Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_1964_20årmednorskesoldateforum_1964_20årmednorskesoldatehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9384Norske soldater under opptøyene i landsbyen Caglavica i 2004./forum-media/PubImages/Kosovonett-3.jpgNorske soldater under opptøyene i landsbyen Caglavica i 2004.

20 år med norske soldater i Kosovo

Dersom norske soldater ikke hadde lykkes i å forsvare landsbyen Caglavica i 2004 ville dette trolig ødelagt alle sjanser for varlig fred. Det skriver Egil Daltveit som er Forsvarsattache i Beograd.

Det er 20 år sidan NATO starta "Operation Allied Force" for å stanse Milosevic-regimet sine overgrep mot befolkninga i Kosovo. Våren 1998 starta omfattande kamphandlingar i Kosovo mellom kosovoalbansk gerilja og President Slobodan Milosevic sitt regime sine militære, politi- og paramilitære styrker. Ved utgangen av 1998 hadde regimet tvunge meir enn 300,000 menneske i Kosovo til flykta frå heimane sine. Tryggingsrådet i FN fordømte fleire gongar det som skjedde og kalte det ein trussel mot internasjonal fred og tryggleik. Stormaktene, inkludert Russland, pressa på for å få ei løysing, mellom anna gjennom forhandlingar i Rambouillet i Frankrike vinteren 1999.

Oberstløytnant Egil DaltveitDå forhandlingane ikkje lukkast, tok NATO ansvar og starta "Operation Allied Force". Målet var å stanse Milosevic-regimet sine overgrep mot den sivile befolkninga, å gi flyktningar sjanse til å returnere til heimane sine, samt å gi internasjonale humanitære organisasjonar sjanse til å hjelpe, noko regimet nekta.  Operasjonen varte i 78 dagar, og i løpet av denne tida vart valden ytterlegare trappa opp av Milosevic-regimet. Meir enn halvparten av befolkninga i Kosovo vart drivne ut av landet, og meir enn 90 % var jaga bort frå heimane sine.

KFOR

Då NATO i starten av juni hadde overført tilstrekkelege styrker til Balkan til at trusselen om å gå inn med styrker på bakken var truverdig, og luftkampanjen hald fram med uforminska styrke, gav regimet til Milosevic opp.

Operasjonen oppnådde det den skulle. Rest-Jugoslavia trakk styrkene sine ut av Kosovo, regimet sin vald stansa, og flyktningane kunne koma heim igjen.

I denne situasjonen starta arbeidet til KFOR basert på eit mandat i UNSCR 1244. Denne resolusjonen fastsette ikkje ein endeleg status for Kosovo, men slo fast at det framleis var ein del av Rest-Jugoslavia, at regimet sine styrker skulle ut og kosovoalbansk gerilja avvæpnast, og at KFOR skulle vera den einaste militære styrken i Kosovo.

Valden hald fram, men no var størstedelen drap og overgrep mot politiske motstandarar internt i den albanske majoritetsbefolkninga. Men det vart også tatt delvis vilkårleg hemn mot serbarar, og ein stor del av den serbiske befolkninga i Kosovo flykta.

KFOR klarte relativt raskt å få brukbar kontroll over situasjonen, men vart i mars 2004 alvorleg utfordra av opptøyer retta mot den serbiske befolkninga. I den situasjonen viste gjorde norske soldatar saman med kollegaer frå Sverige, Finland og Irland ein innsats for å forsvare landsbyane Cagalvica og Gracanica som om den ikkje hadde lukkast, truleg hadde ført til så mykje drap og øydelegging at alle sjansar til varig fred hadde gått tapt. I 2008 erklærte Kosovo sjølvstende. Serbia, Russland og Kina var sterkt i mot, men Noreg og vel 100 andre land anerkjente landet som sjølvstendig. 

SITUASJONEN IDAG

Kva er så situasjonen i dag? Serbia har ikkje anerkjent Kosovo sitt sjølvstende, men har ført ein effektiv og stort sett vellukka kampanje for å blokkere for at Kosovo vert medlem i internasjonale organisasjonar som til dømes FN, UNESCO og Interpol. I tillegg har Serbia full politisk og økonomisk kontroll over den serbiske befolkninga gjennom parallelle strukturar til styresmaktene i Kosovo.

Serbiske representantar i nasjonalforsamlinga i Kosovo kan leggje ned veto mot alle forslag om endringar i grunnlova. Dette er fordi grunnlova krev 2/3 fleirtal både blant representantar for majoritets- og minoritetsbefolkninga. Kosovo på si side har til dømes innført straffetoll på 100 % på alle varer frå Serbia som reaksjon på at Serbia har hindra dei i å bli medlem i internasjonale organisasjonar.

