Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

Blinkskudd Brenna&MostueBlinkskudd Brenna&Mostuehttp://forsvaretsforum.no/forum-media/Lists/YouTubeVideoList/DispForm.aspx?ID=45https://youtu.be/OvACjqS05js

Forfattarduell

Forfattarane Sigbjørn Mostue og Johnny Brenna gjorde opp på skytebanen.

– Vi skulle nok ha tatt turen til optikar først!


Krimforfattarduoen Sigbjørn Mostue og Johnny Brenna verkar smånervøse for oppgåva som ventar på Sessvollmoen.

For tida er dei aktuelle med actionthrilleren «Operasjon Hades», den fjerde i rekkja av bøkene om dei fiktive politispanarane Tobben og Axel Th. Munthe. Sistnemndes karakter har fått bakgrunn frå Forsvarets spesialkommando med oppdrag både i Kosovo og Afghanistan før han blei politi.

– Vi visste raskt at Axel skulle ha militær røynsle sidan vi kom til å utsetje han for tøffe utfordringar i bøkene, seier Mostue.

– Han er ganske typisk for den nye generasjonen politifolk, mange har forsvarsbakgrunn, legg Brenna til.


 

 

Blinkskudd. Johnny Brenna og Sigbjørn Mostue. Blinkskudd. Johnny Brenna og Sigbjørn Mostue. http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Blinkskudd_BM_004.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1238Johnny Brenna og Sigbjørn Mostue prøver seg på skytebanen.


AG3-fingeren. Til saman har dei ein del røynsle frå skyting frå før – om enn ikkje heilt fersk våpentrening.

– HK416 er enklare å skyte med enn MP5, tenestevåpenet i politiet, konstaterer Brenna etter innskytinga.

– De skyt begge for lågt, er domen frå skyteleiar Mads Holand, da vi inspiserer testblinken.

Mostue verkar som han har middels tiltru til eigen dugleik med våpen.

– Men eg blir veldig vonbroten om eg ikkje gjer det betre enn Siv Jensen!

Skyteleiar korrigerer både Mostue og Brenna for «grovt avtrekk».

– AG3-fingeren er der tydelegvis ennå. Eg var veldig glad i det geværet altså, seier Brenna. Han tok befalsskolen for kystartilleriet i Drøbak og var fleire år i Forsvaret. Sessvollmoen er kjende trakter for den tidlegare politimannen, her har han halde kurs i sjølvforsvar for soldatar ei rekkje gonger. Mostue blei på si side dimittert etter sesjon på grunn av ulik lengd på beina.

– Eit vonbrot, eg hadde planar om befalsskole. Har alltid vore veldig interessert i våpen, dreiv med baneskyting i tenåra og har jakta ulike typar vilt.

 

 

Blinkskudd. Johnny Brenna og Sigbjørn Mostue. Blinkskudd. Johnny Brenna og Sigbjørn Mostue. http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Blinkskudd_BM_001.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1237Johnny Brenna og Sigbjørn Mostue evaluerer egen innsats på skytebanen.


God samling. Dei to får i stor grad utløp for spenningsbehovet når dei klekker ut nye plott til krimbøker. Brenna har 20 års røynsle frå Oslo-politiet, blant anna som spanar. Kjennskapen til underverda i hovudstaden sikrar truverdet i bøkene. I finalerunden er han først ut.

– Eg kjende at eg ikkje var nøgd med fleire av dei skota.

84 poeng blei den endelige poengsummen til Brenna i skytekonkurransen vår, det held til ei middels plassering.

– Men samlinga var bra, det er jo viktigast, meiner han.

– Det hjelper ikkje å ha god samling dersom du har skote ein kjeltring i beinet når du eigentleg ville råke lenger oppe på kroppen, spøker Mostue.

– Nå kjenner eg pulsen auke.

Han byter plass med Brenna på liggjeunderlaget igjen.

– Go for it! Du må heve oss, seier Brenna.

Mostue avsluttar den doble finalerunden, men er skeptisk.

– Dette var dårlege greier, for fort og mekanisk.

Tredelt. Inspeksjonen av skyteskiva viser likevel at denne gongen undervurderte han eigen innsats: 96 poeng kvalifiserer til ein førsteplass. Han må likevel delast med Lars Mytting og Nicolay Ramm som også skaut seg opp til 96 poeng.

– Nå blei dette det morosamaste intervjuet eg har gjort! seier Mostue.

– Kva ville actionhelten Axel Th. Munthe sagt om dagens resultat?

– Ikkje godt nok, han ville så klart ha skote enda betre.

– Eg skyt vel kanskje best med kanon som gamal kystartillerist, fastslår Brenna og ler. 


Publisert 20. juni 2017 10:00.. Sist oppdatert 20. juni 2017 10:00.

 

 

Finger'n på avtrekker'n<img alt="" src="/forum-media/PubImages/FingernBlink-30.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Finger'n på avtrekker'nThomas «Finger’n» Gullestad holdt hodet kaldt når det gjaldt.http://forsvaretsforum.no/finger-n-på-avtrekker-n
Støvler på bakken<img alt="" src="/forum-media/PubImages/Blinkskudd_Freddy_001.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Støvler på bakkenFreddy André Øvstegård (22) er fersk på Stortinget, men danket ut Siv Jensen på skytebanen.http://forsvaretsforum.no/støvler-på-bakken
Samling i bånn<img alt="" src="/forum-media/PubImages/20170808TDL_4631.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Samling i bånnDet gikk ikke særlig bra da Hans-Erik Dyvik Husby skulle skyte på blink.http://forsvaretsforum.no/samling-i-bånn