Nyheter:

Uvæpna

Den største trusselen er ikkje eit nytt terroråtak, meiner Benedicte Bjørnland. Politidirektøren er meir uroa dersom nokon klarar å råke demokratiet.

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

​– Samfunnet vårt er så robust at det vil gå vidare også etter eit terroråtak. Men dersom nokon klarar å manipulere eit demokratisk val, kan det råke oss hardt, seier Benedicte Bjørnland. 

–  Eg meiner at den mest alvorlege, langsiktige trusselen mot samfunnet vårt er den som kan true demokratiet.

Tillitsbasert samfunn.

Politidirektøren som har vore i jobben i nokre månader, meiner auka væpning ikkje er svaret på eit tøffare tryggleiksbilete.

– Vi bør framleis ha eit sivilt preg på handheving av makt i samfunnet, seier ho.

– Norsk politi er jo sivilt og i utgangspunktet uvæpna. Slik byggjer vi tillit. Eg trur tilliten til samfunnet er avhengig nettopp av dette sivile og trass alt dempa preget som politiet har, seier Bjørnland.

– Noreg er eit tillitsbasert samfunn. På slike barometer scorar vi høgt samanlikna med andre vestlege land. Utan at eg meiner vi er eit naivt folkeslag. Trass i at Noreg i 2011 opplevde ei av dei verste høgreekstreme terrorhendingane i verdshistoria på Utøya og i Regjeringskvartalet, meiner Bjørnland altså at nordmenn framleis skal kjenne seg trygge, stort sett.

– I andre vestlege land er militære styrkar i større grad synlege i bybiletet for å vareta tryggleiken til befolkninga, ser du for deg at det kan bli meir aktuelt jamvel i Noreg?

– Eg vonar eigentleg ikkje det. Så kan det hende at trusselbiletet endrar seg og vi står andsynes akutte truslar av alvorleg slag, der det er naudsynt at vi trekkjer på ressursane i Forsvaret, men så for raskt å skalere ned igjen. 

Framandkrigarar.

Heildekkjande, svarte glasflater møter deg når du entrar hovudinngangen. Men ser du éin gong til, frå skrått over gata, er det blå himmel, kvite godvêrsskyer og grøne tre som vert reflekterte i den spegelblanke fasaden på Politihuset på Majorstua. I alle høve denne dagen. Det toppmoderne bygget ligg i eit av dei tryggaste stroka i hovudstaden, tett opptil Vigelandsparken, og har eit bustadområde i bakkant.

Hovudkvarteret var nytt hausten 2015. På innsida er det like lyst, luftig og oversiktleg som fasaden utanfrå står fram mørk og lukka. Høgt der oppe held Benedicte Bjørnland til. Den 1. april i år flytta ho inn som ny politidirektør etter å ha avslutta seks år i sjefsstolen hos Politiets sikkerheitsteneste. Da ho byrja i den førre jobben, var 22. juli-rapportane om PST noko av det første ho fekk på skrivebordet sitt.

– Korleis har tryggleiksbiletet endra seg i tida etter du vart PST-sjef?

– Syria-konflikten hadde starta, men omgrepet framandkrigarar var heilt nytt. Dette ble eit taktskifte for PST at vi stod andsynes ein større kontingent med personar som hadde tilhøyr i Noreg, men som drog og slutta seg til ein terrororganisasjon. Dette har prega PST i åra etterpå. 

HV-kontakt.

Benedicte Bjørnland har bakgrunn som jurist med ei etter kvart lang fartstid i politiet. Før PST var ho blant anna fullmektig, adjutant, inspektør og politimeister i Vestfold.

– Som politimeister samhandla eg med lokalt heimevern. Hovudsakleg møtte eg befalet i HV i samband med øvingar, og det vart ei god røynsle, eg tykkjer dei var profesjonelle. – Eit godt overblikk over forsvarsgreiner og kapabilitetar fekk eg først etter sjefskurset ved Forsvarets høgskole i 2010. Ein kan ikkje unngå å bli ein forsvarsven etter det.

Benedicte Bjørnland har i fleire år figurert på lista i Kapital over dei mektigaste kvinnene i Noreg. Bladet har også påpeika at desse kvinnene ofte har ein fellesnemnar: Dei har vore med på sjefskurset i Forsvaret.

– Korleis fungerer samarbeidet mellom politi og forsvar nå?

– Eg meiner det fungerer godt, det såg vi særleg under Trident Juncture. Vi har dagleg samarbeid med Forsvaret, som grenseoppgåver og kystvakt, for å nemne noko. I tillegg trenar Beredskapstroppen til politiet og spesialstyrkane i Forsvaret jamleg saman. Ved ulike hendingar opplever vi at vi får god hjelp frå Forsvaret.

– Er grenseoppgangane mellom ansvarsområda til forsvar og politi godt nok definerte?

– Eg tykkjer at både vi i politiet og Forsvaret har ei god forståing av kva oppdraget er. Dagens trusselbilete er hybrid, så da vil det også vere gråsoner for kven sitt ansvarsområde ein er på. I eit framtidig tryggleikspolitisk bilete med ein uklar trussel bør grensene kan hende trekkjast enda tydelegare. Eg kan ikkje i dag teikne det landskapet fordi vi ikkje har røynt det ennå. Men det konvensjonelle biletet som etatane våre er bygde for, er under utvikling, trur eg.

Trident Juncture.

Ho viser til at politiet fekk øvd kapasitetane sine mot hybride truslar under Trident Juncture.

– For oss var Nato-øvinga også ei live-hending der vi brukte politistyrken til å rapportere om andre makter som opererer i Noreg nå.

– Vi må bruke dei auga og øyra vi har, til å varsle både om det situasjonsbiletet vi har i dag og i framtida, konkluderer politidirektøren.


Powered by Labrador CMS