ha leikegevær, resultatet var sjølvsagt ei ofseleg våpeninteresse.

Sjølv om Bøckman blei lagførar, så var han aldri interessert i noka offisersutdanning. I staden vurderte han å melde seg til utanlandsteneste.

– Men så kom utdanning på universitetet. Dermed var løpet lagt. I ettertid er eg glad for det valet. Eg kjenner fleire som har tenestegjort i utlandet. Somme hadde ei veldig god oppleving, mens andre ikkje har det like greitt.

Som liten fekk eg ikkje ha leikegevær, resultatet var sjølvsagt ei ofseleg våpeninteresse. 

Dyr i militæret

Heime i klesskapet heng ei norsk uniform frå Napoleons tid. Bøckman har også laga ei romersk rustning som han brukar til såkalla reenactment. Det handlar om å gjenskape fortida og veldig ofte militærhistorie og store slag.

– Rustninga er overraskande komfortabel. Eg kjenner eg har fått ganske god forståing for korleis det var å vere romersk soldat. Når ein ligg i buskane og fienden ruslar forbi, så er det lett å bli riven med.

Sjølv om han har ein lidenskap for militærhistorie, er det dyr som er jobben hans. Nyleg fekk Noreg besøk av kvitkvalen Hvaldimir. Lenge trudde ein at han hadde rømt frå det russiske forsvaret. Det hadde i så fall ikkje vore første gong sjøpattedyr har blitt bruka i ein militær samanheng.

– Dyr har blitt bruka i krigar sidan tidenes morgon, seier Bøckman.

– Korleis vert dyr og miljø påverka av aktivitetane til Forsvaret?

– Krig er ein miljøversting. Det er framleis område i Frankrike der ein ikkje kan røre seg på grunn av gassåtak under første verdskrigen. Når dei pløyer enkelte stader i Flandern, så vert det kalla jarnhausten. Dei får opp gamle børsepiper og granatsplintar. Men Forsvaret i seg sjølv er ikkje nødvendigvis miljøfiendtleg, seier Bøckman.

Mange av dei områda som i dag er ordentlig villmark, er nemlig område som er avsperra på grunn av militærbruk. Den einaste staden ein til dømes finn Amurleopard, er ingenmannslandet på grensa mellom Nord- og Sør-Korea.

– Ein av få stader i Noreg der dyr får vere heilt i fred, er i skytefelt. Menneske går ikkje der på grunn av fare for blindgjengarar. På den eine sida kan Forsvaret grise og forureine noko forferdeleg. På den andre sida så bidrar Forsvaret til område der det nesten ikkje ferdast folk. Og det liker jo dyra, seier han.


Forsvarsminister

Bøckman har tre barn, av dei er det eit tvillingpar. Dei har han planar om å sende i Forsvaret anten dei vil eller ikkje. Han har ein gut og to jenter og synest allmenn verneplikt er ein god idé.

– Det finst mannfolk som er fullstendig ueigna for militærteneste, og kvinner som er godt eigna. Det er nok overvekt av mannfolk som er eigna enn motsett. Men det er ingen grunn til å halde damene utanfor. Og vi veit at dei kan slåst, det ser vi på historiske eksempel blant anna frå kvinnelege pilotar og skarpskyttarar på austfronten.

– Dersom du hadde vore forsvarsminister, kva for grep ville du tatt?

– Eg ville gått til statsministeren og sagt at dersom vi skal ha eit forsvar, må vi også bruke nok pengar på det. Vi har gått bort frå eit totalforsvar til eit lite, spesialisert forsvar som er best eigna til å bli sende ut på internasjonale oppdrag. Dette er for å halde oss inne med ein del stormakter. Men dette er ubrukeleg ved ein konflikt eller krig på eiga jord, meiner Bøckman.

– Dersom det blir krig i Noreg, duger det ikkje med 200 spesialsoldatar. Ein må ha 50 000 alminnelege soldatar. Ved å auke talet på soldatar ville ein dessutan bidratt til å betre den sivile beredskapen.

– Han held dessverre ikkje mål i dag.

********

Petter Bøckman (51)
 Zoolog og Universitetslektor ved Naturhistorisk museum
 Bor på Haugerud i Oslo
 Gift, tre barn hvorav et tvillingpar

Publisert 9. september 2019 15:58.. Sist oppdatert 10. september 2019 12:47.