Julekalender dag 6: Pendlaren

Frå 2010 til 2013 auka talet på pendlarar med fly med 62 prosent.

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne saken ble opprinnelig publisert ​i papirutgaven av Forsvarets forum utgave 1/2 2014. Nå publiseres den for første gang på nett, i anledning Forsvarets forums Julekalender 2019.

På berre tre år har talet på pendlarar med fly auka med 62 prosent, frå 926 med eigen pendlarprofil i 2010 til 1504 i 2013. Det viser ferske tal frå Forsvarets logistikkorganisasjon som F har fått tilgang til. Ser ein på utviklinga dei siste fem åra, er det blitt 609 fleire pendlarar med fly.

Pendlinga kostar Forsvaret mange titals millionar kroner i året, men det kostar også for den einskilde – i form av lang reiseveg og fråvær frå familie og vener.

06:10 Kristiansand

Det er ein våt og mørk januarmåndag. Oberstløytnant Jan Erik Haug låser
ytterdøra og overlèt heimeansvaret i Tyres veg til kona Ranveig. Med ein velfylt stridssekk køyrer vi ut til Kjevik flyplass. Ei ny arbeidsveke ventar i andre enden av landet, nærmare bestemt Høybuktmoen.


– Vi valde å etablere oss i Kristiansand i 1998, fordi Ranveigs jobbpermisjon var over, og dottera byrja på skolen. Sidan da har eg stort sett vore vekependlar. Dei siste åra har vi som familie flytta eit par periodar til Italia og USA. Vi har nettopp feira 20 års bryllaupsdag, og kona seier det er ein prestasjon, seier Haug ettertenksamt.

For ein oberstløytnant i Hæren er jobbmoglegheitene på Sørlandet lik null. Så no bruker 45 år gamle Haug fem timar på reisa opp til Garnisonen i Sør-Varanger, der han i fjor sommar overtok som sjef for Grensevakta. Med flybytte blir det også fem timar sørover på fredagane. Slik vil det vere for vekependlaren – i alle fall to år til.

– Da Noreg hadde ein stor mobiliseringshær, var det fleire tenestestader og meir vanleg at familien flytta saman. Eg minnest ein påstand om at ein burde «gifte seg riktig», helst med ein lærar eller sjukepleiar, som fekk jobb kvarsom helst. Kona er
korkje lærar eller helsearbeidar, no jobbar ho i offshorebransjen, på land, seier Haug.

Flybyttet på Noregs hovudflyplass går greitt, og over Midt-Noreg får passasjerane på Kirkenes-flyet ein glimt av sola. Haug bruker turen nordover til å lese.


11:00 Kirkenes flyplass

Det er vinterleg nullføre da SAS-flyet frå Oslo landar i rute.
Køyreturen inn til kontoret tar to minutt. Knapt nokon annan garnison har så kort veg til flyterminalen.

– Er det derfor det er så mange pendlarar på GSV?

– Det er ei misoppfatning at vi har så mange pendlarar. Faktisk er det berre 16 av totalt 110 stillingar, altså rundt 15 prosent. Mange bur her oppe. Men det vert kanskje oppfatta som om mange er pendlarar når både sjefen og hans nestkommanderande, operasjonssjefen og tre av fire kompanisjefar, to nestkommanderende i kompani og tre–fire troppssjefar har pendlarstatus, fortel Haug.

11:10 Høybuktmoen

Det er dei siste åra pendlinga har tatt av. Den generelle beredskapen i Forsvaret forsvann med den kalde krigen på 90-talet, det same gjorde buplikta for sjefen. For GSVs del er det berre krav om nærvær på grensa og normale vakt- og støtteordningar inne i garnisonen.


– Eg trur det kjem til å bli enda fleire pendlarar i Forsvaret. Det er fordi Forsvaret har etablert seg der berre ti prosent av befolkninga bur, og no ventar også ektefellen ein yrkeskarriere. Vi diskuterer grundig kvar gong eg søkjer ny jobb. Det er jo tre moglegheiter – pendle, dra familien med eller slutte.

– Har du vurdert å slutte?

