Nyheter:

Bjørgulv Braanen har snakka varmt om Sjøheimevernet. Dei blir lagt ned. Sjølv tjenestegjorde Braanen i ein del av Forsvaret som og er historie.

Braanens forsvar

Bjørgulv Braanen vil ha eit forsvar som ikkje stolar blindt på USA.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over syv år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

​– Blir det krig, må vi forsvare oss, seier han.
– Vi kan ikkje berre vente på USA og Nato.

Det siste halvåret – i debatten rundt langtidsplanen – har redaktøren i Klassekampen vore blant dei meir profilerte. Bjørgulv Braanen (60) har skrive eit tosifra tal redaksjonelle kommentarar om Forsvaret. Han har sagt at Noreg treng Heimevernet og ein sterk hær. Og har fleire gonger stilt spørsmål ved pengebruken i Forsvaret.

Sløsing, meiner han.

– Sjå berre på Orion-flya. For kort tid sidan vart dei oppgraderte for milliardsummar. Nå treng vi dei ikkje. Og så har du kystkorvettane. Dei er jo flunkande nye, seier han.

– Eg er ikkje forsvarsekspert. Eg kan ikkje svare på om ein bør ha kavaleri i Troms. Det eg kan seie noko om, er den overordna tenkinga rundt Forsvaret. Og ho engasjerer meg. Det Klassekampen og eg er opptekne av, er nasjonal uavhengig sjølvråderett. Derfor vil vi også ha eit sterkt nasjonalt forsvar.

Eg kan ikkje svare på om ein bør ha kavaleri i Troms. Det eg kan seie noko om, er den overordna tenkinga rundt Forsvaret

Braanen kallar tenkinga rundt Forsvaret paradoksal. Sjølv om han meiner det er positivt at ein ser eit skifte mot meir territorialt forsvar igjen, synast han det går for fort.

– Det verkar som om ein legg nye strategiar og tar krappe linjeskift etter kortsiktige endringar i omkringliggjande område. Russland er eitt døme, nå er dei ein beinveges trussel. Politikken er veldig påverka av motar.

– Kva slags forsvar treng vi?

– Eit forsvar som er allsidig, og som ikkje låser seg til eitt scenario. Med langtidsplanen som er vedteken, meiner eg vi bind for mange ressursar til eitt strategisk krigsscenario: storkrig – med tidleg respons for å utløyse Nato-avtalen.

– Kva for scenario manglar?

– Vi legg lite vekt på hybridkrig. I dag verkardet som om all tenking er avhengig av USA. Eit lite land som Noreg må ha alle eventualitetar på bordet. USA er involvert over heile verda, og det er ingen garanti for at dei prioriterer oss om dei har kampar fleire stader.

​​

– Vi ser tendensar til ein meir open forsvarsdebatt, seier Braanen og trekkjer fram Robert Mood og Tormod Heier som døme.

Men han synest ikkje det er nok.

– For mye er ikkje lagt ope fram. Kvifor treng vi til dømes nye patruljefly når vi nettopp har oppgradert dei gamle? Og korleis tolkar ein eigentleg kostnadsoverslaga til F-35-flya? Eg har aldri skjønt korleis nokon klarte å rekne slik at flyet vart så mykje billigare enn det svenske, seier han.

– Det gjer det frustrerande å dekkje Forsvaret som journalist. Vi i Klassekampen har ikkje tenkt å røpe graderte løyndomar, men det offentlege treng ei motvekt. Eg tykkjer korta vert haldne for tett til brystet.

Det offentlege treng ei motvekt. Eg tykkjer korta vert haldne for tett til brystet

På 70-talet var Bjørgulv Braanen kystartillerist på Grøtsund fort utanfor Tromsø.

– Du vurderte aldri å nekte militærteneste?

– Det tenkte eg aldri på. Eg har alltid vore for eit sterkt, nasjonalt forsvar. Og eg hadde stor glede av tida i Forsvaret. Å leve tett på folk frå heile landet og frå alle typar klasse var stort. Når så mange forskjellige menneske møtest, får du ein «reality check», seier han.

Da det var igjen to månader av førstegongstenesta, vart Braanen formann i Rød Ungdom. Han flytta til Forsvarsmuseet på Akershus festning for å kombinere tenesta med leiarvervet. Braanen pussa kanonar og gjorde anna tilfeldig arbeid.

– Vurderte du å søkje deg vidare i Forsvaret?

– Nei. Eg var overvaka allereie den gongen, eg har sett mappa mi. Så eg hadde neppe hatt nokon sjanse. Befalet visste at eg var raud og «raddis», men dei var kloke leiarar som handsama soldatar med alle slags politiske oppfatningar. Eg var til og med tillitsvald ein periode. Eg minnest at fortsjefen spurde om eg kunne ta på meg nokre leiaroppgåver, men det ville eg ikkje. Eg tykte ikkje det passa seg.

– Ville du teke førstegongsteneste i dag?

– Det veit eg ikkje. Eg likte den kollektive ordninga – at alle måtte. Slik er det ikkje i dag. Men eg hadde mange år i Heimevernet – i Sinsen distrikt i Oslo. Ein gong i året drog eg på øving.

– Kva for stilling hadde du der?

– Vanleg meinig!

Powered by Labrador CMS