 

 

forum_1964_20årmednorskesoldateforum_1964_20årmednorskesoldatehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9385Soldater trener på massetjeneste før avreise til Kosovo (Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret)/forum-media/PubImages/arkiv_frm2000_2599_document.JPGSoldater trener på massetjeneste før avreise til Kosovo (Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret)


Dei har også vedtatt å omdanne ein tryggingsstyrke, «Kosovo Security Forces,» (KSF) til ein hær. Problemet til Serbia er at KSF vert sett på som ein organisasjon som går direkte attende til den kosovoalbanske geriljaen på 1990-talet, ein gerilja som Serbia skuldar for store overgrep mot serbarar, og dei hevdar at den kan vera ein trussel mot serbisk tryggleik. Realiteten er at sjølv etter at omstillinga er ferdig om 10 år vil denne hæren vil vera så liten og så svakt utrusta at den ikkje er nokon trussel mot Serbia. Hæren i Kosovo er problematisk sett opp mot UNSCR 1244, og det er difor eit dilemma for NATO og KFOR korleis ein skal forhalde seg til den.

Kosovo er det landet i Europa som har hatt størst emigrasjon dei siste ti åra. Til trass for store fødselstal og den kanskje yngste befolkninga i Europa, har befolkninga gått ned med 15 %. Det er svært lite økonomisk verksemd som skaper verdiar i landet, og eksporten er nesten ikkje-eksisterande. Den største eksportartikkelen frå Kosovo i dag skal vera skrapmetall… Det som gjer at økonomien ikkje kollapsar er omfattande internasjonal økonomisk hjelp og svært store overføringar frå eksilbefolkninga til slektningar og vener i Kosovo. I tillegg er det ein svært omfattande svart økonomi både i Kosovo og nabolanda som også spelar ei viktig rolle.

FORHANDLINGAR

Men tyder dette at alt er negativt? Langt ifrå!!! Sjølv om det framleis er langt frå same situasjon mellom Kosovo og Serbia som mellom Noreg og Sverige, så er krig eit lite sannsynleg, men ikkje utenkjeleg, scenario. Det har vore omfattande forhandlingar mellom Kosovo og Serbia der partane har fram til ein del felles avtalar, og ein del av det dei har blitt einige om har dei også sett ut i live.

Styresmaktene i både Kosovo og Serbia har ynskje om medlemsskap i EU. Forhandlingane mellom Serbia og Kosovo dei seinare åra har vore leia av EU, og EU har vore krystallklar på at dersom konflikta mellom landa ikkje vert løyst, så kan dei ikkje bli medlemmer i EU. Det er sjølvsagt ei lang rekkje andre saker som også må avklarast før EU-medlemsskap er aktuelt. Slik situasjonen er i dag er eit av dei største håpa at EU nok ein gong gjer seg fortent til fredsprisen dei fekk i 2012 og syter for at det vert ein varig avtale mellom Serbia og Kosovo. 

 

 

forum_1964_20årmednorskesoldateforum_1964_20årmednorskesoldatehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9386/forum-media/PubImages/KosovoMood4.jpg
forum_1964_20årmednorskesoldateforum_1964_20årmednorskesoldatehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=9387/forum-media/PubImages/KosovoSkiaker001.jpg

Kva er så KFOR si rolle i dag? Styrken er på mindre enn 10 % av den som rykka inn i Kosovo i juni 1999. Men KFOR er avgjerande som garantist for tryggleiken for alle etniske grupper i Kosovo, og i ytste fall for at Serbia og Kosovo ikkje går til angrep på kvarandre. Og KFOR har stor tillit både hjå serbarar og albanarar.

Norske soldatar, som i hovudsak tenestegjorde i KFOR frå 1999-2004, vil ikkje kjenne seg heilt igjen i KFOR si rolle. Den er langt meir tilbaketrukken, i forhold til den rolla soldatane hadde den første tida.


Politiet i Kosovo løyser stort sett alle situasjonar som oppstår, og det er først når dei lokale tryggingsstyrkene ikkje er i stand til, eller ikkje har ynskje om å gjera jobben sin, at KFOR skal tre til. Med andre ord skal KFOR syte for å bli mest mogleg overflødig, og i det daglege vera relativt usynlege, men samstundes produsere beredskap som gjer at dei kan handle raskt og avgjerande med ein liten styrke dersom det skulle bli behov for det. KFOR-styrken, som i dag inkluderer tre nordmenn, har altså framleis ei viktig og langt frå enkel oppgåve. 

Publisert 6. mai 2019 14:07..