 Mange gonger. Det er krevjande å vere pendlar både for meg og familien heime. Vi offiserar er jo alltid undervegs i eit beordrings- eller søknadssystem for å få tenesteerfaring, gjerne i «ringløypene» i Indre Troms, Østerdal garnison eller Oslo-området. Vi har bestemt oss for å bu i Kristiansand, så for meg kan det innebere ytterlegare elleve år med pendling.

– Når ein kjem på kontoret ved lunsjtider måndag og drar ved lunsjtider fredag, blir det berre tre fulle arbeidsdagar i veka. Skaper det utfordringar?

– På GSV har vi gjort nokre tillempingar, som at orienteringsmøtet på måndagar vert teke etter lunsj, og vi har ingen møte ut over normal arbeidstid. Eg er den tredje grensevaktsjefen som pendlar og har ikkje registrert misnøye blant andre samarbeidspartnarar. Og eg jobbar lange ettermiddagar og kveldar.

– Kva med familien?

– Det at eg er så langt unna, gir meg dårleg samvit. Kona tar mest ansvar heime og tykkjer med rette at det er ei stor belasting. Forutan ei dotter på 19 år har vi to gutar på 16. Familien ofrar mykje for min jobb, seier Haug, som dagleg held kontakten med dei heime i sør.

07:30 Vardø

Major Elisabeth Eikeland tuslar dei 190 meterane frå tenestebustaden til jobben som
kommandant på Vardøhus festning. Det tar eit par minutt. Da kan det hende ho tenkjer tilbake på dei ti timane ho kvar veke stod i bilkø da ho budde i Stavanger og jobba på Joint Warfare Center på Jåttå. Ho tok eit val. Saman med ungane flytta ho til tenestestaden i Fastlands-Noregs einaste arktiske by. Der reknar ho med å bli verande.

– Eg valde å flytte i 2011 fordi eg kjende eit krysspress mellom jobb og familieliv i Stavanger, fortel 46-åringen.

Familien er godt integrert i det sosiale livet i Vardø, og dei har byrja å leggje seg til finnmarksdialekt. Elisabeth er leiar i både for eldrerådet og bryteklubben.

– Mange kollegaer åtvara meg om at jobben her ikkje var det beste for karrieren min, og deira ungar ville neppe akseptert å flytte til Vardø. Men her trivst heile familien, og her blir vi verande – kanskje til eg blir pensjonist.

For Sjur på 13 går det i bryting på fritida, Njål på 15 er meir fokusert på fotball, mens Frøy på 17 er handballtrenar. Barnetalet i Vardø er så lågt at enkelte lagidrettar slit, men på den andre sida er det ein behageleg storleik på skoleklassene – 15-20 elevar på kvart klassesteg. For familien Eikeland var det også avgjerande at Vardø har vidaregåande skole.

– Vardø er ein fin stad med kjekke folk, og alle kjenner kvarandre. Eg er mykje ute med kom- pisane, seier Njål.

10:15 Vardøhus

Major Eikeland ser ut over festningsområdet. Stormflagget er heist av soldatane. Sjølv om ho har tenestegjort ni ulike stader, har ho aldri pendla. Som eineforsørgjar  er det heller ikkje mogleg å forlate ungane. Ho er eigentleg utdanna i Hæren, men konverterte til Luftforsvaret fordi det gjerne er lettare  å vere småbarnsmor i lyseblått.

No er ho militær sjef på Varangerhalvøya der ho samarbeider både med Garnisonen i Sør-Varanger på sørsida av fjorden og sjølvsagt luftradaren og Globus II, som ligg nokre lange steinkast unna festningen.

– Men Vardøhus er jo ein del av FAKT, og mine føresette er i Oslo. Fire gonger i året må eg sørover på kommandantsamlingar. Etter at eg i yngre dagar tenestegjorde i Porsanger, har eg lengta nordover. Bardufoss viste seg ikkje å vere langt nok nord, og for meg er det ope- rative hovudkvarteret i Bodø sørpå, seier ho.

Familien Eikeland treng ikkje søkje om besøksreiser sørover, dei nyttar tida i Finnmark. Mor er blitt hekta på både laksefiske og fugletitting. Vinterstid blir det nærmast daglege skiturar.

