Nyheter:

Kaoskontroll

Utan kø-kaos ville Sjaluppen fått toppscore i messetesten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over syv år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Inne på orlogsstasjonen Haakonsvern er det ikkje noko tidssystem for når soldatane går for å ete. Det vil seie: det einaste systemet er at dei vert sleppte til samstundes til matsalen både til lunsj og middag.

 Kjapt inn, kjapt ut. Det gjer at køane kan bli svært lange. Inne i messa vert det opplevd som det reine kaos når soldatar på veg inn og ut gjennom den same inngangen og utgangen gjer akrobatiske øvingar for å sleppe å kollidere, velte brett eller tråkke kvarandre på beina. Alle et samstundes, og etter berre 20 minutt synest mannskapsmessa vere nesten tom.​

Hadde leiinga på Haakonsvern innført differensierte etetider, for eksempel ved å sleppe grupper av soldatar med 5-10-15 minutts mellomrom, ville kaoset vore løyst. Det veit kjøkkensjefen også.

Han har sagt ifrå fleire gonger utan å bli høyrd.

Når Sjaluppen serverer suppe, gjer ei utplassert diskokule sitt til at fleire faktisk forsyner seg av suppa.
Å ete på Sjaluppen er bra, men køen og folk i alle retningar er ikkje bra.
Når det kjem til maten, er det ingenting å utsetje på måltida vi fekk da messetesten entra Sjaluppen.

​​Kjempemat. Når det kjem til maten, er det ingenting å utsetje på måltida vi fekk da messetesten entra Sjaluppen. Han held god standard, og vi landar på fire tallerkenar, fordi vi trekkjer éin tallerken på grunn av kø-kaoset.​

Lunsjen var svært bra. Ein varmrett av pasta, salat og tilbehøyr, vanlege pålegg og svært gode og ferske rundstykke. Drikken var vatn eller mjølk.

Middagen, spagetti og kjøttsaus med riven ost og salat som tilbehøyr, var ikkje berre bra: 

Han var perfekt. Her må vi rose kjøkkenet for smakfull kjøttsaus. I tillegg gjorde det seg med eigne heimebakte og nysteikte rundsty​kke frå kjøkkenet ved sida av. Prikken over i-en var ein linsesalat etter heimelaga-prinsippet. Stort pluss for desse punkta.​

​Einige. Dei førstegongstenestegjerande på Haakonsvern er heilt samde med oss, dei gir Sjaluppen ein god 4-ar for mattilbodet og trivnad. Det som trekkjer ned for dei, er køane og kaoset. I tillegg er dei misnøgde med nokre enkeltrettar dei har fått. Men smaken er som baken: alle

 kan ikkje like alt.​



er: 

Det fortel kjøkkensjef Johs Stormark (biletet), som har 40 års teneste bak seg på diverse kjøkken i Forsvaret. Dei 30 siste har han vore på Haakonsvern og Sjaluppen.

Kjøkkensjefen, som blir pensjonist neste år, fortel at de nøye set saman årsmenyar for å få til best mogleg matvelferd for sol​datane.

– Men det er strenge rammer i budsjetta. Vi skulle gjerne laga enda betre matvelferd, fortel Stormark.

– Kva med køane?

– Det er eit problem at alle kjem samstundes, og at alle skal gå samstundes. Dette har vi bede om få løyst tidlegare utan å bli høyrde.

– Og kaoset av soldatar i alle retningar vil du gjere noko med?​

​– Det blir sånn når alle kjem likt. Somme blir ferdige først og må gå ut der andre framleis står i kø for å kome inn. Vi ønskjer oss ein ny utgang frå messa, så slepp vi dette. Teikningane ligg klare, men det gjer nok ikkje pengane, seier han.​​

HAAKONSVERN
Folk til bords600-700. Plass til alle som kjem. ​
Kø​

Jepp, i mengder. Sørg for å få differen​​​si​erte etetider. ​

Orden​Noko søl, men bra orden trass i kaos. ​
LunsjVarmret av pasta, normalt tilbod elles. Ferske rundstykke. ​
Middag​Spagetti og kjøttsaus. Heimelaga linsesalat og nysteikte rundstykke. 
KonklusjonFire tallerkar: Mykje bra! ​


Kjøkkensjef Johs Stormark
Powered by Labrador CMS