Nyheter:

Aktiv veteransommar

Veteransenteret i Forsvaret ligg ikkje på latsida i august.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

August startar med ope meisterskap i golf for veteranar. Det skjer på bana til Kongsvinger golfklubb .

Det er også i år mogleg å vere med på Luftslaget torsdag 1. august. Luftslaget er ei golfturnering for tilsette og pensjonistar i Luftforsvaret. Ho er også open for veteranar som er med i Veteranmeisterskapet i golf.

MC-treff

I august møtest MC-interesserte veteranar på Veteransenteret i Forsvaret. MC-treffet er gratis, ope for alle veteranar og er etter kvart blitt ein årleg tradisjon. I år er treffet frå 8. til 11. august. Treffet vert gjennomført med utgangspunkt i Veteransenteret i Forsvaret på Bæreia utanfor Kongsvinger.

MC-treffet inneheld blant anna ein langtur, kåring av finaste motorsykkel og grilling. Tradisjonelt sett er MC-treffet veldig populært og har langt fleire deltakarar enn det er kapasitet til å huse på Veteransenteret.

På slutten av sommaren arrangerer Veteransenteret sommaraktivitetar. I år kan veteranane velje mellom hestecamp, fisketur eller sykkeltur.

Tre aktivitetar

Det heile startar med ein fisketur frå 12. til 16. august. Da reiser ein til Savalen der det vert sett opp camp der ein fiskar og nyt det naturen har å by på. Sommaraktivitetsveke med hestecamp vert arrangert frå 19. til 23. august.

– Vi startar med ein dag på ridebana for at hest og ryttar skal bli kjende med kvarandre. Dagen etter rir vi ut i villmarka for å finne hola til Røvar Aron. Natteleiet er under open himmel eller i telt om naudsynt. Neste dag rir vi attende til hestesenteret der vi avsluttar campen med nokre meistringsøvingar på hesteryggen. Deltaking set føre at ein kan klare å sitje tre dagar på hesteryggen, melder Veteransenteret.

Sommaraktivitetsveke med sykkeltur vert arrangert frå 26. til 30. august. Der vert det lagt opp til ein hyggetur i rolig tempo på grusveg med tre overnattingar i telt.

– Vi ønskjer å leggje til rette for ei flott oppleving av aktivitet i friluft med godt samhald. Tilbodet er for inntil ti veteranar, helst med eigen sykkel. Ved behov har vi tre hybridsyklar som kan lånast etter avtale.

Powered by Labrador CMS