– Dei tre kommandantane før meg var alle vekependlarar. Prinsipielt meiner eg  ein militær sjef bør bu på tenestestaden, og da eg byrja i Forsvaret var det lite pendling. Eg merkar at også lokalsamfunnet set pris på at vi bur her. Men somme har byrja å spørje om vi snart skal flytte, for til sommaren har vi jo budd her i tre år, fortel ho.

Vardøhus har enno ikkje fått intranett, dei som kjem på vitjing, er heller ikkje så opptekne av SAP eller FIF. Mykje skjer i Vardø, både sivilt og militært, men ikkje minst på kulturfronten.

– Vi har årleg 28 000 turistar innom festningen,og vi samarbeider også
med ein festning i Arkhangelsk. Når kollegaene mine les e-post om livet her oppe ikkje
to i eit strategisk viktig område, utbasunerer ho.

12:00 Gardermoen

Pendlarreiser er Morten Moens domene. Pendlaradministratoren ved transportavdelinga i Forsvarets logistikk- organisasjon (FLO) har stålkontroll på 
flypendlarane.

– I 2013 registrerte vi nærmare 40 000 pendlarreiser med Norwegian, fortel Moen og legg til at snittprisen per reise er 827 kroner. Det tyder at fjorårets pendlarreiser med fly kosta Forsvaret i overkant av 32 millionar kroner. – I tillegg kommer nørmare 10 000 pendlarreiser med SAS, Widerøe og Danish Air Transport, seier Moen.
Sjølv pendlar han med bil – mellom Sarpsborg og Gardermoen.

– Eg køyrer eit par dagar i veka. Så jobbar eg nokre dagar med fjernkontor og tar langhelgar når eg kan.

– Kva er eigentleg ein pendlar?

– I Forsvaret er det ein som bur ein annan plass enn han eller ho er beordra til. Reiseavstanden må vere minimum fem mil. Og for å få pendlarprofil, må han eller ho pendle i meir enn seks månader. Det er fleire som pendlar i kortare periodar, for eksempel i samband med kurs. Dei kjem i tillegg, fortel Moen.
Han har jobba på Gardermoen sidan 2005.

– Da eg byrja her, tok vi imot tingingar på pendlarreiser på faks. Alt blei arkivert. Det var eit heilt anna system den gongen, mykje meir tungvint. I dag tingar brukarane sjølve. Vi berre kontrollerer at ting blir gjort riktig.

Moen meiner auken i talet på pendlarar blant anna kjem av regelen om at ein kan flytte til ønskt bustad etter fire års teneste. Han vart innført 1. januar 2012. 193 søknader om pendling og ønsket bustad har blitt innvilga sidan den gongen. I tillegg vert talet på pendlarar påverka når Forsvaret flyttar avdelingar.

– Vi merka det godt da Forsvarets operative hovudkvarter vart oppretta på Reitan, og da Generalinspektøren for Hæren flytta til Bardufoss.

– Rammeavtale med Norwegian skulle spare Forsvaret for pengar. Likevel bruker vi meir på pendling i dag enn vi gjorde før?

– Det stemmer, tala viser at vi reiser meir enn før rammeavtalen blei inngått. Det kjem blant anna av at fleire pendlar.


10:03 Blindern

Hos Cicero, Senter for klimagransking, har forskar Borgar Aamaas i fleire år
arbeidd med nordmenns reisevanar og kva for påverknad det har på miljøet.

– Fly og bil står for over 90 prosent av den totale på CO2-utsleppa, så kjem desse ganske likt ut per personkilometer. Men i stor høgde lagar flya også kondensstriper. Desse fører til skyformasjonar som medverkar til oppvarming. Tar ein dette med i reknestykket, så er flyet ein klimaversting, seier Aamaas.

Han har rekna på klimaeffekten for strekninga Oslo-Bardufoss som er ein av dei mest brukte pendlarrutene i Forsvaret. Tur/retur med fly for ein person tilsvarar 420 mil med bil.
– Dersom ein gjer 33 slike reiser i året, så er klimaeffekten omtrent den same som tolv års bilkøyring. Det er skyhøgt over CO2-utsleppet for ein gjennomsnittsnordmann, seier Aamaas.

