Nyheter:

Attgiving: Ein lasamålar gir ei presis attgiving av eit tysk bombefly. Henry Bennett (t.v) og Simon Owen, seier det går mykje snøggare.

Blir byggjesett

Museumsfly til Forsvaret blir leiketøy for vaksne.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein liten laserstråle råkar eit tysk bombefly frå 2. verdskrigen. Han sveipar over skroget og data samlast inn for å gi ei presis attgiving av flyet – i tre dimensjonar.

– Det tar cirka éin dag å skanne flyet, seier Henry Bennett, mens han skottar bort på lasermålaren.

– Kor mykje han kostar? Om lag 80 000 pund (rundt éin million kroner). Han måler millionar av punkt og får med seg smådetaljar som riper og små forhøgningar i skroget. Data samlast inn her, seier Bennett og peikar mot ein berbar datamaskin.

– Når vi set saman dataa til eit bilete, får vi ein 3D-modell av flyet.

Fleire vitjingar. Dei leikelystne, netthendte og tålmodige flyentusiastane er kanskje ikkje ukjende med Hornby Hobbies. Leiketøysprodusenten frå England, som har spesialisert seg på byggjesett av farkostar som flyg, går på skjener eller veg, vitjar flysamlinga til Forsvaret på Gardermoen. Det har dei gjort tidlegare også.

– Vi må halde det løynd kva for fly vi skal lage ein modell av. Det kjem ikkje på marknaden før i 2020.

Simon Owen fortel at dei sel tusenvis av modellane sine. Fly frå 2. verdskrigen har internasjonal appell, og tyske fly står særleg sterkt, fortel han. Det er leiketøy for vaksne – ofte frå 40 år og oppover.

– Det er fleire interessante fly i god stand her (Simon Owen, Airfix).
Leiketøy: Slik ser det ferdige resultatet av eit tysk bombfly ut.
Kostbart: Lasarmåleren koster omlag ein million kroner, fortel Henry Bennett.
Cockpit: Simon Owen frå England i cockpiten til eit Heinkel bombefly.

– Men det er jo yngre som byggjer også, seier Owen som er sjefsforskar i underavdelinga Airfix i Hornby Hobbies.

Tidlegare måtte dei hente fram industriteikningar og fotografere av flyet frå alle vinklar for å få best mogleg attgiving. Nå går det langt lettare.

– Dette går mykje snøggare og er også ein mykje meir presis prosess, forklarar Owen og viser til laserskannaren.

Historie. Rundt i lokala vandrar Bjørn Olsen. Pensjonisten og flyhistorikaren tykkjer det er stor stas at britane vitjar flysamlinga. Han fortel om forretningsløyndomar som ikkje må kome på avvegar. Og om flyet, ein Heinkel frå 2. verdskrigen som kom i leiketøysforretningar i fleire delar av verda etter at Hornby Hobbies laga ein modell av flyet i 2014. Historiene er mange, og han vonar vitjinga frå Storbritannia kan trekkje til seg fleire vitjande.

– Sjå her, viser Olsen og peikar mot kulehol i skroget.

Historikar: Bjørn Olsen seier dei har lagt godt til rette for besøket fra Hornby Hobbies.

– Desse tok livet av ein tysk flyskyttar da flyet vart skote på av britane og styrta i Lesjafjella i april 1940.

– Det er jo fint at dei kjem til oss. Vi har lagt mykje til rette for at det skal fungere på ein god måte. Eg bygde jo mange modellar av fly da eg var ung, held Olsen fram som fortel at flysamlinga blir kreditert på byggjerettleiingane til Hornby Hobbies.

– Det er fleire interessante fly i god stand her, føyer Simon Owen til.

– Vi kan også jobbe mykje meir uforstyrra her enn på mange andre museum.

Powered by Labrador CMS