35 soldatar drepne av jihadistar i Nigeria

Minst 35 soldatar er drepne av jihadistar i eit bakhald i det nordlege Nigeria, opplyser militære kjelder. Over 30 soldatar er sakna.

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Angrepet skjedde tysdag på ein veg 40 kilometer frå regionshovudstaden Maiduguri.

Ifølgje kjeldene var det den lokale filialen av IS som stod bak angrepet, som skjedde då soldatane var på veg tilbake til basen etter ein oppryddingsoperasjon.

Nigerias militære stadfestar angrepet og seier at 17 opprørarar vart drepne.

Rundt 36.000 menneske er drepne, og 2 millionar menneske er på flukt i samband med opprøret som Boko Haram og IS i Vest-Afrika står bak.

Powered by Labrador CMS