Han meiner derfor at frå ein klimaståstad bør ein minske flypendlinga i størst mogleg grad. Men på den lange strekninga mellom Nord-og Sør Noreg finst det ingen andre reelle transportalternativ.

– Ein måte å løyse noko av problemet på kan vere å kjøpe klimakvotar for pendlarreisene. Ein kvote er det same som eit tonn CO2-utslepp. Det kunne vere noko å vurdere for Forsvaret. Det er eit relativt billig og enkelt tiltak slik prisane er no, seier han.

Men ifølgje statssekretær Øystein Bø kjøper ikkje forsvarssektoren klimakvotar, korkje for flyreiser eller for andre typar utslepp av klimagassar.

– Dette blei vurdert i 2007. Det blei da bestemt at det skulle kjøpast kvotar for statstilsette sine flyreiser internasjonalt, dette inkluderer også forsvarssektoren. Klimaomsyn nasjonalt vert varetekne gjennom CO2-avgifta. Det har ikkje vore endringar i den vurderinga, seier Bø.

06:00 Strømmen

Tidlegare orlogskaptein i Kystvakta, Morten Aronsen, står opp for å, dusje, ete frukost og gå på jobb.

Dei dagane han ikkje leverer dottera i barnehagen, bruker han eit kvarter på sykkel – eller sju minutt med bil på å kome seg til Forsvarets forskningsinstitutt på Kjeller. Kvart på sju er han på kontoret. Det er ein vanleg dag for Aronsen, slik han blei da han ikkje valde å pendle til Kystvakta på Sortland, som han var ein del av da dei heldt til i Oslo.

La oss seie at Aronsen la opp til pendling frå Strømmen – sjølv om kona jobbar skift og måtte bytte jobb fordi dottera ikkje kan vere aleine heime. Da ville ikkje forskaren ha kome lenger enn til tryggleikskontrollen på Gardermoen innanfor same tidsperiode om morgonen. Han ville ha vore på jobb på Sortland først to og ein halv time før han faktisk går heim frå jobb på Strømmen.

Skilnaden er ein far som er heime frå jobb kvar einaste dag, han hjelper til i huset, med maten, bleieskift og luftetur for hunden.

– Det ville blitt heilt umogleg å pendle. Vi diskuterte og vurderte det, og sjølv om Kystvakta kunne garantere kona jobb i eitt år på Sortland, var det ikkje nok til å overtyde oss om å flytte, fortel Aronsen.

15:00 Kjeller

Morten Aronsen forlèt Kjeller tidleg, som vanleg. Han kjem nemleg tidlig - og går tidleg - for å få dagen til å fungere betre med blant anna henting i barnehagen.
Han er heldig også, for er det nokon snev av kø eller trafikk, så går han den motsette vegen. 

06:20 Trondheim

Bølgjene tar godt tak i baugen til hurtigbåten til Kystekspressen. Den bryt
på toppen av skumkantane og passasjerane sig lenger og lenger ned i seta. Framleis er det litt over ein time til vi legg til kai. For dei få pendlarane som har tvinga seg opp av senga i morgontimane, er det næringslivet i Brekstad og Luftforsvarets kommande hovudbase som er endestasjonen.
Ein av dei er Bjørn Holmvik. På ein av seteradane strippar han av seg sykkelkleda. Huda går frå raudleg kuldesjokk til vinterlig kvit.

Dersom vêret ikkje hadde løya og bølgjene stilna, ville det truleg ha vore fleire med eit grønaktig skjær i andletet.

– He he. Ja, det kan bølgje ganske kraftig her, men det er sjeldan båten blir innstilt på grunn av vêret. Vi rutinerte pendlarar held oss bakarst – det er nemleg stor skilnad på korleis bølgjene råkar, seier Holmvik.

Det ei blanda velsigning, ifølgje Holmvik som er major og sjef for baseforsvarsstridsgruppe Ørland.

– Det tar omtrent tolv timer frå eg reiser frå Byåsen om morgonen til eg går inn døra heime igjen klokka seks på kvelden, seier Holmvik. Han skulle helst sett at han slapp å bruke fire timar til pendling kvar dag.

– Det er heilt klart både føremoner og ulemper ved å pendle. Men å flytte til Ørland er uaktuelt – det er for spesielt interesserte, humrar han.

