Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_1468_ag3blirdimittertetteforum_1468_ag3blirdimittertettehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=8542MOT SLUTTEN: Sidan den første AG3-en vart levert i 1967 har Kongsberg våpenfabrikk levert over 250.000 slike automatgevær. Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret/forum-media/PubImages/arkiv_fms2002_4631_document.JPGMOT SLUTTEN: Sidan den første AG3-en vart levert i 1967 har Kongsberg våpenfabrikk levert over 250.000 slike automatgevær. Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret

AG3 blir dimittert etter 50 år

Forsvaret har bestilt 11.000 nye automatgevær til Heimevernet – no blir dei siste AG3-ane til spiker.

Det er snart 53 år sidan Forsvaret avgjorde å kjøpe AG3 og 12 år sidan arvtakaren HK416 vart bestilt.

– Noko av det viktigaste er at HV no slepp å bruke ressursar på å væpne om soldatane. Dei har hatt opplæring på HK416 i førstegongstenesta og må i dag lærast opp på nytt på AG3. Frå raudpunktsikte til opne sikte med skur og korn. Dette et av dei sårt trengde treningsdagane deira, seier Rune Nesland-Steinor i Forsvarsmateriell til  Teknisk Ukeblad.

Noko av det viktigaste er at HV no slepp å bruke ressursar på å væpne om soldatane

For snart to månader sidan bestilte Forsvarsmateriell ytterlegare 11.000 HK416 frå tyske Heckler & Koch. Av desse skal om lag 7.000 gå til Heimevernet, resten går til å auke driftsreserven. Leveransen startar i år og skal gå føre seg fram til 2022. Kontrakten er verd 22 millionar euro, om lag 217 millionar kroner.

Ammunisjonsvekta på dei nye automatgeværa er halvert samanlikna med ammunisjonen som vart brukt i AG3.

Forsvarets første AG3 vart levert frå Kongsberg våpenfabrikk 15. februar 1967. Sidan vart det fram til 1974 lisensprodusert heile 253.497 slike automatgevær for Forsvaret her, ifølgje Kongsberg våpenhistoriske forening.

(©NPK)

Publisert 17. januar 2019 10:17.. Sist oppdatert 22. januar 2019 11:18.