Nyheter:

Messetoppen inn for landing på Andøya

Siste messetest avsluttes med ei messe kor soldatene frå tid til anna får sjølve bestemme menyen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

På Andøya flystasjon går soldatar i førstegongsteneste rundt og skryter av messa. Sjeldan eller aldri er dei misnøgde med det kjøkkenet klarar å trylle fram av matrettar. Og samarbeidet med soldatane er framifrå. Det fører med seg både trivsel, god mat og god stemning.
Som om ikkje det er nok – frå tid til anna får soldatane sjølve bestemme menyen gjennom eigne forslag for ein heil månad. Det vitnar om at kjøkkenet tar kundane sine på alvor. Og saknar soldatane noko, så ordnar kjøkkenet som regel førespurnaden til neste gong.

Veldig god torsk

Soldatane på Andøya flystasjon er godt nøgde med maten og stemninga mellom dei og kjøkkenpersonalet er god.
Kjøkkensjef Thore Magnussen er som andre kjøkkensjefar opptatt av at maten blir variert, næringsrik og balansert.

Da vi vitja Andøya i slutten av november, blei det servert baconsurra torsk med rotgrønsaker og provencepoteter. Vi har ete torsk før i Forsvaret, og da vaks torskebitane i munnen i takt med tygginga.
Så vi frykta det verste ...
Men middagen denne dagen var av heilt utmerkt karakter.
Restaurant i toppklasse, faktisk. Heilt perfekt omnsbakt, perfekt smakssett og med tilbehøyr som stod til 20 i stil ved sidan av. Fleire av soldatane forsynte seg to gonger, og det er sjeldan vare når noko så keisamt som torsk står på menyen.

Fleire av soldatane forsynte seg to gonger, og det er sjeldan vare når noko så keisamt som torsk står på menyen

Fest frå havet

Vitjinga frå Messetoppen på Andøya flystasjon blei ein fest blant delikatessar frå havet. Ikkje berre var torsken på torsdagen framifrå, det var også lunsjen dagen etter, som hadde tema sjømat. Det var scampi, krabbeskjel, avocado med reker, røykelaks, rekesalat, dampa blåskjel, spansk paela og mykje anna godt. At ein toppa det heile med fersk focaccia og i tillegg har utval som dekkjer behova for dei som ikkje er fullt så glade i det havet har å by på, ja da siktar ein seg  ikkje berre inn mot toppen.
Da hamnar ein på topp.

Baconsurra torsk med rotgrønsaker og provencepoteter.

Kjøkkensjefen

Sjølv om fersk fisk kvar dag vert levert på hamna på Andøya, må kjøkkensjef Thore Magnussen kjøpe på rammeavtalen til Forsvaret – og få han levert frå leverandør i Tromsø.
– Det er ikkje det at fisken er dårleg, det er han ikkje. Men vi skulle i større grad brukt lokale råvarer når vi lagar fiskemiddagar. Eg veit at resultatet ville blitt betre med heilt fersk fisk, seier kjøkkensjefen.
Han er som andre kjøkkensjefar opptatt av at maten blir variert, næringsrik og balansert, som han seier det.
Han skal passe til alderen til soldatane og aktivitetsnivået deira.
Kva er ditt bidrag til velferd for soldatane?
Eg vonar at vi på kjøkkenet gir dei ernæringsrett inspirasjon som dei kan ta med seg vidare i livet. At dei får tankane vekk frå pizza og hamburgar, og at vi heller lagar matrettar som både er sunne, næringsriktige og ikkje minst gode. Og så vonar eg at dei bringar norsk tradisjonsmat vidare, som kjøttkaker og brun saus.

Magnussen og teamet hans er også godt kjende for å levere mat til Orion-flya. Han vert køyrd ut med bilen til kjøkkenet.
Thores Matkasse, har dei døypt den bilen, haha, seier Thore Magnussen.

 

Andøya flystasjon

TIL BORDS: 30–80 personar. Intim og lita messe som tar unna. Herleg bilete av nordlys på hovudveggen. Tommel opp.
KØ: Ingen kø som tyder noko. Tilnærma kø for å gå runde nr. to med mat. Tommel opp.
ORDEN: Svært ryddig og pent i både messa og på kjøkkenet. Treng meir plass til tørrvarer. Tommel opp.
LUNSJ: Sjømattema med mange forskjellige og smaksrike rettar. Bra at ein har mange alternativ. Tommel opp.
MIDDAG: Baconsurra torsk med Provence-poteter og omnssteikte grønsaker. Tommel opp.

 


Powered by Labrador CMS