Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_2122_tungesteginormandieeforum_2122_tungesteginormandieehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9691Tunge steg i NormandieI 2014 tok Forsvarets forum med 96 år gamle Manfred Mosberg tilbake til Sword Beach på D-dagen. Det ble eit rørande augneblikk. /forum-media/PubImages/Normandie_032 copy 3.jpg

I år markeras 75-årsdagen for landgangen i Normandie. Monrad Mosberg er 101 år gamal og bur i Tvedestrand. For fem år sida tok vi han med tilbake til Sword Beach på Normandie. Denne artikkelen vart fyrst publisert i papirutgåva av F nr. 7/8, 2014.

Sword Beach, 6. juni 1944:

Allierte styrkar stormar stranda i kuleregnet frå tyske soldatar ved Hermanville-sur-Mer. Sjøen er farga raud av blod, på invasjonsstrendene ligg døde og skadde allierte soldatar. Men også mange drukna – og lenger ut råkar ein tysk torpedo den norske jagaren KNM Svenner. Monrad Mosberg overlever den kraftige eksplosjon­en, men hamnar i det seks grader kalde vatnet. Han driv rundt i nærmare ein halv time før han er heldig og vert plukka opp i ein lettbåt og frakta vidare tilbake til England.

 

 

forum_2122_tungesteginormandieeforum_2122_tungesteginormandieehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9694/forum-media/PubImages/Normandie_045 copy 1.jpg
forum_2122_tungesteginormandieeforum_2122_tungesteginormandieehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9692/forum-media/PubImages/Normandie_028 copy 2.jpg


Sword Beach, 6. juni 2014

Monrad Mosberg ruslar på stranda han aldri nådde, tilbake ved havet der han mista 35 av sine nærmaste soldatkameratar. Han sjølv er tilbake 70 år i tid, sjølv om idyllen, solskinet og fridommen pregar den langgrunne stranda i Normandie. Mosberg tenkjer på dei mange som ikkje klarte seg da KNM Svenner blei søkkt av ein tysk torpedo i 1944. Minne dukkar opp, vanskelege minne.

– Eg orkar ikkje vere her så lenge, seier Mosberg og vil tilbake på «tryggare» grunn.

Så skjer det: Ein liten fransk gut har brukt hovudet godt. I ein tom pose for små serviettar har han fylt sand. Sand frå Sword Beach. Sand som ein gong var farga av død og liding, men som no er rein og uskuldig. Sand han tenkjer Mosberg kan ha med heim – som eit minne.

– Eg kjem aldri til å gløyme at eg fekk denne posen. Det var mitt sterkaste minne frå denne turen, seier Mosberg.

Publisert 6. juni 2019 11:04.. Sist oppdatert 6. juni 2019 11:25.

 

 

forum_2122_tungesteginormandieeforum_2120_nordmenntraffamerika/nordmenn-traff-amerikansk-ambassadør-på-omaha-beach/forum-media/PubImages/Normandie2019-dag2-9.jpgNorsk drømmemøte i NormandieFire nordmenn fikk et drømmemøte med USAs ambassadør til Norge – i jeep på historiske Omaha Beach.forum_2122_tungesteginormandieehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=5742
forum_2122_tungesteginormandieeforum_2111_veteranfantfamiliepå/veteran-fant-familie-på-minnetavle-i-normandie-før-d-dagen/forum-media/PubImages/Veteraner2019Normandie-6.jpgNorsk veteran fant familie på minnetavle i NormandieLasse Brennvall fant navnet på sin mors onkel på tavle over falne nordmenn i 2. verdenskrig.forum_2122_tungesteginormandieehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=5743
forum_2122_tungesteginormandieeforum_2011_enkrigsseilerssisteh/en-krigsseilers-siste-hilsen/forum-media/PubImages/IMG_1057.JPGEn krigsseilers siste hilsenKrigsseiler Trygve Hansen dro fra New York til London for å legge ned en siste hilsen hos skipskameratene som døde under andre verdenskrig. forum_2122_tungesteginormandieehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=5744