Sambuaren jobbar som lege på St. Olavs hospital. Bjørn Holmvik seier at han er nøgd med at Forsvaret i stor grad er fleksibelt, og han roser arbeidsmiljøet. Likevel vedgår han at det er ei påkjenning å pendle slik han har gjort sidan 2010.

– Eg har jo valt dette «frivillig», og det er ein godt stad å jobbe, men no og da tenkjer eg at eg kunne tenkje meg å finne noko anna. 

07:30 Brekstad

Det har gått ein time og ti minutt sidan vi la frå kai i Trondheim. Kaia på Brekstad kjem til syne, og det er like før land- gang for Holmvik og resten av pendlarane.
Holmvik har ingen planar om flytte på  seg. Med barn sambuar og jobb i Trondheim vil han heller pendle enn å flytte. Det er heller ikkje jobb for partnaren i og rundt Ørland - det bør kommunen innsjå, meiner han.


– Det er ikkje så mange som vel å pendle frå Trondheim over lengre tid – enten så flyttar dei nærmare Ørland eller så sluttar dei, seier han.

Eit kvarter etter landgang, ti minutt forseinka, er han endelig på jobb innanfor gjerda på flystasjonen.

08:15 Ørland

– Vi ønskjer sjølvsagt minst mogleg pendling, for det er korkje heldig for Forsvaret eller den som pendlar.

Det seier oberstløytnant Erling Eriksen som er leiar for familieforumet på Ørland hovudflystasjon. Han reknar med at det er rundt 70 på Ørland hovudflystasjon som no pendlar. I eit møterom har han samla representantar frå familieforumet, pendlarforeininga og ein representant frå kommunen som snakkar varmt om utviklingspotensialet i nærleiken av hovudflystasjonen.

Målet er minst mogleg pendling, vekst i kommunen og at dei tilsette flyttar hit.

– Vi må skape fleire arbeidsplassar utanfor Forsvaret, byggje tett og urbant – «Brekstad City», seier Heidi Fossland.

Ho jobbar med eit utviklingsprosjekt for Bjugn og Ørland kommune.

Rolf Sivertsvik jobbar i 138 luftving og leiar Trondheimsfjord pendlerforening. Han støttar tanken om at det må bli fleire som vel å flytte nærmare hovudflystasjonen. Likevel – det må vere eit godt tilbod for dei som pendlar også.

– Vi jobbar for kortast mogleg reisetid med båten, seier Sivertsvik. 

For pendlarar med hurtigbåt er det planar om eit utbetra tilbod. Det er og planar for pendlarfly frå Bodø og Rygge frå seinsommaren og hausten2014. Folk som jobbar i luftvern og baseforsvar på Rygge vil nok nytte seg av det, men målsettinga er at dette skal være ein mellomfase. Vi ønskjer at folk skal flytte hit, seier Eriksen.

11:00 Høybuktmoen

Det er fredag. Vekependlar Haug har forlate sjefsbustaden og kontoret og står
med ein slunken stridssekk på flyplassen og ventar. Han er nesten den einaste pendlaren i uniform på SK 4473, eit fly som plar vere ganske fullt. Likevel bruker flyet å vere i rute. Trafikken over Kirkenes har auka så mykje at SAS i år vil auke talet på avgangar. Dei flyg no nesten parallelt med Norwegian.


Haug har aldri vore dagpendlar. Det trur han kan vere vel så vanskeleg, fordi ein ikkje alltid har kontroll på arbeidsdagen når ein gjer teneste i ei avdel- ing som er i nasjonale operasjonar kvar dag heile året.

– No har eg i alle høve faste avgangs- og tilkomsttider, og Kirkenes har gode flytilbod. Dei heime veit når eg kjem, seier grensevaktsjefen.

Han held til i Kirkenes omtrent kvar femte helg.

– Eg vil også slå eit slag for at Forsvaret viser fleksibilitet i høve til val av flyselskap. For somme av mine tilsette som pendlar, kan val av flyselskap innebere forskjellen på å få hente og levere barna i barnehage på måndag eller fredag, seier Haug.

– Kva er vel ikkje det verdt?

Powered by Labrador CMS